7. Omtale av skattereglar for kooperativt eigd livtrygdningsaksjeselskap

       Ved lov av 23. desember 1988 fekk gjensidige livtrygdningsselskap høve til å overføre beløp som sto på sikringsfondet pr. 31. desember 1987 til eigenkapitalfondet utan at overføringa ville utløyse skatteplikt. Skattefritaket blei også gjort gjeldande for livtrygdningsaksjeselskap når alle aksjonærane i selskapet eller i det overliggjande holdingselskapet er interesseorganisasjonar eller kooperative samanslutningar.

       Då lova blei vedtatt var det berre Samvirke Livsforsikring A/S som oppfylte eigarkrava for livtrygdningsaksjeselskap. Alle aksjonærane i Samvirke sitt overliggjande holdingsselskap, Samvirkegruppen A/S, var på det tidspunktet norske interesseorganisasjonar og kooperative samanslutningar.

       Ved årsoppgjeret for 1989 overførte Samvirke Livsforsikring A/S eit større beløp frå sikringsfondet til egenkapitalfondet. I tida mellom 23. desember 1988 og overføringa frå sikringsfondet til eigenkapitalfondet var 3 svenske kjøparar, nemleg Folksam, Kooperative Forbundet og Konsumentkooperationens Pensjonstiftelse blitt aksjonærar i Samvirke Gruppen A/S med 25 % av aksjekapitalen.

       I Ot.prp. nr. 42 (1989-1990) , om lov om endringar i finansinstitusjonsloven 1988 og visse andre lover, av 23. mars 1990 s. 11 blei det uttalt at dei nye deleigarane i Samvirke Gruppen A/S gjorde at dei krava som lova stilte for skattefri overføring ikkje lenger var oppfylte, jf. Innst.O.nr.44 (1989-1990).

       Sommaren og hausten 1990 bestred Samvirke Forsikring, som svar på brev frå departementet, at skattefriheten skulle vere fallen bort.

       Saka blei tilrådd stilt i bero ved eit brev av 24. juni 1991 frå departementet til Samvirke, med kopi til Oslo likningskontor.

       I lys av sakens særlege karakter innhentet departementet ei uavhengig utgreiing fra advokat Per Sandvik om fortolkninga av skattelova § 51 fjerde leden fyste og annet punktum.

       På bakgrunn av utgreiinga frå advokat Sandvik og departementet si eiga fornya vurdering, er departementet sin konklusjon at overføringa av sikringsfondet til eigenkapitalfondet ikkje utløyste skatteplikt.

       Dei nye aksjonærane Folksam, Kooperative Forbundet og Konsumentkooperationens Pensjonstiftelse oppfyller dei eigarkrava som skattelova § 51 fjerde ledd stiller. Desse aksjonærane er vel forankra i svensk og dermed nordisk kooperasjon. Etter departementet si vurdering gir ikkje lova heimel til å krevje at alle eigarane er norske institusjonar.

       Etter departementet sitt syn er det såleis ikkje grunnlag for å skattleggje Samvirke Livsforsikring A/S for overføringa frå sikringsfondet til eigenkapitalfondet. I lys av utsegnene i Ot.prp. nr. 42 (1989-1990) , Innst.O.nr.44 (1989-1990) og debatten i Odelstinget 28. mai 1990 har departementet sett det naturleg å orientere Stortinget om saka.

Komiteens merknader

       Komiteen tar Regjeringens orientering til etterretning.