Vedlegg 1

Brev fra Fiskeridepartementet til næringskomiteen v/Svein Ludvigsen, datert 13. mai 1997.

OM OT.PRP. NR. 33 (1996-1997) OM LOV OM OPPHEVING AV LOV AV 11. JUNI 1982 NR. 42 OM RETTLEDNINGSTJENESTEN I FISKERINÆRINGEN OG ENDRINGER I VISSE ANDRE LOVER M.M

       Eg viser til brev av 7 mai 1997 frå næringskomiteen med 7 spørsmål om Ot.prp.nr.33 (1996-1997) Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 nr 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm.

Spørsmål 1: Har departementet innhenta vurdering frå Justisdepartementets lovavdeling om habilitetsspørsmålet i forbindelse med at det vert gjort framlegg om å slå saman kontroll- og rådgivingstenestene?

       Ot.prp.nr.33 (1996-1997) har vore lagt fram for Lovavdelinga i Justisdepartementet. Lovavdelinga har ikkje hatt særskilde merknader til spørsmålet om habilitet knytt til å slå saman kontroll- og rådgjevingstenesta. Lovavdelinga er ikkje spesielt blitt bedt om å vurdere dette forholdet.

       Det å samle rådgjevar- og kontrollrolla innafor det same organet er elles i samsvar med dei prinsipielle vurderingane Stortinget har gjort av dette spørsmålet i samband med omorganiseringa av helseforvaltninga. Vi viser då til Ot.prp. nr. 43 (1991-1992) Om lov om endringer i lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten og i enkelte andre lover, og til Innst.O.nr.88 (1991-1992) til proposisjonen. Stortinget la i samband med handsaminga av denne saka til grunn at forvaltning, fagleg rådgjeving og kontroll- og tilsynsfunksjonar kan inngå som del av same organisatoriske eining.

       Eg vil peike på at Fiskeridirektøren i dag har hovudansvaret både for forvaltning, fagleg rådgjeving og kontroll- og tilsynsoppgåvene av regelverket på fiskeri- og havbrukssektoren. Innanfor ein ny organisasjonsmodell vil det heller ikkje vere slik at alle skal dekkje alle typar av til dømes kontrolloppgåver, og det vil vere stor grad av arbeidsdeling og spesialisering av personale. Rettleiingstenesta tek endeleg ikkje avgjersler om økonomisk støtte til einskilde næringsverksemder, og kjem såleis ikkje inn i noko dobbeltrolle på dette området.

       Når eg ikkje ser det som eit problem å kombinere rådgjevar- og kontrollrolla, har dette samanheng med at den tradisjonelle rådgjevarrolla i Rettleiingstenesta har endra karakter. Dei framtidige rådgjevingsoppgåvene i fiskeriforvaltninga vil i all hovudsak omfatte same type rådgjevingstenester som til dømes innafor helseforvaltninga. Dette omfattar ulik fagleg rådgjeving i samband med oppfølgjing av lover og reglar, og generell informasjonsverksemd overfor næringsutøvarane.

       Det er mi prinsipielle haldning at næringa sjølv må ta hovedansvaret for dei tradisjonelle rådgjevingsoppgåvene, til dømes spørsmål om driftsforhold og utforming av søknader til offentlege organ. Slike oppgåver må sjåast som ein naturleg del av det å drive næringsverksemd. Rettleiingstenesta har i dei seinare åra i stadig mindre grad utført tradisjonelle rådgjevingsfunksjonar. Den teknologiske utviklinga av næringa har også gjort at Rettleiingstenesta ikkje lenger har dei naudsynte faglege føresetnadene for å dekkje alle dei tradisjonelle rådgjevingsoppgåvene på same måte som tidlegare.

Spørsmål 2: Har departementet vurdert om dei 9 regionkontora skal ha ulik kompetanse og bemanning?

       Utgangspunktet i framlegget til ny organisasjonsmodell for ytre fiskerietatar er at dei enkelte regionkontora skal ha den same kompetanse og dei same hovudoppgåvene. Talet på tilsette vil variere med storleiken på dei einskilde kontora, slik som innafor noverande organisasjonsstruktur.

       Sjølv om kvart regionkontor i all hovudsak vil ha den same kompetansen, vil det innafor ein ny organisasjonsmodell bli opna for at utvalde kontor kan bli tildelt særskilde oppgåver. Dette gjeld også i dag, til dømes for Rettleiingstenesta i olje-/fiskesakene, der Fiskerisjefskontoret i Rogaland, Møre og Romsdal og Troms er tillagt ansvaret for desse sakene i ytre forvaltning.

       Dersom ein tenkjer seg at til dømes kvalitets- og ressurskontrollen skal leggjast kun til utvalde regionkontor, så ser eg ikkje dette som aktuelt innafor ein ny organisasjonsmodell. Ei slik organisering av delar av dei mest sentrale hovudoppgåvene for ytre fiskerietat vil underminere hovudformålet med organisasjonsforslaget om å skape betre føresetnadar for fleksibel bruk av personale mellom etatane. Grunnlaget for ei meir fleksibel utnytting av personale, til dømes til kontrollføremål, vil vere å kunne disponere dei samla ressursane innafor ei sams regional leiing.

       Det er viktig for meg å understreke at framlegget til ny organisasjonsmodell er meint å setje fiskeri- og havbruksforvaltninga i stand til å møte nye oppgåver som avteiknar seg for ei næring i sterk utvikling og vekst. Dersom vi skal løyse dei aukande kontrolloppgåvene i fiskeriforvaltninga, og kunne dekkje uforutsette oppgåver som til dømes kontrollen med fôrkvoteordninga i oppdrettsnæringa, så er vi avhengig av å få ei meir samla og rasjonell styring med personalressursane i ytre fiskerietat. Erfaring viser at den eksisterende todelte organiseringa av ytre fiskeriforvaltning gjer det vanskeleg å omdisponere personell mellom Rettleiingstenesta og Kontrollverket.

       Den geografiske inndelinga av regionkontora er vurdert svært nøye. I valet av ein regionmodell som i hovudsak følgjer fylkesgrensene, er det lagt avgjerande vekt på sentrale samarbeidstilhøve opp mot fylkeskommune og fylkesmann. Næringsorganisasjonane er også i hovudsak å finne på fylkesnivået. Oppretting av nye SND-kontor på fylkesnivået forsterkar også tilhøvet mellom fiskeriforvaltninga og fylkesnivået. Forankringa mot fylkesnivået må også sjåast i forhold til målet om å vere nærast mogeleg til dei som kontora skal tene, og til å ha inngåande kjennskap til både forvaltnings- og kontrolltilhøva i regionen.

Spørsmål 3: Ser departementet problem med ressursforvaltning og kontroll i Nordsjøen ved at ein vil ha 4 regionkontor mellom Stadt og svenskegrensa?

       Eg ser det ikkje som noko problem med ressursforvaltning og kontroll i Nordsjøen gjennom oppdeling i fleire regionkontor på strekninga Stadt - svenskegrensa. Fiskeridirektoratet sentralt har eit overordna ansvar for at den samla ressursforvaltninga og kontrollen blir styrt på ein samordna og rasjonell måte. Ein del av det overordna styringsansvaret er å leggje til rette for at kontrollpersonale kan overførast mellom regionkontora etter behov. Fleire av regionkontora i den noverande organiseringa av Kontrollverket har også avgrensa storleik og geografisk verkeområde.

       Dersom det blir etablert eit eige overvakingsprogram for Nordsjøen etter modell frå Overvakingsprogrammet for Barentshavet, vil ei nærliggjande organisering kunne vere å leggje adminstrasjonen av eit slikt program til eit av regionkontora mellom Stadt og svenskegrensa.

       Eg vil også nemne at medan ansvaret for den utøvande ressurskontrollen gjennom oppsynstenesta i Nord-Noreg sorterer under Kontrollverket, så er tilsvarande oppgåver frå Trøndelag og sørover lagt til Rettleiingstenesta. Ansvaret for Møreoppsynet, som er ein parallell til Lofotoppsynet, er såleis administrert av Fiskerisjefen i Møre og Romsdal.

Spørsmål 4: Må dei stillingane i ytre etat som no står ledig, leggjast ned for at dei økonomiske føresetnadene departementet har lagt til grunn skal oppretthaldast?

       Eg har lagt til grunn at omorganiseringa av ytre fiskerietat skal skje innafor dei økonomiske rammene som ytre etat i dag rår over. Dette inneber at ytre etat blir vidareført med om lag same tal på stillingar som i dag. At det finst fleire ledige stillingar i Fiskeridirektoratet med ytre etatar, særleg i Rettleiingstenesta, har samanheng både med reduserte økonomiske rammer og med overordna politiske prioriteringar, med større vekt på forsking og utvikling og på kontroll (mellom anne ressurskontroll).

Spørsmål 5: Har departementet vurdert dei økonomiske kostnadene ved 9 eventuelt 4 regionar?

       Ein ny organisasjonsmodell med 9 regionkontor blir noko dyare enn ein eventuell modell med 4 regionkontor, i første rekke fordi ein slik modell krev fleire regionleiarstillingar enn ein modell med færre einingar. Det er ikkje lett å gje eit nøyaktig kostnadsoverslag over dei ulike alternativa, då kostnadane er avhengig av om dei som blir tilsette blir rekrutterte eksternt eller internt frå fiskeriforvaltninga. Ved interne tilsetjingar kan stillingane gjerast om, og reelle meirkostnader utgjer då eit mellomlegg opp til eit høgare lønsteg.

       Dersom hoveddelen av regionleiarstillingane blir rekrutterte eksternt, vil meirkostnadene utgjere om lag 5-6 mill kr for modellen med 9 regionar, og 2-3 mill kr ved 4. Ved større grad av interne tilsetjingar, blir kostnadane i begge alternativa monaleg lågare, og departementet har vurdert meirkostnadane her til ca 2-3 mill kr i 9-regionsmodellen, og endå lågare i 4-regionsmodellen. Departementet meiner det er meir realistisk å basere eit kostnadsoverslag på for ein stor del interne tilsetjingar enn i hovudsak eksterne.

       Kostnadsoverslaget byggjer på ein noko forenkla leiarstruktur ved regionkontora enn skissert i høyringsnotatet.

       Innsparingar som følgje av avvikling av fiskeristyre og fiskerinemnder, og generelt lågare administrasjonskostnader (leigde av lokale mm), er vurderte til ca 3 mill kr, og vil i stor grad dekkje opp meirkostnadane. Ved val av storleik på regionkontora er det ikkje berre kostnadsspørsmålet som må vektleggjast, men også andre forhold som gjer det tenleg med ein slik modell. Regionalpolitiske omsyn er her tillagt stor vekt.

       Sjølv om framlegg til ny organisasjonsmodell isolert sett skulle føre til visse meirkostnader i ein etableringsfase, meiner eg det ligg svært store effektiviseringsgevinstar i ein slik modell på sikt. Forutan meir rasjonelle fellesfunksjonar ligg hovudgevinsten i meier fleksibel utnytting av personale, og meir rasjonell administrasjon av verksemdsområde.

Spørsmål 6: I Ot.prp. nr. 33 s. 5 spalte 2 står det « I forhold til kommunesektoren er det lagt opp til .. ». Har departementet vurdert korleis dette samarbeidet skal utvikles?

       Eg ønskjer å vidareutvikle samarbeidstilhøve mellom fiskeriforvaltninga og fylkeskommunar og kommunar ut frå erfaringane med dei frikommuneforsøka som fiskeriforvaltninga har teke del i. Dette gjeld frifylkesforsøket i Nordland, og frikommuneforsøka i Vega, Hamarøy og Hadsel.

       I frifylkesforsøket og frikommuneforsøka er det blitt prøvd ut noko ulike modellar for samarbeid, både på politisk og administrativt nivå. På det administrative nivået har fiskeriforvaltninga teke del i ulike samarbeidskonstellasjonar med dei kommunale næringsavdelingane, og politisk ved at folkevalde kommunale organ har erstatta fiskeristyre og fiskerinemnd i regionale og lokalpolitiske spørsmål. Det har til dømes i frifylkesforsøket i Nordland vore etablert ei felles administrativ saksførebuande eining, Etatskollegiet, i arbeidet med plan- og næringsutviklingssakene. Denne samarbeidsforma er vidareført i Nordland, sjølv om perioden for forsøksverksemda formelt er avslutta. Spørsmålet om samarbeidsforholda mellom fiskeriforvaltninga og kommunal sektor vil elles blir vurdert løpande.

Spørsmål 7: Har departementet vurdert om rådgjevingstenesta kan leggjast inn under den kommunale og fylkeskommunale forvaltninga?

       Fylkeskommunar og kommunar har i dag ein generell rågjevningsfunksjon overfor næringslivet. Denne rådgjevingstenesta vil i stor grad også tene fiskeri- og havbruksnæringa. Denne tenesta er både knytt til kommunal sektor si generelle næringspolitiske rolle, og til forvaltning av ulike verkemiddelordningar, til dømes kommunale næringsfond. SND med sitt apparat har elles på fylkesnivået eit generelt informasjonsansvar for dei økonomiske verkemidla som institusjonen forvaltar.

       Det er både i Høyringsnotatet om framtidig organisering av ytre fiskerietatar og i Ot.prp.nr.33 (1996-1997) understreka at fylkeskommunar og kommunar må ta eit større næringspolitisk ansvar for fiskeri- og havbruksnæringa, og integrere denne sektoren som ein naturleg del av det samla regionale og lokale næringspolitiske ansvaret. Ansvar for informasjon og rådgjeving om regelverket på fiskeri- og havbrukssektoren, og meir fiskerifaglege rådgjevingstenester, til dømes om tryggleik ved havbruksanlegg med vidare, vil framleis liggje i den ytre fiskeriadministrasjonen. Eg viser også til nærmare drøfting av rådgjevarrolla under spørsmål 1.

       Spørsmålet om å overføre Rettleiingstenesta til fylkeskommunar og kommunar er vurdert, men denne organiseringa er ikkje sett som aktuell. Hovudårsaka til dette er auka kontrolloppgåver, og behovet for å halde på dei personalressursane fiskeriforvaltninga disponerer. Dei avgrensa lokale personalressursane i den lokale Rettleiingstenesta gjer også ei overføring til kommunane vanskeleg, då dette inneber ein fare for enno større oppsplitting av den lokale fiskerikompetansen enn i dag, og for at fiskerikompetanse kan bli heilt borte i kommunar der fiskerinæringa utgjer ein mindre, eller liten, del av den samla lokale næringsverksemda.

       Rettleiingstenesta dekkjer elles i dag i hovudsak forvaltnings- og tilsynsoppgåver knytt til regelverket på fiskeri- og havbrukssektoren, men dei tradisjonelle rådgjevingsoppgåvene har eit svært avgrensa omfang. Det er naturleg at arbeidet med å følgje opp regelverket på fiskeri- og havbrukssektoren blir utført innafor eit statleg forvaltningssystem.