Innledning

       Til Odelstinget.

       Barne- og familiedepartementet gjer framlegg til endringar i § 3, § 4, § 5, § 6 og § 21 i likestillingslova.

       Føremålet med endringa i § 3 (generalklausulen) er fyrst og fremst å opne for positiv særbehandling av menn ved tilsetjing i stillingar i barnehagar, grunnskulen og barneverninstitusjonar. Framlegget går ut på å setja inn ein forskriftsheimel som regulerer positiv særbehandling til fordel for menn.

       I tilknyting til § 4, § 5 og § 6 andre leden, om tilsetjing, lønsfastsetjing, opplæring og vidareutdanning i arbeidshøve, gjer departementet framlegg om å setja inn reglar om omvendt provplikt, slik at arbeidsgjevaren pliktar å påvisa at eventuell ulik behandling ikkje har sin grunn i kjønn.

       Endringane i § 21 er ein lekk i harmoniseringa med dei føresegnene den nye kommunelova har om kjønnsrepresentasjon i utval m.m. som er oppnemde av kommunale og fylkeskommunale organ. Dei viktigaste endringane går ut på at utval som er valde av folkevalde kommunale og fylkeskommunale organ, heretter skal regulerast av reglane i kommunelova om kjønnsprosent, at unntaket for utval som blir valde ved høvetalsval blir teke bort, og at handhevinga av 40-prosentregelen for alle kommunale og fylkeskommunale utval blir overført frå Likestillingsombodet til fylkesmannen eller vedkomande fagdepartement.