2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til B.innst.S.nr.4 (1996-1997) der rettsgebyret vart heva frå 495 kroner til 505 kroner med verknad frå 1. januar 1997, tilsvarande aukinga i konsumprisindeksen. Ved handsaminga av forslag om ekstraordinære middel til politi- og lensmannsetaten våren 1997, foreslo Regjeringa å auke rettsgebyret til 535 kroner for å dekkje inn løyvinga. Eit fleirtal i Stortinget avsto frå å auke rettsgebyra, og ba Regjeringa kome attende med forslag til inndekking i Revidert nasjonalbudsjett.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, viser til at ein må betale rettsgebyr i mange tilfelle, t.d. ved tinglysing, skjønn, skifte o.a. i tillegg til saker for domstolane, og meiner at ei auking av rettsgebyret vil gjere situasjonen enda vanskelegare for folk med låg/vanleg inntekt. Fleirtalet viser òg til at Den Norske Advokatforening går sterkt imot ei auking av rettsgebyret. Fleirtalet viser til at talet på sivile saker for domstolane går ned, og ein reknar med at ei viktig orsak er dei store utgiftene ved saksanlegg. Fleirtalet meiner det er prinsipielt gale at auka middel til politi- og lensmannsetaten skal finansierast ved å auke rettsgebyret.

       Fleirtalet går imot ei auking av rettsgebyret, og vil avvise forslaget.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet sluttar seg til departementet sitt framlegg, og fremmer følgjande forslag:

       « I lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr vert det gjort følgjande endring:

I.

§ 1 andre ledd skal lyde:

       Gebyret beregnes med utgangspunkt i et grunngebyr kalt rettsgebyret. Dette utgjør kr 535.

II.

       Endringen trer ikraft 1. juli 1997. »