3. Andre forslag til endringar i utlendingslova

3.1 Ny § 8a

       I proposisjonen vert det gjort framlegg til reglar om kollektivt vern som er ei ordning Stortinget har slutta seg til gjennom handsaminga av St.meld. nr. 17 (1994-1995) om flyktningpolitikken. Kollektivt vern skal nyttast i massefluktsituasjonar, der personar frå vedkommande område vert gjeve vern på grunnlag av ei gruppevurdering. Dei får arbeids- eller opphaldsløyve som ikkje dannar grunnlag for busetjingsløyve i inntil tre år. Er behovet for vern framleis til stades, vert det gjeve eit nytt løyve som kan danna grunnlag for busetjingsløyve. Etter eit år med denne typen løyve vert det gjeve busetjingsløyve og retur etter dette tidspunkt vil berre kunna skje på friviljug basis. Søknader om asyl skal kunna stillast i bero i inntil tre år frå det tidspunkt søkjaren fekk løyve første gong. Søknader som er stilte i bero skal berre takast under handsaming dersom søkjaren uttrykkeleg ber om det. I lov av 30. juni 1995 nr. 48 om mellombels arbeids- eller opphaldsløyve til personar frå Bosnia-Hercegovina er det gitt ein tilsvarande heimel.

       Ei rekkje høyringsuttaler er gjengjeve i proposisjonen. Ingen høyringsinstansar har uttalt seg mot at kollektivt vern vert innført. Det er særleg to punkter i framlegget som vert kommentert: kor lang tid det skal gå før det berre vert snakk om friviljug retur, og kor lenge ein asylsøknad skal kunna stillast i bero. Dei fleste meiner at tre pluss eitt år som føreslått er for lenge. Departementet viser til handsaminga i Stortinget av flyktningemeldinga der fleirtalet gjekk inn for tre pluss eitt år. Fleire høyringsinstansar ønskjer at asylsøknadene skal handsamast på eit tidlegare tidspunkt enn etter departementet sitt framlegg. Også her viser departementet til fleirtalet sitt standpunkt under handsaminga av stortingsmeldinga.

       Nokre høyringsinstansar meiner at det bør gjevast retningslinjer for når det ligg føre ein massefluktsituasjon. Departementet meiner at det er Regjeringa som må ta stilling til dette i samråd med FNs høgkommissær for flyktningar.

       Departementet er einig i uttalen frå Politiets Overvåkingstjeneste om at det av tryggingsmessige grunnar er viktig at det på eit tidspunkt blir gjort ei individuell vurdering av søkjarane. Dette omsynet kan ivaretakast når det vert søkt om busetjingsløyve dersom det ikkje er gjort tidlegare. Departementet strekar under at det ikkje er tale om noko snevrare rett til familiegjenforeining i ein massefluktsituasjon enn elles, men tvert imot ein utvida rett. Det vil bli gjort framlegg til endringar i føresegnene om dette. Retten til familiegjenforeining for personar med kollektivt vern vil gjelda den same personkretsen som elles, og utan at det vert stilt krav om sikra underhald. Det kan òg vera aktuelt å opna for gjenforeining med fjernare familiemedlemer. Departementet vil òg sjå på reglane for familiegjenforeining for andre utlendingar.

Komiteen sine merknader

       Komiteen syner til at dette spørsmålet vart drøfta i samband med St.meld. nr. 17 (1994-1995), jf. Innst.S.nr.180 (1994-1995) og i mellombels lov om arbeids- eller opphaldsløyve til personar frå Bosnia-Hercegovina, jf. Ot.prp. nr. 13 (1994-1995) og Innst.O.nr.67 (1994-1995). Komiteen syner til dei politiske partia sine merknader i desse sakene, der det framgår at komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Høgre, slutta seg til departementet sitt framlegg om opphald på kollektivt grunnlag i massefluktsituasjonar med rett til opphalds- eller arbeidsløyve i inntil tre år medan asylsøknadane vart stilt i bero. Dersom behovet for vern famleis var til stades etter tre år skulle det gjevast nytt løyve i ytterlegare eitt år og dette løyvet kunne danna grunnlag for busetjingsløyve. Medlemene frå Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti støtta òg ei ordning med kollektivt vern, men gjekk inn for ei to-års grense istadenfor ei tre-års grense. Framstegspartiet gjekk prinsipalt imot å innføra ei ny ordning med vern på kollektivt grunnlag. Subsidiært gjekk dei inn for at personar frå Bosnia-Hercegovina, som hadde opphald utan at asylsøknaden deira var handsama då lova vart vedteke, skulle få mellombels opphald, men med ei grense på sju år istadenfor tre. Under handsaminga av lova om mellombels opphald for personar frå Bosnia-Hercegovina vart ordninga vedteke i tråd med fleirtalet si innstilling.

       På denne bakgrunn vil komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Høgre, slutta seg til departementet sitt framlegg til ny § 8 a.

       Komiteen sitt mindretal, medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, går framleis inn for ei toårs grense istaden for ei tre-års grense og gjer framlegg til endring av § 8 a tredje og fjerde ledd i samsvar med dette.

       Desse medlemene viser til at vi no har fått ei viss erfaring når det gjeld reglane for mellombels arbeids- eller opphaldsløyve i ein situasjon der det er trong for kollektivt vern. Det gjer det naudsynt å gjere nokre endringar i lovgjevinga om kollektivt vern i høve til dei reglane som vart gjevne i mellombels lov om arbeidsløyve eller opphaldsløyve til personar frå Bosnia-Herzegovina.

       Desse medlemene vil prinsipalt gå inn for at ein òg i ein massefluktsituasjon skal ta sikte på å handsama søknader om asyl/opphald på humanitært grunnlag så raskt som mogleg, slik at den einskilde raskast mogleg skal få avklara situasjonen sin. Desse medlemene aksepterer at det i massefluktsituasjonar kan vere vanskeleg å handsame einskildsøknader innan rimeleg tid, og finn ordninga med mellombels vern i den perioden akseptabel. Men desse medlemene vil understreke at søknader om asyl ikkje skal kunne leggjast til side i meir enn 2 år frå første gong asylsøknaden vart fremja.

       Desse medlemene meiner òg at det ikkje kan utelukkast at utlendingar i ein massefluktsituasjon kan koma inn under reglane i flyktningekonvensjonen. Desse medlemene vil difor fremje eit tilleggg i § 8 a, andre ledd andre punktum som da vil lyde:

       « Dette innebærer at utlendingen gis flyktningestatus etter FNs flyktningekonvensjon eller arbeidstillatelse eller oppholdstillatelse etter § 8 annet ledd. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet går imot forslaget om vern på kollektivt grunnlag, og vil følgelig stemme imot § 8 a.

3.2 Endring av § 12 tredje ledd

       Departementet føreslår å gi heimel til ved føresegn å leggja rett til å innvilga søknader om busetjingsløyve til politiet. I medhald av § 6 kan Kongen ved føresegner i dag leggja rett til å innvilga første gongs løyver og fornyingar til politiet. Nokre søknader om busetjingsløyve er svært kurante, og det vert difor gjort framlegg om at den same heimelen òg skal omfatta slike løyve. Bakgrunnen for framlegget er å redusera handsamingstida. Fleire høyringsinstansar stør framlegget.

Komiteen sine merknader

       Komiteen stør forslaget. Redusert handsamingstid er ein fordel for søkjar. Komiteen merkar seg at endringane i føresegnene vil verta sende på høyring.

3.3 Endring av § 13 og § 18 andre ledd

       I § 13 er det gitt heimel for tilbakekall av opphaldsløyve, arbeidsløyve og busetjingsløyve m.a. dersom utlendingen medvete har gitt feil opplysningar eller ikkje har sagt frå om tilhøve som er vesentlege for vedtaket. Det vert gjort framlegg om at sak om tilbakekalling av løyve alltid skal starta i Utlendingsdirektoratet, sjølv om nemnda i utgangspunktet har gitt løyvet. I § 18 andre ledd er det gitt heimel for å tilbakekalla asyl på grunn av endra tilhøve i heimlandet, gjenerverv av heimlandet sitt pass eller at asyl er gitt på feil grunnlag. Det vert gjort framlegg om at Utlendingsdirektoratet også skal handsama slike saker som førsteinstans. Svært få høyringsinstansar har uttalt seg til framlegget.

Komiteen sine merknader

       Komiteen er samd i at det må vera høve til å trekkja attende løyve gjeve på feil grunnlag eller dersom tilhøva i heimlandet har endra seg. Komiteen stør forslaget om at Utlendingsdirektoratet skal vera førsteinstans.

3.4 Endring av § 17 siste ledd

       Utlendingsdirektoratet gjorde i sin høyringsuttale framlegg om at mellombels arbeids- eller opphaldsløyve skal kunne gjevast etter at asylsaka er endeleg avslått når iverksetjinga av vedtaket må utsetjast. Slikt løyve kan i dag gjevast før saka er avgjort dersom det vil ta noko tid å få eit vedtak t.d. på grunn av situasjonen i heimlandet. Direktoratet viser til at returhindringar òg kan inntreffa etter at avslag på asylsøknad er gitt. Departementet er einig i dette, og føreslår ein regel om mellombels løyve i § 17 med ein noko anna ordlyd enn direktoratet sitt framlegg. Departementet viser til at det ein oppnår ved ein slik regel er å formalisera utlendingen sitt opphald i landet i tidsrommet frå endeleg vedtak til iverksetjing finn stad.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, vil syna til at utgangspunktet er at vedtak om avslag skal iverksetjast enten ved at utlendingar reiser frå landet friviljug eller ved uttransportering. Fleirtalet er kjent med at dette i ein del tilfelle ikkje er mogleg. Asylsøkjarar som har fått avslag, men der retur på det gitte tidspunktet ikkje er mogleg, har ofte ingen formell opphaldsstatus. Fleirtalet er samd i at det vert opna for å gi personar i ein slik situasjon eit formelt opphaldsgrunnlag. Det er ein fordel både for den det gjeld og det norske samfunn at utlendingar som er her i landet, og som ikkje kan returnera til heimlandet, har lovleg opphald i tida det gjeld.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Høgre, vil presisera at denne regelen kun skal nyttast når ein reknar med at tilhøva som umogleggjer iverksetjing er av forbigåande art. Er situasjonen meir permanent og utan overskueleg betring, må søknaden handsamast på nytt.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vil understreke at alle som oppheld seg lovleg i Noreg skal ha ein opphaldsstatus. Desse medlemene meiner at asylsøkjarar som ikkje kan sendast tilbake til heimlandet anten fordi det er for utrygt eller fordi heimlandet ikkje vil ta imot avviste asylsøkjarar, treng vern, mellombels eller varig. Desse medlemene meiner det derfor ikkje burde vere trong for eit tillegg i § 17 om mellombels opphalds- eller arbeidsløyve for asylsøkjarar som har fått avslag som for tida ikkje blir sett i verk. Når styresmaktene praktiserer utlendingslova slik at denne situasjonen likevel finn stad, meiner desse medlemene at regelen i § 17 bør utformast som ein skal-regel, ikkje ein kan-regel.

       Desse medlemene kan ikkje vere samde i at ein person med avslag som bur i mottak og ikkje har tilbod om arbeid, korkje har trong for opphaldsløyve eller arbeidsløyve. Desse medlemene meiner at eit menneskje som har vore på flukt i noko tid i regelen treng å ha størst mogleg oversikt over kva som kan skje i den næraste framtida. Desse medlemene viser til Innst.O.nr.54 (1995-1996) der fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Høgre, uttala:

       « Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, peker på at personer som søker opphold i Norge ofte har en bakgrunn og er i en situasjon som gjør at behovet for trygghet, sikkerhet og forutsigbarhet i tilværelsen er svært stor. Flertallet mener at dette behovet må norske myndigheter imøtekomme så langt det er mulig. »

       Desse medlemene kan ikkje sjå at framlegget til endring i § 17, med merknadene i Ot.prp. nr. 38 (1995-1996) , samsvarar med dette. Desse medlemene vil gjere framlegg om å byte ut « kan » med « skal som hovedregel » i § 17 siste ledd andre punktum.

       Desse medlemene viser til brev frå Justisdepartementet til komiteen i april der det går fram at det i dag oppheld seg fleire hundre menneske i Noreg som er ramma av dei omstenda som lovendringa her gjeld. Nokre av dei har levd i denne uvissa i årevis. Desse medlemene meiner det er viktig at dei får avklara statusen sin i Noreg raskt, og gjer framlegg om at endringa i § 17 skal tre i kraft straks.

       Desse medlemene viser til at dei som har fått avslag på asylsøknad, men som det ikkje har vore mogleg å returnere pga. tilhøva i heimlandet, bør få rett til varig vern i Noreg dersom omstenda har ført til at dei har hatt opphald i Noreg like lenge som dei som har kollektivt vern etter § 8 a. Det er dei same humanitære omsyn som gjer seg gjeldande for denne gruppa òg.

       Desse medlemene fremmar etter dette følgjande forslag til nytt fjerde og femte punktum i § 17 siste ledd:

« § 17 siste ledd nytt fjerde og femte punktum skal lyde:

       Dersom asylsøker har innehatt midlertidig oppholdstillatelse eller arbeidstillatelse innvilget i samsvar med annet punktum i to år, kan det gis tillatelse som kan danne grunnlag for bosettingstillatelse. Etter ett år med slik tillatelse skal det gis bosettingstillatelse dersom vilkårene for å inneha tillatelsen fortsatt er til stede og vilkårene for øvrig er oppfylt, jf. § 12.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at forutsetningen for å få midlertidig arbeids- og oppholdstillatelse når det er umulig med retur, er at det ikke er asylsøkeren selv som har motsatt seg hjemsendelse. Dette medlem viser i den anledningen til justisministerens brev til komiteen av 1. februar 1996 i forbindelse med behandlingen av Dok.nr.8:27 (1995-1996). Der skriver justisministeren blant annet:

       « I forhold til enkelte land er det slik at hjemlandets myndigheter bare vil medvirke til at hjemreise kan skje når utlendingen selv ønsker å reise. Dersom utlendingen nekter å reise frivillig, kan retur ikke gjennomføres. Når utlendingen nekter å etterkomme et pålegg om retur, og tvungen retur av den grunn er praktisk umulig, bør ikke vedkommende ha krav på midlertidig tillatelse idet dette ikke ville motivere til utreise. »

       Dette medlem deler dette synspunktet.

       Dette medlem mener videre at forutsetningen for å få midlertidig oppholds- og arbeidstillatelse når hjemsendelse er umulig, må være at oppholds- og arbeidstillatelsen automatisk opphører straks det blir mulig med hjemsendelse, uansett hvor lang tid det måtte ta.

3.5 Endring av § 27 og § 57

       Det vert føreslått endringar i ordlyden for å få reglane kjønnsnøytrale. Eit par av høyringsinstansane har teke opp spørsmålet om det bør stillast krav til juridisk embetseksamen for å kunna fatta vedtak om bortvising. Slike vedtak kan treffast av politimeisteren eller den han gjev rett til det. Departementet meiner at politimeisteren må ta naudsynt omsyn til at vedtaka blir fatta på eit fagleg kvalifisert nivå når han gjev nokon rett til å fatta slike vedtak. Regelen i § 27 vert føreslått flytta til § 31.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg til dei føreslåtte endringane.

3.6 Endring av § 28, § 31 og § 57

       Då den nye utlendingslova vart handsama var det eit ønskje om å overføra avgjerdsmakt frå politiet til Utlendingsdirektoratet, m.a. for å sikra mest mogleg einsarta avgjersler. I høyringsbrevet vart det gjort framlegg om at vedtaksmakta i saker om bortvising i utgangspunktet framleis skal liggja til direktoratet, men at kompetansen ved føresegner kan leggjast til politiet i kurante tilfelle, jf. § 28. Det er delte meiningar mellom høyringsinstansane om dette framlegget. Departementet held fast ved framlegget, som vil innebera ei effektivisering av sakshandsaminga. Dersom politiet gjer vedtak i tilfelle der det ikkje skulle vera gjort, er det mogeleg både å endra føresegnene og å ta frå politiet vedtaksretten. Vedtaka kan òg påklagast til Utlendingsdirektoratet. § 31 vert endra som følgje av endringa i § 28. Det vil ikkje vera aktuelt å leggja vedtaksrett til politiet i langt nær alle dei tilfella heimelen omfattar. Tilsvarande vedtaksrett for politiet vil òg gjelda ved bortvising etter § 57 av utlending som vert omfatta av EØS-avtalen.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, merkar seg skepsisen frå ein del høyringsinstansar. Fleirtalet vil likevel stø forslaget. Fleirtalet presiserar at avgjerda i sak om bortvising framleis i utgangspunktet skal liggja til direktoratet og at det kun er i kurante tilfelle politiet skal tilleggjast avgjerdsmakt. Fleirtalet merkar seg at kompetansen må regulerast i føresegner, og at desse skal sendast på høyring. Fleirtalet presiserar at det vil vera høve til på påklaga vedtak til Utlendingsdirektoratet.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti kan ikkje gå inn for å overføre mynde til å fatte negative vedtak til politiet. Desse medlemene viser til at mange høyringsinstansar har gått imot framlegget av omsyn til rettstryggleiken for utlendingane. Desse medlemene ser at det her kan vere ein motsetnad mellom auka effektivitet og rettstryggleik. Desse medlemene vil på grunn av dette gå imot framlegget til endring av § 31 første ledd tredje punktum, § 57 andre ledd tredje punktum og § 57 tredje ledd andre punktum.

3.7 Endring av § 47

       Straffa for å bryta utlendingslova eller gje feil opplysningar i ei utlendingssak er etter § 47 første ledd bøter eller fengsel i inntil seks månader. I nokre tilfelle kan det vera behov for å varetektsfengsla personar for brot på desse reglane, og strafferamma vert derfor føreslått endra til bøter eller fengsel i inntil seks månader eller begge delar.

       Den som overlet sitt reisedokument til ein annan, sjølv om han veit eller bør forstå at det vil bli brukt urettmessig, kan i dag straffast etter straffelova § 372. Strafferamma er fengsel inntil tre månader. « Utlån » eller « tap » av reisedokument er eit stort problem og er bakgrunnen for at ein no foreslår ein eigen strafferegel i § 47 andre ledd nytt pkt. d) som rammar desse tilfella. Strafferamma vert auka til 2 år.

       Gjeldande reglar om straff for menneskesmugling vert føreslått skilt ut som tredje ledd, og strafferamma vert auka frå to til fem år. Endringa vil m.a. føra til at også utlendingar med busetjingsløyve kan utvisast dersom dei vert straffa for menneskesmugling. Vidare vert kravet til at smuglinga skal vera skjedd mot betaling føreslått teke ut fordi dette kan vera vanskeleg å prova. Det vert òg føreslått at føresegna både skal gjelda tilfelle av menneskesmugling til Noreg og til andre land. Det går fram av høyringsuttalene at politiet og Utlendingsdirektoratet sluttar seg til endringsforslaga, medan fleire instansar går imot, m.a. avdi ein meiner straffenivået blir for høgt. Utlendingsdirektoratet meiner at det vil bli vanskeleg å praktisera den føreslåtte regelen i § 47 andre ledd pkt. d) pga. bevisproblem. Departementet er einig i dette, men meiner det er viktig å signalisera i utlendingslova at ein slik bruk av eit reisedokument er straffbart. Dei fleste høyringsinstansane er positive til framlegga som gjeld menneskesmugling.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, er samd med Norsk Folkehjelp som i si høyringsuttale kallar menneskesmugling ein humanitær tragedie. Fenomenet menneskesmugling synest å vera av tiltakande art. Profesjonelle aktørar profitterer på medmenneske i vanskelege situasjonar. Folk vert lurt til å betala store summar i von om ei betre framtid i ein annan del av verda. Fleirtalet meiner det er viktig å kjempa mot denne forma for internasjonal organisert kriminalitet.

       Fleirtalet er samd i at dagens strafferammer og reaksjonar ikkje er tilstrekkelege i kampen mot denne forma for kriminalitet.

       Fleirtalet vil likevel understreka at det er forskjell på ein person som låner ut sitt reisedokument for å hjelpa nokon ut av eit land, og ein som sel dokumenta sine til høgst mogleg pris.

       Fleirtalet vil presisera at det av § 47 siste ledd går fram at brot på denne regelen berre vert påtala når ålmenne omsyn krev det. Fleirtalet legg til grunn at dei konkrete tilhøva kring ei sak avgjer kor vidt saka krev påtale av ålmenne omsyn. Det same må gjera seg gjeldande for utmåling av eventuell straff.

       Ein liknande regel som i forslaget til nytt tredje ledd om menneskesmugling gjeld i dag og. Fleirtalet vil streka under at det i dag vert krevd både « vinnings hensikt » og « organisert virksomhet ». Hjelp til å reisa inn i landet ytt av ideelle grunnar vert difor ikkje ramma.

       Fleirtalet vil visa til at proposisjonen slår fast at endringane særleg vil vera aktuelle der saka ber preg av utnytting av utlendingen, og/eller at fortenesta og omfanget har vore omfattande. Med denne bakgrunn stør fleirtalet forslaga til endring.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, går imot å auke strafferamma frå i dag inntil 3 månader til foreslåtte 2 år for dei som « lånar ut » eller « tapar » reisedokumenta sine. Mange menneske ser ikkje nokon annan utveg enn å kaste reisedokumenta, andre prøver å hjelpe så godt dei kan ved å « låne » bort dokumenta sine. Nokon kan òg ha mista dokumenta sine på « ikkje-forbrytersk » vis, men kan ha vanskar med å bli trudd. Desse bør ikkje bli strengt straffa.

       Desse medlemene går etter dette imot § 47, andre ledd pkt.d.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vil gjere merksam på at det og i dag finnest menneske som smuglar folk over landegrensene ut frå idealistiske motiv og under tilhøve som kan jamførast med grenselosane sitt arbeid under den andre verdskrigen. Desse medlemene ynskjer ikkje å likestille slik menneskesmugling med den som skjer i vinnings hensikt. Denne typen menneskesmugling kan vera den einaste sjansen ein har til å søkje asyl eller opphald i 3. land. Desse medlemene er klår over at det kan vere vanskeleg å prove kva som har skjedd og kva for motiv som ligg bak folk sine handlingar, og at folk som har profittert på å smugle andre dermed kan få ei for lav straff. Desse medlemene meiner eit slikt tilfelle er eit mindre onde enn om ein person med gode hensikter blir hardare straffa.

       Desse medlemene vil støtte ei auka strafferamme på inntil 5 år for dei som driv menneskesmugling mot betaling. Desse medlemene meiner det er viktig å oppretthalde eit prinsipielt skilje mellom dei som smuglar menneske mot betaling og dei som gjer det utan tanke på profitt, men meiner det er viktig at regelen om menneskesmugling ikkje rammar vidare enn den er meint å gjere. For å sikre at dei som hjelper menneske ut frå idealistiske motiv ikkje vert omfatta av regelen om menneskesmugling, vil desse medlemene gå imot at vilkåret om betaling vert fjerna frå paragrafen. Desse medlemene meiner at dei som utnyttar andre menneske sin naud til sjølv å skaffe seg profitt, bør straffast hardare enn tilhøvet er i dag. Slike folk utnyttar andre si naud, og kan i nokon tilfelle drive rein slavehandel.

       Desse medlemene fremmar følgjande forslag:

« § 47 tredje ledd skal lyde:

       Med bøter eller med fengsel inntil 5 år straffes den som i vinnings hensikt driver organisert virksomhet med sikte på mot betaling å hjelpe utlendinger til ulovlig å reise inn i riket eller til en annen stat. »

       Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti ser mange uheldige sider ved framlegget til endring av § 47. Denne medlemen viser til at mange høyringsinstansar har peika på den problematiske samanblandinga av hjelp til menneske på flukt, og kynisk utnytting av folk som vil flykte. Denne medlemen meiner det er dei kyniske profittørane som bør møtast med strenge straffesanksjonar, ikkje folk som søker å hjelpe fortvilte medmenneske. Denne medlemen viser til høyringsuttalen frå Den norske Advokatforening der dei uttrykkjer otte for at straffeskjerpingane vil føre til at « personer som i utgangspunktet yter bistand for å hjelpe personer som er flyktninger eller i flyktningelignende situasjoner ut av et konfliktområde risikerer å bli møtt av strenge straffesanksjoner i Norge. » Denne medlemen har ikkje vesentlege motførestellingar mot å skjerpe straffene for dei kyniske profitørane, men fleire høyringsuttaler peikar på faren for at skjerpingane i § 47 vil føre til ei skjerping av straffene i dei meir bagatellmessige sakene. Denne medlemen vil ut frå dette og gå imot dei føreslåtte endringane i § 47 tredje ledd.

3.8 Endring av § 50

       Det vert føreslått to endringar i § 50 som skuldast at utlendingar som vert omfatta av EØS-avtalen har rett til å opphalda seg i Noreg som arbeidssøkande i inntil seks månader, og ikkje berre i tre, slik det framgår av noverande regel. Dette er ein fylgje av ein dom frå EF-domstolen. Fristen på seks månader må praktiserast lempeleg for å vera i samsvar med dommen.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg til framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti stør òg framlegget, men vil påpeike korleis skilnaden i rettar mellom EØS-borgar og personar frå land utafor EØS-området stadig blir større. Desse medlemene finn denne utviklinga uheldig.

3.9 Endring av § 58 første ledd

       § 58 første ledd pkt. a gjev i dag høve til å utvisa ein utlending som vert omfatta av EØS-avtalen ved grove eller gjentatte brot på utlendingslova. Ettersom brot på ein innvandringskontrollregel ikkje i seg sjølv kan føra til utvisning, vert føresegna føreslått endra til å gjelda personar som ikkje fyller vilkåra for å få løyve, samstundes som dei har opphalde seg i Noreg utover fristane. I pkt. b er det i dag heimel til å utvisa ein utlending som vert omfatta av EØS-avtalen i større grad enn det er høve til etter avtalen. Det er ikkje tilstrekkjeleg at utlendingen er ilagt straff som nemnt i regelen. I tillegg er det normalt eit vilkår at det ligg føre fare for nye lovbrot. Etter bokstav b vert det òg sett som ein føresetnad for utvisning at utlendingen representerer ein reell og alvorleg trussel mot grunnleggjande samfunnsomsyn.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg til framlegget.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til at framlegget fører til ei innskrenking i retten til å utvise personar frå EØS-land etter § 58 bokstav b, slik at ikkje ein straffedom i seg sjølv kan vere grunn nok til utvising. Det er eit tilleggsvilkår at utlendingen representerer ein verkeleg og alvorleg nok trussel mot grunnleggjande samfunnsomsyn. Desse medlemene stør framlegget, men og i denne samanhangen vil desse medlemene understreke at det er ønskjeleg at dei same prinsippa i størst mogleg utstrekning vert nytta anten det gjeld menneske som høyrer til i EØS-landa eller kjem frå land utafor EØS-området.

3.10 Økonomiske og administrative konsekvensar

       Framlegget om delegering av vedtakskompetanse til politiet når det gjeld busetjingsløyve og til å treffa vedtak om bortvising i større grad enn i dag, vil neppe få nemneverdige administrative eller økonomiske konsekvensar. Ein reknar heller ikkje med at nokre av framlegga vil ha nemneverdige administrative eller økonomiske konsekvensar for Utlendingsdirektoratet.