Innstilling frå justiskomiteen om lov om endringer i straffeloven m.m.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 34 (1994-1995)
  • Kjeldedokument: Ot.prp. nr. 4 (1994-95)
  • Dato: 23.02.1995
  • Utgjevar: justiskomiteen

1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om ei rekkje endringar av strafferettsleg og prosessuell art. Det vert m.a. gjort framlegg om ei innskjerping av forbodet mot å leiga ut husrom til bordellverksemd. Vidare vert det gjort framlegg om å presisera at rasistisk motivasjon er eit tilhøve som kan gjera at skadeverk vert sett på som grovt skadeverk. Det vert og gjort framlegg om ei viss utviding av vernet for områda ikring ambassadebygningar. Reglane om dei særskilde etterforskingsorgana i saker der politifolk er innblanda, vert noko presisert. Framgangsmåten ved munnleg forsikring vert føreslått endra noko. Etter framlegget skal vidare granskingskommisjonar vernast mot mortifikasjonssøksmål. Som ei prøveordning vert det gjort framlegg om at lensmannen skal kunna gjevast kompetanse til å vedta overføring av nokre typar straffesaker til mekling i konfliktråd. Det vert og gjort framlegg om ein eigen strafferegel for den som ved bruk av ikkje-autorisert dekodar e.l. skaffar seg sjølv eller andre tilgang til fjernsynssignal e.l. Elles vert det gjort enkelte framlegg av teknisk karakter.

       Dei ulike forslaga i proposisjonen har vore sende på høyring til ei rekkje instansar.


2. Tiltak mot utleige til bordellverksemd

       Stortinget handsama våren 1992 St.meld. nr. 23 (1991-1992) om bekjempelse av kriminalitet. I den samanhangen ba fleirtalet i justiskomiteen departementet om å vurdera eit tillegg til straffelova § 206, slik at det blei klårt at utleige av lokale til bordellverksemd kan straffast. Aktlaust lovbrot burde òg etter fleirtalet sitt syn vera omfatta av reglane.

       Allereie etter gjeldande rett vil utleige av husrom til bordellverksemd kunna rammast av regelen i § 206, men dette kan det vera vanskeleg å lesa ut av lova. I ein del høve er det vanskeleg å prova at den som leiger ut husrom veit at lokala vert brukte til bordellverksemd. Dette kan tala for at òg aktlaus utleige av husrom til slik verksemd vert gjort straffbart. I praksis skjer utleige til bordellverksemd i nokre høve gjennom fleire ledd. Skal ein kunna handheva forbodet effektivt, må og utleige som går via andre rammast.

       Dei fleste høyringsinstansane er samde i at regelen bør klargjerast. Kommunaldepartementet er skeptisk til framlegget fordi det kan skapa problem for partane i utleigetilhøve. Ein del høyringsinstansar meiner at § 206 bør vera som i dag. Sosialdepartementet peikar på at regelen ikkje bør hindra at kommunen oppfyller si plikt til å skaffa husrom. Riksadvokaten har framlegg om ein noko anna utforming av regelen.

       Departementet meiner at regelen bør klargjerast, og at Riksadvokaten sitt framlegg ikkje i naudsynt grad ivaretek dette omsynet. Den nye regelen i § 206 kan ikkje tolkast slik at kommunen vert hindra i å oppfylla sine plikter etter sosialtenestelova, og lovendringa grip ikkje inn i oppseiingsvernet etter husleigelova. Etter departementet si meining bør berre grov aktløyse rammast av regelen. Det er naturleg å ha med bot som straffealternativ, idet ein del av dei tilfella som vert ramma vil vera relativt unnskyldelege.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, viser til Innst.S.nr.192 (1991-1992) der fleirtalet i komiteen ba departementet vurdere ei tilføying til § 206 i straffelova slik at utleige av lokale til bordellverksemd vert straffa. Ein peikte òg på at straffebudet burde omfatte aktlaust lovbrot. Fleirtalet er nøgd med at departementet no fremjer ei slik lovendring, og fleirtalet meiner ei slik endring vil gjere det lettare for politi og påtalemakt å kome organisert bordell- og hallikverksemd til livs.

       Fleirtalet er einig i at lova bør presisere gjerningsskildringa, og har merka seg løysinga med eit tillegg i andre ledd.

       Fleirtalet har merka seg departementet si vurdring om at lova ikkje kan tolkast slik at kommunar er forhindra frå å oppfylle sine plikter etter lova om sosialteneste.

       Fleirtalet legg og vekt på at lovendringa ikkje er meint å gripe inn i oppseiingsvernet for leigetakarar, slik husleigelova lovfester dette.

       Fleirtalet vil peike på at lovendringa berre rammer grov aktløyse.

       Fleirtalet er samd i at bøter kan vera eit aktuelt straffealternativ ved brot på den nye lovregelen.

       Fleirtalet har og merka seg forslaget frå Riksadvokaten om at skuldkravet bør vera grov aktløyse uansett på kva måte gjerningsmannen har fremma eller utnytta ervervsmessig utukt frå andre. Fleirtalet meiner dette forslaget må vurderast nærare og ventar at Straffelovkommisjonen ser nærare på det.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet konstaterer at utleie av husrom til bordellvirksomhet rammes av reglene i straffeloven, men at det stilles krav om at utleier visste at leiligheten ble benyttet til slik virksomhet. Departementet vil nå utvide lovparagrafen slik at også grov uaktsomhet rammes av regelen. Dette medlem er imot denne lovendringen, og viser til brev til komiteen fra « Kvinnegruppa Ottar » i Oslo, som frykter at lovforslaget vil kunne føre til at utleiere kan drive overvåking/dyneløfting hos leietakerne sine. Dette medlem deler denne frykten. Det er vanskelig å tenke seg at en utleier skal kunne føle seg sikker på at leiligheten ikke blir misbrukt uten at det fører til en urimelig kontroll med leietakere, som dessuten lett kan resultere i mistenkeliggjøring og ryktespredning. Dette medlem ønsker å forskåne leietakerne fra en slik utvikling, og finner det dessuten fullstendig urimelig å forvente at en utleier skal drive kontroll med leietakerne for å påse at det ikke foregår samleier mot betaling i leilighetene.

       Dette medlem vil etter dette stemme imot forslaget til endring av straffeloven § 206.

3. Strafferettslege tiltak mot rasisme

       I utgangspunktet vert rasistisk motiverte lovbrot straffa etter same reglar som lovbrot motiverte av andre tilhøve. Strafferamma for skadeverk er fengsel inntil 1 år, medan grovt skadeverk vert straffa med fengsel inntil 4 år. Fleire moment skal takast med i vurderinga av om skadeverket er grovt, m.a. om skaden har voldt fare for nokon og omfanget av skaden. At eit skadeverk er rasistisk motivert, kan vera eit argument for å sjå det som grovt etter gjeldande rett. Departementet gjekk i høyringsnotat inn for å gjera dette klårare ved at ein tek inn uttrykket « rasistisk motivert » i regelen om grovt skadeverk på same måte som i ein del andre straffbod. Departementet peikar på at lovendringa vil markera at samfunnet ser alvorleg på denne type overgrep. Av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, er eit klårt fleirtal positive. Utanriksdepartementet peikar på at lovendringa vil vera i samsvar med våre internasjonale plikter.

       Departementet følgjer opp framlegget i proposisjonen, jf. utkastet § 292 andre ledd.

       I Dok.nr.8:14 (1992-1993) vart det gjort framlegg om å gje representative organisasjonar høve til å reisa privat straffesak ved brot på straffelova § 135 a og § 349 a og til å krevja erstatning for ikkje-økonomisk skade. Framlegga vart oversende Regjeringa til uttale og utgreiing.

       Vår strafferettspleie byggjer på det offentlegrettslege prinsippet, dvs. at straffhandhevinga er ei sak for det offentlege. Etter gjeldande rett kan private likevel reisa privat straffesak dersom ein er fornærma i saka. Føremålet med straffelova § 135 a er å verna ideelle interesser i samfunnet, ikkje private interesser. Det er såleis ikkje nokon som kan sjåast som fornærma ved brot på denne regelen. Det same gjeld ved § 349 a.

       Ved brot på straffebod der det er klårt at private partar kan reisa straffesak, er det likevel ikkje klårt at organisasjonar har slik rett dersom organisasjonen sjølv ikkje kan reknast som fornærma. Rettsstoda er noko usikker når det gjeld dette spørsmålet, men departementet meiner at organisasjonar etter gjeldande rett ikkje kan reisa privat straffesak på vegne av sine medlemer der organisasjonen sjølv ikkje vert rekna som fornærma.

       I grunngjevinga for Dok.nr.8:14 vert det peika på at det er svært sjeldan at påtalemakta har reagert ved å bringa lovbrot etter dei to paragrafane inn for domstolen.

       Dei fleste høyringsinstansane er negative til å gje organisasjonar rett til å reisa privat straffesak etter § 135 a og § 349 a. Dei viser m.a. til at det bør vera staten si oppgåve å reisa straffesak og at dette sikrar ein objektiv og sakleg vurdering av om tiltale skal reisast. Nokre høyringsinstansar fryktar at ein påtalerett for organisasjonar vil kunna bli ei sovepute for påtalemakta. Andre høyringsinstansar meiner at den som sjølv er krenka bør kunna reisa privat straffesak og at det då ikkje er naudsynt å gje private organisasjonar tilsvarande rett. Fleire høyringsinstansar peikar på at årsaka til at så mange slike saker vert lagde bort, kan liggja i det materielle innhaldet i reglane, og ikkje i påtalepraksis. Riksadvokaten går sterkt imot framlegget og meiner at ein ikkje bør innføra ein slik rett for private organisasjonar utan at det ligg føre svært tungtvegande grunnar. Riksadvokaten har bede underordna påtalemakt om å senda kopi av meldte saker samt eventuelle bortleggjingsvedtak i saker etter dei to straffereglane. Dette vil gje Riksadvokaten eit betre oversyn over korleis påtalemakta handsamar saker av denne art og gje høve til å gripa inn der bortleggjing ikkje er rett. Fleire andre av høringsinstansane peikar på høve til å klaga bortleggjing inn for overordna påtalemakt.

       Departementet meiner det vil vera uheldig å gje private organisasjonar høve til å reisa straffesak etter dei to reglane. Hovudregelen i norsk strafferett om at det er ei oppgåve for det offentlege å reisa straffesaker har gode grunnar for seg. Det er dessutan lite heldig å gje organisasjonar påtalekompetanse i nokre saker utan ei generell vurdering av spørsmålet. Når det gjeld spørsmål om påtalerett for den som er direkte krenka, er dette ikkje endeleg avklara. Straffelovkommisjonen har gjort framlegg om å utvida kretsen av fornærma i framlegget til ny straffelov. Departementet vil difor ikkje ta opp dette spørsmålet særskilt nå. Det vert etter dette ikkje gjort framlegg om endringar med sikte på å opna for private straffesaker ved brot på § 135 a og § 349 a.

       I Dok.nr.8:14 vart det og gjort framlegg om at representative organisasjonar skal få rett til å krevja vederlag for ikkje-økonomisk skade ved brot på dei to nemnde paragrafane. Det er i dag berre den som er krenka ved handlinga som kan krevja oppreising etter skadeserstatningslova §§ 3-5 og 3-6. Dei tradisjonelle omsyna bak oppreisningsinstituttet vil berre i avgrensa grad gjelda dersom det skal betalast vederlag til ein organisasjon som ikkje sjølv er ramma av den straffbare handlinga. Det kan òg vera uklårt kva for organisasjonar som eventuelt skal kunna tilkjennast oppreising. Dei fleste av høyringsinstansane er også negative til framlegget. Framlegget vert derfor ikkje følgt opp i proposisjonen.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er nøgd med at departementet føreslår ei endring i straffelova § 292 slik at rasistisk motivert skadeverk vert sett på som grovt skadeverk.

       Fleirtalet er elles under handsaminga av proposisjonen gjort kjend med at det er reist kritikk mot politiet sin praksis ved framandkontroll og ein er gjort merksam på dei problema mange utlendingar opplever med diskriminering på utestader. Fleirtalet ser positivt på at departementet er i ein dialog med organisasjonar o.a. som arbeider for å hindre rasisme i Noreg, som t.d. Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD), med sikte på å finne ei løysing på desse problemstillingane.

       Fleirtalet viser til Dok.nr.8:14 (1992-1993) der stortingsrepresentantene Soveig Sollie, Ragnhild Queseth Haarstad og Lisbeth Holand fremma forslag om å effektivisere lovhåndhevinga av straffelova § 135 a om forbod mot rasistisk propaganda m.v. og av forbodet i straffelova § 349 a mot nekting av varer og tenester på rasistisk grunnlag m.v.

       Under Stortinget si handsaming av forslaget uttalte fleirtalet i komiteen i Innst.O.nr.73 (1992-1993) m.a. at dei

       « synest at det er eit tankekors at einskildpersonar som har evne og vilje til å føre ei sak etter at dei er ærekrenkt, får eit sterkare vern enn grupper som vert utsette for nedsetjande og rasistiske ytringar. Å tryggja minoritetsgrupper mot sjikanøs og rasistisk propaganda må etter dette fleirtalet sitt syn vera ei viktig oppgåve. »

       Vidare uttalar eit fleirtal i komiteen at dei

       « ønskjer ei strengare praktisering av desse lovene. Forslaga i dette dokumentet kan vera ein veg å gå. Dette fleirtalet ønskjer desse oversendt Regjeringa for nærare vurdering og oppmoder Regjeringa til snarast å komme attende til Stortinget med naudsynte forslag til tiltak. »



       Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Framstegspartiet, registrerer at dei fleste høyringsinstansane uttalar seg negativt til framlegget i Dok.nr.8:14 (1992-1993) om framgangsmåtar for å effektivisera handhevinga av straffelova § 135 a og § 349 a. Det vert likevel med interesse registrert at fleire land med liknande reglar, deriblant Sverige, har makta å handheve reglane langt strengare enn oss.

       Dette fleirtalet har stor forståing for argumentasjonen for at det berre skal vere det offentlege og den einskilde fornærma som kan reise straffesak. Men eit slikt prinsipp medfører og at krava til påtalemakta si oppfølging er høge. Dette fleirtalet meiner at påtalemakta si praktisering av reglane må vere av ein slik art at minioritetsgrupper sitt rettsmessige krav på vern blir tatt i vare på ein tilfredsstillande måte.

       Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, viser til at sjølv om dei fleste høyringsinstansar er negative til framlegget i Dok.nr.8:14 (1992-1993), synest det å vere semje om at reglane i for liten grad vert handheva etter intensjonane. Dette fleirtalet ynskjer å understreke at det ser ut til å vere klår trong for at påtalemakta handhevar reglane strengare enn praksis i dag.

       Dette fleirtalet viser til at reglane er innførte som ein konsekvens av Noreg si ratifisering av FN-konvensjonen mot rasisme i 1970. Dette fleirtalet peikar på at Noreg ved ratifiseringa har bunde seg til definisjonen i konvensjonen av rasisme slik den går fram av konvensjonen artikkel 1: « ...enhver forskjellsbehandling, utelukkelse, innskrenking eller begunstigelse på grunn av rase, hudfarge, avstamming eller nasjonal eller etnisk opprinnelse, hvis formål eller virkning er å oppheve eller begrense anerkjennelsen av, nytelsen eller utøvelsen på like fot av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter på det politiske, økonomiske, sosiale, kulturelle eller hvilket som helst annet område av det offentlige liv ». Sett i lys av denne forståinga av omgrepet « rasisme » meiner dette fleirtalet at det er godt grunnlag for å praktisere reglane i straffelova strengare.

       Dette fleirtalet er merksam på ein mogleg konflikt mellom desse reglane og den grunnlovfesta ytringsfridomen. Det er likevel ikkje her tale om direkte motsetnad, men om å vege omsyna opp mot kvarandre. Ytringsfridomen er ikkje absolutt, dei aller fleste demokratiske statar har ein del avgrensingar i ytringsfridomen. Ytringar må som regel setjast fram i lovlege former; deltaking i ulovlege demonstrasjonar kan dermed vere straffbart. Dernest er ikkje alle ytringar lovlege; vi set straff for å distribuere visse formar for pornografi og for å bryte teieplikta. Slike reglar er det da også teke høgde for i Grunnlova § 100 andre punktum.

       Komiteens medlemmer fra Høyre kan ikke se at det foreligger tilstrekkelig grunnlag for å hevde « at reglane i for liten grad vert handheva etter intensjonane » og at det « ser ut til å vera klar trong for at påtalemakta handhevar reglane strengare enn praksis i dag ».

       Disse medlemmer mener det er grunn til å avvente resultatet av den undersøkelse som nå er iverksatt før konklusjonen trekkes.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti finner det på bakgrunn av de føringer Odelstinget ga i Innst.O.nr.73 (1992-1993) overraskende at Regjeringa hele ett og et halvt år senere ikke følger opp disse signalene, ved konkret å foreslå de lovendringer flertallet i komiteen uttalte seg positivt til.

       Dette medlem har med interesse merket seg de positive uttalelsene til forslagene fra Kommunal- og arbeidsdepartementet og fra Førstelagmannen i Gulating.

       Dette medlem vil bemerke at de momenter Justisdepartementet anfører i proposisjonen ikke var ukjente for forslagsstillerne da forslaget ble framlagt. Det er grunn til å presisere at når det gjelder brudd på straffelovens § 135a, dreier det seg ikke om uttalelser rettet mot navngitte enkeltpersoner. I slike situasjoner kommer paragrafen om ærekrenkelse til anvendelse. Dette dreier seg imidlertid om forhånende og truende uttalelser til folk som medlemmer av en gruppe, en situasjon hvor man dermed ikke har en enkelt fornærmet som kan reise sak.

       Dette medlem mener det er i slike situasjoner at behovet for at organisasjoner skal kunne reise sak, på vegne av den enkelte, klart manifesterer seg.

       Når det gjelder saker som går på ærekrenkelse, er det bare i få tilfeller saken er blitt reist ut fra allmenne hensyn. Stort sett er det den enkelte som har følt seg ærekrenket, som har reist saken.

       Dette medlem mener det er et tankekors at ressursterke privatpersoner kan reise sak når de selv føler seg ærekrenket, og i praksis får de en sterkere rettslig beskyttelse enn de utsatte gruppene som blir gjenstand for rasistiske ytringer. Beskyttelse av dem som står svakest, skulle være grunleggende i et rettssamfunn.

       Et skritt i riktig retning for å gjøre den beskyttelsen mer reell vil derfor etter dette medlem sin mening være å foreta de nødvendige lovendringer som Dok.nr.8:14 (1992-1993) fremmet forslag om, og som et flertall i Odelstinget uttalte seg svært positivt til.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er av den oppfatning at enhver form for hærverk er en forkastelig handling som ikke kan unnskyldes og som vanligvis straffes for mildt. Det er nødvendig å slå sterkere ned på personer som utøver skadeverk på andres eiendom, uavhengig av motiv. Prinsipielt mener dette medlem at det er handlingene som må straffes, og ikke motivene bak handlingene. Handlingene er konkrete og kan lett dokumenteres. Motivene bak skadeverk eller andre kriminelle handlinger blir ofte mer uklare og utgangspunkt for gjetninger og antakelser. Motivene kan likevel telle med ved vurderingen av straffeutmålingen, og vil virke straffeskjerpende eller formildende. Dette medlem konstaterer at rasistiske motiv etter gjeldende rett kan virke straffeskjerpende og føre til at hærverket blir regnet som grovt. Dette medlem er i denne sammenheng betenkt over å trekke tenkte motiver for handlingene inn i lovverkets definisjon av om handlingen er grov eller mindre grov. Dette medlem mener imidlertid at hærverk bør straffes vesentlig strengere enn i dag, enten det er rasistisk motivert, fullstendig umotivert, eller motivert ut fra personlige fordommer mot eieren av en bygning, en bil eller en gjenstand. Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om en betydelig skjerpelse av strafferammene for alle typer hærverk. »

       Dette medlem støtter departementets vurderinger av forslaget i Dok.nr.8:14 om å gi representative organisasjoner anledning til å kreve straffesak ved brudd på straffeloven § 135 a og § 349 a, og til å kreve erstatning for ikke-økonomisk skade ved brudd på disse paragrafene, og er fornøyd med at forslaget ikke blir fulgt opp.

       Dette medlem vil understreke at straffelovens § 135 a ikke må benyttes på en måte som kan komme i konflikt med Grunnlovens § 100 om ytringsfrihet, og ikke må være til hinder for at folk kan gi uttrykk for sine personlige oppfatninger av politiske og/eller religiøse spørsmål.

       Dette medlem vil ut fra ovenstående gå imot forslaget til endring av § 292 annet ledd.

       Komiteens medlemmer fra Høyre mener at det er behov for å øke straffen for alle typer hærverk. Disse medlemmer vil derfor stemme for forslaget fra Fremskrittspartiet når dette kommer til behandling i Stortinget.

4. Vern av ambassadeområde

       Straffeloven § 95 set straff for den som m.a. ulovleg trengjer seg inn i, gjer skade på eller tilsmussar bygningar eller rom som tilhøyrer ein ambassade. Ei arbeidsgruppe nedsett av Justisdepartementet har gjort framlegg om at denne regelen skal utvidast til også å verna ambassaden sitt uteområde. Framlegget vart gjort på bakgrunn av fleire åtak mot ambassadar i Oslo dei seinare åra, og for å harmonisera reglane med art. 22 i Wien-konvensjonen om diplomatisk samkvem. Alle instansar som har uttalt seg om framlegget stør dette. Departementet går også inn for å endra § 95 slik at ambassadeområda utanfor bygningane blir omfatta.

Komiteen sine merknader

       Komiteen har merka seg at straffelova § 95 andre ledd, set straff for den som ulovleg trengjer seg inn i, gjer skade på eller tilsmussar bygningar eller rom som høyrer til ein ambassade. Komiteen er samd i at ei endring av lova til også å omfatte inntrengjing i hage eller anna område rundt ambassadebygningane som ligg innanfor området til utanriksstasjonen, vil gjere det lettare for politiet å verne ambassadane.

       Komiteen viser òg til at denne lovendringa er i samsvar med artikkel 22 i Wienkonvensjonen om diplomatisk samkvem.

       Komiteen stør framlegget om endring av § 95 i straffelova.

5. Dei særskilte etterforskingsorgana

       Etterforskinga i saker der embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta er melde for å ha gjort ei straffbar handling i tenesta skal leiast av særskilde etterforskingsorgan. Det same gjeld når påtalemakta finn at det ligg føre mistanke om straffbar handling i tenesta, eller når ein mistenkt sjølv ber om etterforsking. Talet på saker har gått opp sidan ordninga vart sett i verk i 1988 medan saker om vald og ulovleg maktutøving, som var den sakstypen som i særleg grad låg til grunn for oppretting av etterforskningsorgana, har gått ned.

       Departementet ba i eit høyringsnotat høyringsinstansane om å ta stilling til val av organisasjonsmodell for slik etterforsking. Ein skisserte fem ulike modellar. Kommisjonsmodellen har som føresetnad at det vert oppretta ein kommisjon som har heile landet som sitt verkeområde. Kripos-modellen er basert på at personell frå Kripos står for den praktiske delen av etterforskinga medan settepolitiordninga byggjar på den tidlegare ordninga ved handsaming av melding om lovbrot mot politifolk. Settestatsadvokatmodellen er basert på at sakene vert overført til eit anna statsadvokatembete. Forvaltningsmodellen er ein modell der eit sentralt forvaltningsorgan står for etterforskinga av dei aktuelle sakene.

       Alle høyringsinstansane sluttar seg til departementet sin førebelse konklusjon om at ein framleis bør ha ei særskilt ordning for etterforsking av saker der embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta er mistenkte for straffbare handlingar i tenesten. Eit stort fleirtal meiner vidare at den noverande ordninga har verka etter føresetnaden. Berre tre instansar meiner at forvaltningsmodellen ville fungera betre. Departementet viser til at den noverande ordninga har fungert bra. Modellen er smidig og effektiv, og organa sin faglege kompetanse er tilfredsstillande. Departementet meiner at dagens modell bør halda fram.

       Det er berre saker som har vert avgjorde med forenkla førelegg etter vegtrafikklova eller tollova § 68 som ikkje vert omfatta av organa sitt verkeområde. Justiskomiteen viste i si Innst.O.nr.44 (1986-1987) til at det er behov for sette ei nedre grense for kva slags saker organet skal handsama. Blant høyringsinstansane er det generell semje om at arbeidsmengda i organa har vore for stor. Fleirtalet meiner at leiaren bør ha plikt til å gje innstilling om bortlegging i dei tilfella leiaren gjer det på organet sine vegne. Eit knapt fleirtal gjekk vidare inn for at organa berre skal handsama saker av ein viss alvorsgrad. Dei instansane som gjekk imot ei slik avgrensing grunngav dette med organa sin tillitsskapande funksjon, og at det ville vera vanskeleg å finne gode kriterium for ein nedre grense. Fleire av desse høyringsinstansane gjorde framlegg om at ein i staden burde vurdera å utvida sjølve bortleggingsgrunnlaget noko. Dette kan f.eks. gjerast ved at leiaren får høve til å leggja bort saker som er av bagatellmessig karakter. Departementet er skeptisk til å innføra ei formell nedre grense for saker som skal overførast til etterforskingsorgana, sjølv om saksmengda framleis er høg. Departementet går i staden inn for at leiaren i etterforskingsorganet skal kunna gjera framlegg om at ei sak skal leggjast bort fordi det ikkje er rimeleg grunn til å setja i verk etterforsking. Leiaren skal avgi ei innstilling til statsadvokaten også i dei sakene der innstillinga går ut på bortleggjing.

       Langt dei fleste høyringsinstansane har uttalt at det er viktig for organet sitt arbeid at medlemene framleis står for avhøyr. Regelen i dag er at det helst bør vera minst to medlemer til stades ved avhøyr, men dette er lite tenleg i mindre viktige saker. I likhet med høyringsinstansane går departementet inn for at leiaren skal avgjera kven i organet som skal delta ved avhøyr.

       Etter gjeldande reglar skal organet bestå av tre medlemer: Ein leiar som oppfyller vilkåra for å vera høgsterettsdommar, ein advokat med erfaring frå straffesaker og ein person med erfaring som politietterforskar. Departementet vil vurdera kva for oppnemningspraksis som bør følgjast i framtida, men eventuelle endringar bør skje innan dei rammer dagens regelverk gjev. Det er frå ymse hald reist spørsmål ved habiliteten til organ der medlemene har bakgrunn frå politi eller påtalemakt. For å imøtekoma denne kritikken går departementet inn for å endra oppnemningspraksisen slik at hovudregelen for framtida blir at det til organet vert oppnemnt helst to, men i alle fall minst eit medlem som ikkje tidlegare har arbeidd i politi eller påtalemakta.

       Fleire høyringsinstansar har peika på at i periodar med stor saksmengde bør ein nytta varamedlemer i større grad enn i dag. Departementet er einig i dette.

       Det har tidlegare vore reist spørsmål om embets- og tenestemenn som er under etterforsking bør suspenderast automatisk. Etter tenestemannslova kan ein embets- eller tenestemann fjernast mellombels frå si stilling når det er grunn til å gå ut frå at vedkommande har gjort seg skuldig i noko som kan føra til avskil. Det ligg også føre ein rett til å ta ein tenestemann mellombels ut av operativ teneste. Departementet meiner at gjeldande regler på området er tenlege og at spørsmålet om suspensjon til annan teneste må avgjerast konkret i det einskilde tilfellet.

       Etter initiativ frå Riksadvokaten føreslår departementet at det skal kunna setjast i verk etterforsking uavhengig av om det er grunn til mistanke om straffbar handling i alle tilfelle der nokon døyr eller blir alvorleg skadd som følgje av tenesteutøving eller medan nokon er teken hand om av politiet eller påtalemakta. Nesten alle høyringsinstansane har støtta framlegget. Statsadvokatane i Rogaland meiner ein ikkje berre bør konsentrera seg om omgrepet alvorleg skade, men m.a. òg leggja vekt på om det verkar truleg at ein skade er oppstått som følgje av politiet si tenestehandling, om den skadde sjølv er i stand til å ta stilling i saka, om skaden kan ha samanhang med uheldige rutinar eller om det er tale om skader som går igjen. Riksadvokaten stør desse synspunkta. Departementet meiner at alvorleg skade vil vera eit tenleg omgrep der ein og kan ta omsyn til måten skaden har skjedd på og omstenda elles. Departementet sluttar seg elles til synspunkta frå statsadvokatane i Rogaland.

       Også politihøgskulestudentar i teneste skal omfattast av den personkrinsen som kan etterforskast av dei særskilte etterforskingsorgana. Departementet meiner elles at instansar utanfor politiet som har avgrensa politimakt ikkje skal omfattast.

Komiteen sine merknader

       Komiteen har merka seg at departementet har evaluert reglane for ordninga med særskilte etterforskingsorgan slik komiteen ba om i Innst.O.nr.44 (1986-1987) og B.innst.S.nr.4 (1992-1993).

       Komiteen har vidare merka seg at fleirtalet i høyringsrunden meiner noverande ordning har virka etter intensjonane, men at det kan vere trong for justeringar innan ramma av ordningane i dag.

       Komiteen meiner at ein framleis bør ha ei særskilt ordning for etterforsking av saker der embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta er mistenkte for straffbare handlingar i tenesten, og at ordninga i dag har ei tilfredsstillande organisering.

       Komiteen har og merka seg dei ulike framlegga om endringar i reglane for dei særskilte etterforskingsorgana. Komiteen meiner fleire av endringane kjem som resultat av praktiske erfaringar, og kan ikkje sjå at viktige rettsprinsipp vert sette til side.

       Komiteen viser til at departementet vil endre rutinane for oppnemning til dei særskilte etterforskingsorgana, slik at hovedregelen blir at fortrinnsvis to, men i alle fall minst eitt medlem ikkje har arbeidd i politiet eller for påtalemakta. Komiteen meiner dette er med på å auke habiliteten til ordninga, og stør endringa.

       Komiteen viser og til framlegget om endring i straffeprosesslova § 67 om å starte etterforsking uavhengig av mistanke om straffbar handling der nokon døyr eller vert alvorleg skadde som følge av tenesteutøving frå politi eller påtalemakt, eller om nokon døyr eller vert alvoleg skadde medan dei er tekne hand om av politi eller påtalemakt. Komiteen er samd i ei slik endring, og meiner det kan vere med på å gje eit meir positivt omdøme til politi og påtalemakt hjå innbyggjarane. Komiteen er einig i at ein her ikkje berre må sjå på kor alvorlege skadane er, men og ta omsyn til korleis skaden har kome og tilhøva rundt skaden elles.

       Komiteen er samd i at loven òg skal gjelde studentar ved politihøgskulen ute i praksis og innkalla mannskap frå politireserven.

       Komiteen har merka seg at departementet ikkje vil gå inn på automatisk suspensjon av tenestemenn når ein set i gong etterforsking, men heller vurdere dette i kvart einskild tilfelle. Komiteen er samd i dette, men vil samstundes understreke at ein her må utvise stor varsemd med omsyn til omdømet til politi og påtalemakt.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Fremskrittspartiet vil vise til merknaden fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Fremskrittspartiet i Innst.S.nr.192 (1991-1992) om bekjempelse av kriminalitet der det heter:

       « Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil understreke nødvendigheten av et uhildet organ til å etterforske anklager om politivold og påstand om annen kriminell handling begått av politiet. Det er viktig at det spesielle etterforskningsorganet har en overvekt av medlemmer som ikke er eller har vært tilknyttet politiet. Det er viktig at det spesielle etterforskningsorganet får slike arbeidsbetingelser at saker kan etterforskes hurtigst mulig. Dette er særlig viktig for å styrke tilliten til politiet. »

       Disse medlemmer ser at den foreslåtte endring i reglene om sammensetningen av etterforskningsorganene ved at ett eller fortrinnsvis to av medlemmene ikke skal ha tilknytning til politi/påtalemyndigheten er et skritt i riktig retning. Disse medlemmer vil imidlertid understreke det prinsipielt viktige i at et flertall i etterforskningsorganene ikke er eller har vært ansatt i politi eller påtalemyndigheten.

6. Endring av framgangsmåten ved avgjeving av munnleg forsikring

       Enkelte trussamfunn har bede departementet om å endra lova om framgangsmåten ved forsikring for dommarar, partar, vitne m.v. slik at ein kan utelate handsopprekking, eventuelt at ein får høve til å nytta skriftleg forsikring i alle tilfelle. Departementet sende eit framlegg om at ein skal gje forsikring utan løfta høgre hand på høyring. I høyringsbrevet vart det føreslått at dette skulle gjelda generelt, og det vart også gjort framlegg om å sløyfa kravet om at forsikringa skal gjevast på ære og samvit. Etter dette blir det berre ein paragraf igjen i lova som regulerar framgangsmåten ved forsikring av 10. mai 1893 nr. 1. Ein gjer derfor framlegg om å oppheva lova og flytta den gjenverande paragrafen til domstollova. Der forsikring skal gjevast i annan samanhang enn i retten, vil dei ulike særlovene visa til regelen i domstollova.

       Eit fleirtal av høyringsinstansane sluttar seg til framlegget. Dei som går imot peikar særleg på at forsikringa i sin noverande form er naudsynt for å oppretthalda høgtida og alvoret rundt forklaringane.

       Departementet held fast på framlegget og meiner at forsikringa framleis vil vera slik at det bidrar til å understreka alvoret ved forklaringa.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, viser til at lovendringa meir går på form enn på innhald i ordninga med forsikring. Fleirtalet er samd i at det er liten grunn for å pålegge einskilde personar å gi forsikring på ein måte som strid mot deira samvit, så lenge ikkje det sentrale i ordninga med forsikring vert rørt.

       Fleirtalet vil peike på at framleis skal munnleg forsikring skje ståande. I dei tilfelle der munnleg forsikring vert nytta, skal også stadfestingsorda « Det forsikrar eg » nyttast. Den same formuleringa skal framleis vera hovudregelen når ein nyttar skriftleg forsikring. Fleirtalet fryktar av denne grunn ikkje at alvoret og høgtida rundt forsikringa blir svekka.

       Fleirtalet stør framlegga til lovendringar.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at den gamle måten å avgi muntlig forsikring på bør beholdes. Dersom avgiveren ikke lenger skal løfte høyrearmen og avgi sin forsikring på « ære og samvittighet », frykter dette medlem at det vil gå ut over høytiden og alvoret rundt forsikringene, og øke risikoen for at det blir avgitt uriktige forklaringer. Departementet bør vurdere om det eventuelt skal kunne gis dispensasjon for denne hovedregelen i helt spesielle tilfeller. Dette medlem vil på denne bakgrunn stemme imot de foreslåtte lovendringene i lovutkastet. I nr. 1 og 2 og nr. 4-11, straffeprosessloven § 131 og 311 i lovutkastet nr. 12, samt nr. 13 og 14.

7. Vitne si plikt til å oppgje bopel

       I høyringsnotatet føreslo departementet at offentlege tenestemenn som vitna i straffesaker skulle kunna oppgje tenestestad i staden for bopel. Bakgrunnen var å verna vitne mot truslar og sjikane frå tiltalte. Alle dei høyringsinstansane som har kommentert framlegget er positive. Fleire instansar peikar på at fritaksregelen bør utvidast, både slik at andre enn offentlege tenestemenn kan fritakast og kanskje òg slik at regelen gjeld i sivile saker.

       Departementet er einig i at regelen bør gjelda både offentlege tenestemenn og andre vitne. Dommaren kan likevel påleggja eit vitne å oppgje bustadadressa skriftleg til retten dersom det ikkje er praktisk å oppgje arbeidsstad. Departementet vil koma attende til spørsmålet om endringa og skal gjelda i sivile saker.

Komiteen sine merknader

       Komiteen syner til framlegget om at vitne i straffesaker kan oppgje tenestestad, framfor adresse til bustad, av omsyn til å verne vitne mot truslar og sjikane frå tiltalte. Samstundes skal dommaren likevel kunne påleggje eit vitne å oppgje bustadadressa skriftleg til retten dersom det ikkje er praktisk å oppgje arbeidsstad. Komiteen er samd i at ordninga skal gjelde både offentlege tenestemenn og andre vitne, og stør framlegget til endringar.

       Komiteen meiner argumentasjonen for endringa òg kan ha relevans i einskilde sivile saker, og ber departementet kome attende til Stortinget med framlegg om tilsvarande endring for sivile saker.


8. Granskingskommisjonar sitt vern mot mortifikasjonssøksmål

       Departementet gjer framlegg om at granskingskommisjonar blir verna mot mortifikasjonssøksmål. Mortifikasjon tyder at ei uttale blir kjend død og makteslaus, jf. straffelova § 253 nr.1.

       Etter gjeldande reglar skal kravet om mortifikasjon avvisast mellom anna der uttala det gjeld kjem fram i ein dom eller rettsleg avgjerd, eller når uttala er kome fram i ei avgjerd frå Sivilombodsmannen. Granskingskommisjonar har i dag ikkje vern mot mortifikasjonssøksmål. Medlemene vil derimot ofte sleppa straff dersom ei ærekrenking er sett fram i ein samanhang der vedkommande har vore nødt til å uttala seg. Det kan i slike tilfelle heller ikkje krevast vederlag.

       Departementet meiner det er ein viss fare for at dei mest kvalifiserte ikkje vil delta i granskingskommisjonar av frykt for at det seinare blir reist mortifikasjonssøksmål på grunn av utsegn kommisjonen har kome med. Eit resultat kan òg vera at medlemene kvier seg for å seia kva dei meiner i rapporten. Desse omsyna må vegast opp mot omsynet til dei som kjenner seg krenka av utsegna i rapporten. Det vil framleis vera mogeleg å ramma ei utsegn frå ein granskingskommisjon med straff, og er vilkåra for straff oppfylt, vil heller ikkje retten til å få utsegna mortifisert vera stengt.

       Vernet for dommarar og Sivilombodsmannen er i dag utan avgrensingar. Søksmål mot uttale som er sett fram av eit vitne under forklaring i rettsmøte m.v. kan derimot ikkje avvisast dersom retten finn at den fornærma bør få sanninga om uttala prøvd, eller at uttala ligg utanfor den aktuelle saka. Departementet meiner det er naturleg at dei same reglane som gjeld Sivilombodsmannen òg skal gjelde for granskingskommisjonar og at ein ikkje legg nokre avgrensingar i vernet mot mortifikasjonssøksmål.

       Dei aller fleste høyringsinstansar stør departementet sitt framlegg. Norsk Redaktørforening har gjort framlegg om at heile mortifikasjonsinstituttet vert fjerna. LO går imot framlegget fordi det ikkje gjev godt nok vern for dei som vert krenka av utsegn frå kommisjonen.

       Departementet viser til at føremålet med ein granskingskommisjon talar for at kommisjonen må vera fri til å koma med den kritikk den meiner er naudsynt. Det vil framleis vera høve til å ramma ei utsegn frå granskingskommisjonen med straff og i så fall òg med mortifikasjon. Omsynet til dei krenka er dermed tilstrekkeleg ivareteke.

       Departementet føreslår at dei kommisjonane som skal vernast vert nemnde direkte i straffelova. Regelen vil omfatta alle kommisjonar som har til oppgåve å granska faktiske tilhøve med sikte på å avdekkja lovbrot eller kritikkverdige tilhøve. Organ som har ein mer blanda karakter, som dels skal føra tilsyn og dels driva med gransking, vil berre vera verna når dei gjennomfører gransking. Regelen gjeld organ som er oppnemnde av Kongen, Stortinget, eit departement eller fylkesmann. Andre organ kan vernast etter særleg vedtak av Kongen. Vernet kan berre gjevast til kontrollorgan som er oppnemnt av det offentlege.

       Regjeringsadvokaten tek i si uttale opp spørsmålet om vernet mot mortifikasjonssøksmål også bør omfatta dei som gjev opplysningar til kommisjonen. Departementet er einig i at også vitne bør vernast når den kommisjonen dei forklarer seg for er verna og på same vilkår som vitne i rettssaker m.v. Departementet går ikkje inn for at mortifikasjonsvernet skal omfatta den offentlege instansen som har bede om at kommisjonen sin rapport vert offentleggjort.

       Pressa er ikkje verna mot mortifikasjonssøksmål. Norsk Journalistlag og Norsk Presseforbund har teke opp spørsmålet om ikkje mortifikasjonsvernet for granskingskommisjonar òg bør omfatta pressa sitt referat av rapportane. Departementet meiner at dette spørsmålet best kan takast opp ved eit høve der ein ser på heile injurielovgjevinga.

       Fleire høyringsinstansar kommenterer regelen om at eit mortifikasjonskrav ikkje kan avvisast når det vert sett fram krav om straff, med mindre straffekravet vert avvist eller forkasta. Departementet viser til at dersom ein skulle endra regelen om mortifikasjonssøksmål i tilknytning til ei straffesak, vil dette vera ei så omfattande endring at den ikkje er aktuell i denne omgangen.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, syner til at granskingskommisjonar i dag ikkje har vern mot mortifikasjonssøksmål. Fleirtalet meiner det er viktig at granskingskommisjonar må vere fri til å kome med den kritikk dei meiner er naudsynt. Det kan vere ein fare for at manglande vern mot mortifikasjonssøksmål gjer at dei mest kvalifiserte ikkje vil delta i granskinskommisjonar i frykt for eit seinare søksmål på grunn av utsegn kommisjonen har kome med. Fleirtalet er samd med departementet og fleirtalet av høyringsinstansane som ønskjer eit lovvern mot mortifikasjonssøksmål for granskingskommisjonar.

       Fleirtalet legg vekt på at eit slikt vern skal gjelde organ oppnemnde av Kongen, Stortinget, eit departement eller fylkesmannen. Fleirtalet meiner også andre organ kan få vern etter særskild vedtak av Kongen, men at vernet berre kan gjelde kontrollorgan som er oppnemnt av det offentlege. Fleirtalet har merka seg at lovframlegget nevner dette særskild.

       Fleirtalet vil vise til at mortifikasjonsvernet ikkje gjeld den offentlege instansen som har bede om at rapporten frå kommisjonen vert offentleg. Fleirtalet meiner oppdragsgjevar har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere sanninga i rapporten, og at eventuelle usanne rykte vert stoppa.

       Fleirtalet har merka seg spørsmålet frå Norsk Journalistlag og Norsk Presseforbund om ikkje mortifikasjonsvernet for granskingskommisjonar òg bør omfatte pressa sitt referat av rapportane. Fleirtalet er samd med departementet, og meiner at dette spørsmålet best kan takast opp ved ein generell gjennomgang av injurielovgjevinga.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er imot den foreslåtte lovendringen som har som hensikt å sikre granskningskommisjoner vern mot mortifikasjonssøksmål. Dette medlem er enig i at slike kommisjoner må være fri til å komme med den kritikken de mener er nødvendig, men kritikken må være basert på opplysninger som er sannferdige. Muligheten for å gå til mortifikasjonssøksmål bidrar til å tvinge granskningskommisjoner til å foreta et mer solid arbeid enn det som kan risikeres dersom denne muligheten fjernes, og vil dermed også bidra til å gi granskningskommisjonene større autoritet. Selvsagt må oppdragsgiveren ha et selvstendig ansvar for å vurdere sannheten i en rapport og eventuelt stanse usanne rykter, men det bør ikke frita granskningskommisjonene fra et selvstendig ansvar for å være sannferdige.

       Dette medlem vil etter dette stemme imot forslaget til endring av straffeloven § 253.

9. Lensmenn sin rett til å overføra saker til mekling i konfliktråd

       Lensmenn høyrer til påtalemakta, men har ikkje påtalekompetanse. Justiskomiteen har tidlegare bede Regjeringa vurdera om ikkje ei overføring av påtalekompetanse burde kunna skje frå politi til lensmenn i saker der det er aktuelt å nytta konfliktråd. I høyringsbrevet uttalte departementet at rasjonaliseringsomsyn kan tala for ei slik løysing. På den andre sida har lensmenn ikkje erfaring i å vurdera kva slags reaksjon eit lovbrot bør føra til og det er fare for mindre einsarta praksis. Departementet tok i høyringsbrevet ikkje stilling til framlegget.

       Fleire instansar gjekk inn for at lensmannen burde få ein slik kompetanse medan ei rekkje høyringsinstansar gjekk imot.

       Spørsmålet vart drøfta i tilknytning til Ot.prp. nr. 79 (1992-1993) . I Innst.O.nr.113 (1992-1993) gjekk justiskomiteen inn for at lensmannen skulle få ein slik kompetanse. Det vart mellom anna peika på at sakene på denne måten kunne handsamast raskare og at konflikten vart brakt attende til lokalsamfunnet. På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om å setja i verk ei prøveordning der Kongen kan delegera kompetanse til å overføra saker til konfliktrådet til lensmennene. Det nærare innhaldet i prøveordninga skal regularast i påtaleinstruksen.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til Innst.O.nr.113 (1992-1993) der ein samla komité føreslo ei prøveordning med å gi lensmenn i enkelte politidistrikt i ein periode rett til å overføre saker til konfliktråd. Framlegget til lovendring er ei oppfølging av dette forslaget.

       Komiteen legg vekt på at delegering av avgjerdsrett til lensmenn berre gjeld nærare fastsette paragrafar i straffeprosesslova.

       Komiteen har merka seg at prøveordninga er bygd på ein ny regel i straffeprosesslova som gir høve til delegering av slik kompetanse. Komiteen er samd i at det nærare innhaldet i prøveordninga bør regulerast i påtaleinstruks eller annan forskrift.

       Komiteen er samd i at det er Kongen i statsråd som bør ha avgjerdsrett til delegering.

       Komiteen stør framlegget til endring i § 67 i straffeprosesslova.

10. Forbod mot nedtaking av satellittsignal ved bruk av uautoriserte dekodarar m.m.

       Ei rekkje kringkastingssendingar vert finansierte ved at mottakarane betalar for ytinga gjennom abonnementsordingar. Nokre selskap installerar såkalla piratdekodarar. Piratdekodarar gjer det mogleg å motta koda sendingar utan å vera abonnent. Ein del organisasjonar som driv betalings-TV har bede Justisdepartementet føreslå lovendringar for betre å ramma produksjon, omsetnad og bruk av piratdekodarar. Det framgjekk av departementet sitt høyringsbrev at produksjon, import, omsetnad, installasjon eller bruk av piratdekodarar er straffbart enten etter åndsverkslova § 54 jf. § 2, eller etter straffelova § 145 andre ledd, eller begge delar. Straffelova § 145 rammar i første rekkje den som sjølv nyttar piratdekodar. Etter departementet sitt syn kan det vera vel så straffverdig å skaffa andre høve til koda fjernsynssendingar. Av denne grunn og fordi åndsverkslova sine reglar er vanskeleg tilgjengelege, meiner departementet at det er grunn til å ta inn ein eigen regel i straffelova som rettar seg mot den som skaffar andre slikt høve. Ingen av høyringsinstansane har innvendingar til framlegget.

       Departementet har kome til at den nye regelen bør takast inn i straffelova sitt kapittel om underslag, tjuveri og ulovleg bruk. Mildare former for ulovleg tapping av kringkastingssignal vil koma inn under § 391 a om naskeri.

Komiteen sine merknader

       Komiteen syner til at departementet har lagt til grunn at gjeldande rett gjer det ulovleg å selge og markedsføre piratdekodarar eller på annan måte hjelpe til med at kodane blir brotne, og på denne måten ta inn koda fjernsynskanalar på irregulær måte. I brev av 19. januar 1995 har likevel departementet gjort merksam på at Høgsterett etter at proposisjonen var fremma, har avgjort 2 saker der ein kom fram til at straffeloven § 145 ikkje rammar nedtaking av satelittsignal ved bruk av uautoriserte dekodarar. Høgsterett peikar likevel på det straffverdige i slike saker. Komiteen har merka seg at annonseringa for og omsetnaden av piratdekodarar har skote fart etter desse avgjerdslene, og slår fast at vi for tida står utan straffelovgjeving som rammar denne forma for piratveksemd.

       Komiteen er samd i at det er vanskeleg å sjå nokre verneverdige interesse som blir skadd gjennom å gjere forbodet klårare. Komiteen meiner derimot det er viktig for handhevinga av forbodet at det er klårt formulert.

       Komiteen er einig i at mindre brot er naturleg å sjå som naskeri. Særleg gjeld det den som berre er skuldig i å skaffe seg ein piratdekodar til privat bruk. Komiteen vil òg vise til at påtalereglane blir dei same enten ein ser på brotet som naskeri eller ikkje då andre leddet i lovframlegget krev enten krav om påtale frå den fornærma eller at allmenne tilhøve tilseier påtale.

       Komiteen stør framlegget til ny § 262 i straffelova under kapitlet om underslag, tjuveri og ulovleg bruk.

11. Administrative og økonomiske konsekvensar

       Det er ikkje venta at framlegga i proposisjonen vil få vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Forbodet mot å skaffa tilgang til koda fjernsynssendingar vil ha vesentlege positive konsekvensar for partane.

12. Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet:

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om en betydelig skjerpelse av strafferammene for alle typer hærverk.

13. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjera følgjande

vedtak til lov
om endringer i straffeloven m.m.

I.

1.  Lov av 10. mai 1893 nr. 1 om avgivelse av forsikring

oppheves.

2.  I lov av 3. august 1897 nr. 2 om særlige Straffebestemmelser m.v. for Personer, som i Henhold til Grundlovens § 75 h indkaldes til at møde for Storthinget skal § 1 lyde:

       Den, som efter i Henhold til Grundlovens § 75 at være indkaldt til at møde for Storthinget, enten undlader at møde eller vægrer sig for, overensstemmende med Storthingets Forretningsorden, at afgive den Forklaring, hvortil han efter nævnte Grundlovsbestemmelse er pligtig, eller at bekræfte Forklaringen med en høitidelig Forsikring etter reglene i domstolloven § 141 bliver, forsaavidt strengere Straffebestemmelser i anden gjældende Lov ikke maatte komme til Anvendelse, at straffe med en Bod.

3.  I Almindelig borgerlig Straffelov av 22. mai 1902 nr. 10 gjøres følgende endringer:

§ 95 annet ledd skal lyde:

       På samme måte straffes den som her i riket krenker en fremmed stat ved å øve vold mot eller opptre truende eller fornærmelig overfor noen representant for den, eller ved å trenge seg inn i, gjøre skade på eller tilsmusse område, bygning eller rom som brukes av slik representant, eller som medvirker til det.

§ 206 skal lyde:

       Den som forleder noen til å drive utukt som erverv eller til å fortsette med slikt erverv, straffes med fengsel inntil 5 år.

       Med bøter eller fengsel inntil 5 år straffes den som

a) fremmer eller utnytter andres ervervsmessige utukt,
b) i vinnings hensikt fremmer eller utnytter andres utuktige omgang, eller
c) leier ut lokaler selv om vedkommende forstår at lokalene brukes til ervervsmessig utukt eller utviser grov uaktsomhet i så måte.

       En mann som helt eller delvis lar seg underholde av en kvinne som driver utukt som erverv, straffes med fengsel inntil 2 år.

       Medvirkning til overtredelse av første og andre ledd straffes på samme måte.

§ 211 sjuende ledd skal lyde:

       Paragrafen gjelder ikke for film eller videogram som Statens filmtilsyn ved forhåndskontroll har godkjent til ervervsmessig framvisning eller omsetning.

§ 220 første ledd andre punktum skal lyde:

       Var den andre ektefellen eller partneren uvitende om at ekteskapet eller partnerskapet var inngått i strid med de nevnte reglene, kan fengsel inntil 6 år anvendes.

§ 253 nr. 3 skal lyde:

3.  Krav om mortifikasjon skal videre avvises:
a) Når beskyldningen er framkommet i en dom, kjennelse, rettslig beslutning eller annen dommerhandling.
b) Når beskyldningen er satt fram av et vitne under forklaring i rettsmøte eller for politi eller påtalemyndighet eller en granskingskommisjon som nevnt i bokstav d, eller av en part, prosessfullmektig, aktor, forsvarer, oppnevnt sakkyndig eller personundersøker eller av en tjenestemann ved påtalemyndigheten eller politiet under rettergang eller etterforsking. I disse tilfelle skal likevel kravet om mortifikasjon ikke avvises når retten finner at den fornærmede bør få sannheten av beskyldningen prøvd i mortifikasjonssak mot saksøkte eller at uttalelsen ligger utenfor sakens ramme.
c) Når beskyldningen er framkommet i en skriftlig uttalelse fra Stortingets ombudsmann for forvaltningen.
d) Når beskyldningen er framkommet i en uttalelse fra en granskingskommisjon, et kontrollutvalg eller et annet organ som er oppnevnt av Kongen, Stortinget, et departement eller en fylkesmann for å granske faktiske forhold med sikte på å avdekke lovbrudd eller kritikkverdige forhold. Kongen kan bestemme at det samme skal gjelde for et kontrollorgan som er oppnevnt av andre offentlige myndigheter enn de som er nevnt i første punktum. For beskyldninger som fremsettes under granskingen, gjelder bokstav b annet punktum tilsvarende.

Ny § 262 skal lyde:

       Den som ved å bryte en beskyttelse eller på lignende måte rettsstridig skaffer seg selv eller andre en vinning ved å få tilgang til fjernsyns- eller radiosignaler eller medvirker til det, straffes med bøter eller fengsel inntil 1 år. Det samme gjelder dersom den berettigede blir utsatt for tap.

       Offentlig påtale finner ikke sted uten fornærmedes begjæring med mindre allmenne hensyn krever påtale.

§ 292 annet ledd skal lyde:

       Ved avgjørelsen av om skadeverket er grovt skal det særlig legges vekt på om skaden er betydelig, om den skyldige vitende har voldt velferdstap eller fare for noens liv eller helbred, om handlingen er rasistisk motivert, om det er voldt avbrekk i den offentlige samferdsel, om skaden er øvd på grenseskjel mot naborike eller mot offentlig minnesmerke, samlinger eller andre gjenstander som er bestemt til alminnelig nytte eller pryd eller som for almenheten eller en større krets har historisk, nasjonal eller religiøs verdi.

§ 382 fjerde ledd skal lyde:

       Paragrafen gjelder ikke for film eller videogram som Statens filmtilsyn ved forhåndskontroll har godkjent til ervervsmessig framvisning eller omsetning.

§ 391 a tredje og fjerde ledd skal lyde:

       Er den skyldige tidligere straffet med fengsel for naskeri eller for noen i kapitlene 17, 18, 24, 25, 26, 27 eller i §§ 88 første ledd, 143 annet ledd, 147, 206, 217 eller 317 omhandlet forbrytelse, kan straffen forhøyes med inntil det halve.

       På samme måte straffes den som forøver eller medvirker til heleri, bedrageri eller overtredelse av § 262 under omstendigheter som nevnt i første ledd.

4.  I lov av 13. august 1915 nr. 5 om domstolene (domstolloven) gjøres følgende endringer:

Overskriften i 7de kapitel skal lyde:

       Rettsmøter, rettsspråk, rettsferier og forsikring.

I kapittel 7 skal ny § 141 lyde:

       Når ikke annen fremgangsmåte er fastsatt i eller i medhold av lov, gis muntlig forsikring ved at den som tar imot forsikringen, spør: « Forsikrer De at ... » Til dette svarer den som skal gi forsikring, stående: « Det forsikrer jeg. »

       Når forsikring gis skriftlig, brukes disse bekreftelsesord: « Det forsikrer jeg. »

5.  I lov av 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven) gjøres følgende endringer:

§ 114 første ledd skal lyde:

       Før en part, som møter personlig for retten, framstiller saksforholdet eller uttaler seg om det, skal rettens formann foreholde parten det ansvar som følger med falsk forklaring og forsikring. Avgis forklaringen under hovedforhandling, eller er det meningen at den skal brukes under hovedforhandling, spør rettens formann så parten: « Forsikrer De at De vil forklare den rene og fulle sannhet og ikke legge skjul på noe? » Til dette svarer parten stående: « Det forsikrer jeg. »

§ 216 første ledd skal lyde:

       Før forklaring gis, spør rettens formann vitnet: « Forsikrer De at De vil forklare den rene og fulle sannhet og ikke legge skjul på noe? » Til dette svarer vitnet stående: « Det forsikrer jeg. »

§ 292 første ledd tredje punktum skal lyde:

       Forliksrådet kan ikke ta mot forsikring.

§ 461 skal lyde:

       Voldgiftsretten kan innkalle partene til personlig avhøring og oppfordre vitner eller sakkyndige til å møte frivillig for den og avgi forklaring. Men den kan ikke anvende tvangsmidler og straff, og den kan heller ikke ta mot forsikring.

6.  I lov av 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker skal § 25 lyde:

       Under skjønnsforretninger som styres av lensmannen, kan forklaringer av parter, vitner og sakkyndige bare mottas når de avgis frivillig. Forsikring kan ikke mottas. Heller ikke kan det pålegges noen som ikke er part, å fremlegge eller gi adgang til skriftlige bevis eller andre ting.

7.  I lov av 14. august 1918 nr. 4 om rettergangsordningens ikrafttræden skal § 6 annet ledd lyde:

       Notarius kan motta forsikring etter reglene i domstolloven § 141 når dette kreves til ivaretagelse av interesser i utlandet.

8.  I lov av 5. februar 1932 nr. 2 om rettergangsmåten i riksrettssaker skal § 17 første ledd lyde:

       Når Riksretten er trådt sammen, avgir Lagtingets medlemmer skriftlig dommerforsikring etter reglene i domstolloven § 60, forsåvidt de ikke tidligere har avgitt slik forsikring. Om forsikringens innhold gjelder de samme regler som for utnevnte dommere. Det personale som tjenestegjør ved retten, avgir skriftlig forsikring etter reglene i domstolloven § 141 om at de vil bevare taushet om forhandlinger som besluttes holdt hemmelig.

9.  I lov av 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt skal § 47 nr. 2 lyde:

       Den som foretar bokettersyn som nevnt under 1 har plikt til å bevare taushet overfor uvedkommende om det han under utføringen av ettersynet får kjennskap til. Før han første gang foretar ettersyn, skal han underskrive en erklæring om at han vil overholde taushetsplikten.

10.  I lov av 18. juli 1958 nr. 1 om utenrikstjenesten skal § 20 andre og tredje punktum lyde:

       Forsikring etter reglene i domstolloven § 141 kan likevel bare mottas av utenrikstjenestemann som Kongen har gitt fullmakt til det, eller ved forfall, av dennes stedfortreder. For mottakelse av forsikring gjelder ikke det vilkår som er nevnt i lov av 14. august 1918 nr. 4 om rettergangsordningens ikrattreden § 6 annet ledd.

11.   I lov av 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift skal § 8 lyde:

       Den som tiltrer verv eller stilling eller får oppdrag som nevnt i § 7 første ledd, skal avgi skriftlig erklæring om å ville utføre sitt verv eller arbeid upartisk og etter beste skjønn og overbevisning i samsvar med lov og forskrifter og om å ville overholde taushetsplikten.

12.  I lov av 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker (straffeprosessloven) gjøres følgende endringer:

§ 67 fjerde ledd nytt annet punktum skal lyde:

       Kongen i statsråd kan som en prøveordning bestemme at også lensmannen i bestemte distrikter kan beslutte at saker om overtredelse av straffeloven §§ 147, 257, 258, 260, 291, 391 og 391 a skal overføres til megling i konfliktråd.

§ 67 nytt sjuende og åttende ledd skal lyde:

       Selv om det ikke er grunn til mistanke om en straffbar handling, kan Kongen bestemme at etterforsking som nevnt i sjette ledd skal settes i verk dersom noen dør eller blir alvorlig skadet som følge av politiets eller påtalemyndighetens tjenesteutøvelse. Det samme gjelder dersom noen dør eller blir alvorlig skadet mens de er tatt hånd om av politiet eller påtalemyndigheten.

       Med tjenestemenn i politiet menes i sjette og sjuende ledd også politihøgskolestudenter som er i praksis, og innkalte mannskaper fra politireserven.

§ 130 skal lyde:

       Rettens formann spør vitnet om navn, fødselsår og -dag, stilling, bopel og forhold til siktede og fornærmede. I stedet for bopel kan vitnet oppgi arbeidssted. Dersom det er nødvendig, kan rettens formann pålegge vitnet å oppgi sin bopel til retten. Dersom det er særlig grunn til det, spørres vitnet også om andre omstendigheter som kan ha innflytelse på bedømmelsen av forklaringen.

§ 131 skal lyde:

       Før forklaring avgis, spør rettens formann vitnet: « Forsikrer De at De vil forklare den rene og fulle sannhet og ikke legge skjul på noe? » Til dette svarer vitnet stående: « Det forsikrer jeg. »

§ 284 skal lyde:

       Retten kan beslutte at en tiltalt skal forlate rettssalen mens en annen tiltalt eller et vitne blir avhørt, såfremt det er særlig grunn til å frykte for at en uforbeholden forklaring ellers ikke vil bli gitt. Også andre personer kan av samme grunn pålegges å forlate rettssalen. Ved avhør av fornærmede kan retten treffe slik beslutning også dersom særlige grunner gjør at hensynet til fornærmede tilsier det.

       Blir en tiltalt utvist etter domstolloven § 133, kan forhandlingen likevel fortsette, når ikke retten finner tiltaltes nærvær nødvendig for sakens opplysning.

       § 245 annet ledd gjelder tilsvarende.

§ 311 første ledd skal lyde:

       Deretter spør rettens formann lagrettens medlemmer: « Forsikrer De at De vil gi vel akt på alt som forhandles i retten og svare på de spørsmål som blir forelagt Dem, slik som De vet sannest og rettest å være etter loven og bevisene i saken? » Lagrettens medlemmer skal stående og hver for seg svare: « Det forsikrer jeg. »

13.  I lov av 11. juni 1993 nr. 80 om endringer i straffeprosessloven m.v. (toinstansbehandling, anke og juryordning) punkt I skal § 360 første ledd lyde:

       Deretter spør rettens formann lagrettens medlemmer: « Forsikrer De at De vil gi vel akt på alt som forhandles i retten og svare på de spørsmål som blir forelagt Dem, slik som De vet sannest og rettest å være etter loven og bevisene i saken? » Lagrettens medlemmer skal stående og hver for seg svare: « Det forsikrer jeg. »

14.  I lov av 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) skal § 467 tredje ledd lyde:

       Dispasjøren skal avlegge forsikring etter reglene i domstolloven § 141 om å ville dispasjere i samsvar med lov og rett, og i det hele tatt samvittighetsfullt oppfylle sine plikter som dispasjør.

II.

Ikrafttredelses- og overgangsbestemmelser

1. Loven her trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. De enkelte bestemmelser kan settes i kraft til ulik tid.
2. Kongen kan gi nærmere overgangsregler.

Oslo, i justiskomiteen, den 23. februar 1995.

Lisbeth Holand, Anita Apelthun Sæle, Olav Akselsen,
leiar. ordførar. sekretær.