1. Samandrag

       Departementet gjer framlegg om ny lov om Opplysningsvesenets fond. Departementet tek sikte på at den nye lova skal føre vidare gjeldande rett og praksis, men samstundes gi naudsynt fleksibilitet og evne til omstilling i forvaltinga av pengekapital og eigedomsmasse. Departementet ser det og som viktig at fondslovgjevinga no blir tilpassa det nye styringssystemet i staten, med hovudvekt på mål- og resultatstyring. Lovframlegget fører ikkje til noka endring i formuesmassen til fondet. Dei prinsipp for eigedomsforvalting som Stortinget la til grunn i 1985, vert ført vidare. Framlegget til ny lov har fått god mottaking og har ikkje økonomiske konsekvensar for staten.

       Opplysningsvesenets fond vart skipa ved lov i 1821 som ei stiftelsesliknande innretning ut frå intensjonen i Grunnlova § 106 om at « det Geistligheden benificerede Gods » skulle haldast skilt frå staten sine andre eigedommar, og at avkastinga skulle gå til føremål som var til beste for dei geistlege, og til opplysningsverksemd. Fondet er ein av dei største grunneigarane i landet. Forvaltinga omfattar vedlikehald og drift av 450 prestebustader og meir enn 1.500 andre bygningar. 400 bygningar er freda. Vidare eig fondet m.a. 110 bortforpakta landbrukseigedommar som ein for tida vurderer å selje. Statskog SF står for tømmerdrifta i det ca 500.000 daa. produktive skogarealet som fondet eig. Finanskapitalen til fondet er på over 600 mill. kroner, lagt til tre fond med litt ulike føremål og forvalting - Kapitalfondet, Særfondet og Særfond II.

       Departementet har i framlegget til ny lov teke inn føremålet i Grunnlova § 106 slik det blir tolka i dag. Lova skal sikre at fondet kjem Den norske kyrkja til gode, og at verdiane blir tekne vare på og forvalta økonomisk forsvarleg. Proposisjonen inneheld etter dette ikkje noko ny drøfting for å avklare eigedomsretten til fondet. Den nye lova slår fast at fondet er eit eige rettssubjekt, og slik er part i avtalar og har sjølvstendig klagerett overfor offentlege styresmakter.

       Etter lovframlegget blir Opplysningsvesenets fond forvalta av Kongen, som m.a. fastset korleis fondet skal organiserast og tek avgjerder om rettslege disposisjonar av fondet sine eigedelar. Nytt her er at Kongen får fullmakt til å organisere forvaltinga. Departementet finn det lite tenleg med lovfesta ordningar for eigedomsforvalting lokalt slik det har vore til nå.

       Departementet meiner at fondsforvaltinga framleis må haldast samla og vere eit direkte ansvar for dei konstitusjonelle styresmaktene etter Grunnlova § 106.

       Departementet gjer framlegg om å slå saman underfonda og å oppheve formelle bindingar. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for å halde på gjeldande ordning med oppdeling av kapitalen. Ut frå forenklingsomsyn, men og på bakgrunn av den omstruktureringa av eigedomsmassen som går føre seg ved at landsbrukseigedommar og festetomter blir selde, ser ikkje departementet grunn til å lovfeste bindingar mellom ulike inntekter og føremål.

       Opphevinga av ei særskild legal binding inneber at refusjonen til statskassa av avkastinga av embetskapitalen fell bort. I samband med denne forenklinga meiner departementet det er naturleg at fondet held kontorlokale eller dekkjer utgiftene til kontorleige for bispedømeråda. Fondet eig allereie nokre av eigedommane der det er slike kontorlokale.

       Den nye lova vidarefører dei reglane ein har i dag om at eigedommane og kapitalen til fondet ikkje kan gjevast bort eller brukast opp, og at inntekter av sal skal leggjast til kapitalen. Departementet held vidare fast ved den noverande ordninga med at avkastinga skal gå til kyrkjelege føremål etter at fondet først har dekka kostnadene sine. Særlege heimelsforhold er teke inn i ein eigen paragraf i lova på grunn av gamle testament og skøyte med spesielle vilkår.

       Departementet gjer framlegg om at den nye lova, ei lovendring og oppheving av fem lover tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.