1. Hovudinnnhaldet i proposisjonen

       I proposisjonen vert det lagt fram forslag om endringar i aksjelova som følgje av EØS-avtalen. Etter EØS-avtalen er det eit krav at norsk aksjelovgjeving skal tilpassast EU sine reglar innan 1. januar 1996. Det vert m.a. gjort framlegg om å innføre eit prinsipielt skilje mellom små og store aksjeselskap, kalla allmenne og private aksjeselskap. EU sine direktiv rettar seg først og fremst mot dei allmenne aksjeselskapa, og lovframlegget har i liten grad verknad for dei private aksjeselskapa.

       For allmenne aksjeselskap vert det gjort framlegg om strengare reglar om kontroll av tingsinnskot (dvs. innskot i anna enn pengar). Ved stifting og kapitalutviding må det etter framlegget utarbeidast ei utgreiing om slike innskot av uavhengige sakkunnige. Det vert og innført kontroll med erverv av eigedelar frå aksjeeigarar når ervervet skjer i løpet av dei to første åra etter registrering av selskapet - såkalla etterstifting. EØS-avtala krev vidare visse endringar av reglane om innløysing av aksjar ved nedsetjing av aksjekapitalen. Det vert også foreslått ein ny regel som set forbod mot at selskap teiknar eigne aksjar. Eit slikt forbod gjeld og etter noverande lov, men konsekvensane av at ein ikkje held forbodet er nye etter framlegget. I selskap med berre ein aksjeeigar skal etter framlegget visse avtaler som vert inngått mellom aksjeeigaren og selskapet innførast i styreprotokollen. Det er dessutan gjort framlegg om visse endringar i reglane om i kva grad selskapet er bunde av at noko selskapsorgan har gått ut over sine fullmakter. Vidare vert det føreslått ein ny regel om handleplikt for selskap ved tap av halve aksjekapitalen eller meir, og nye reglar om fusjon. Forslaget fører mellom anna til at det vert stilt strengare krav til den dokumentasjonen som skal danne grunnlaget for fusjonsvedtak. Det er dessutan teke inn nye reglar om omdanning frå den eine aksjeselskapsforma til den andre.

       Proposisjonen er ein oppfølging av handsaminga i Stortinget av Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) om ny aksjelov, jf. Innst.O.nr.45 (1994-1995), der Regjeringa vart beden om å leggje fram forslag til naudsynte endringar i aksjelova som følgjer av EØS-avtalen innan 1. november. Stortinget ba vidare Regjeringa leggje fram forslag til to nye lover om aksjeselskap innan utgangen av 1996 og departementet arbeider no med dette. Framlegga i proposisjonen har vore sende på høyring til ei rekkje instansar.

Komiteen sine merknader

       Komiteen har merka seg at det er foreslått eit prinsipielt skilje mellom små og store aksjeselskap, som i proposisjonen er kalla høvesvis private og allmenne aksjeselskap. Komiteen er samd i at dette skiljet blir gjort no fordi EU sine selskapsdirektiv først og fremst rettar seg mot dei allmenne aksjeselskapa. Når dette skiljet blir gjennomført no, vil lovframlegget i liten grad gjelde dei private aksjeselskapa. Dette er i tråd med fleirtalet sine merknader i Innst.O.nr.45 (1994-1995). Komiteen har ikkje innvendingar mot at det i denne proposisjonen blir innført nemninga « privat aksjeselskap » av mellombels lovteknisk grunn, - når dette ikkje får praktiske konsekvensar for selskapa. Komiteen vil kome tilbake til merknader om dei ulike endringane som er foreslått, under dei enkelte paragrafane.

       Komiteen merkar seg at denne proposisjonen er oppfølging av punkt II i Stortinget sitt vedtak av 9. mai 1995, jf. Innst.O.nr.45 (1994-1995) og vidare at gjennomføringa av punkt III i det nemnde vedtaket, som gjeld å leggje fram forslag til to nye lover om aksjeselskap innan utgangen av 1996, er i gang.

       Komiteen registrerer at det særleg er første, andre, tredje og tolvte rådsdirektiv som har innverknad på aksjelova og på dei endringane som skal gjennomførast som fylgje av denne proposisjonen.