6. Endringer i omsetningsavgiftsloven m.v.

6.1 Sammendrag

       I St.prp. nr. 1 Tl.03 (1997-1998) gjer Regjeringa framlegg om å erstatte gjeldande særavgift på flyging av passasjerar, som vert oppkrevd etter lov av 19. mai 1933 nr. 11 om omsetningsavgift, med ei ny særavgift på flysete frå 1. april 1998. Denne avgifta er vedteke av Stortinget.

       Ei avgift som og vil omfatte avgift på tomme sete kan ikkje sjåast som avgift på omsetning av ei teneste. Lova må derfor utvidast om den skal gjelde som ei gjennomføringslov og for den nye særavgifta.

       Finansdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å endre lova til ei generell lov om særavgifter. Dette krev endringar i lovas tittel, i § 1 og i § 2 annet ledd. Ein gjer og framlegg om redaksjonelle endringar i samband med dette.

       Ein gjer merksam på at enkelte særavgifter blir krevje opp etter eigne særlover. Ein gjer no ikkje framlegg om å endre disse, men tek sikte på over tid å samle alle særavgifter i ei einskild lov.

       Nemninga « særavgift » er i dag godt innarbeidd og blir mellom anna nytta i den årlege St.prp. nr. 1 om skatte-, avgifts- og tollvedtak.

       Framlegget inneber at lova ikkje vil omfatta alminneleg omsetningsavgift slik som i dag. Etter 1969 har det berre blitt kravd opp ei generell omsetningsavgift i Noreg og det er meirverdiavgifta. Denne avgifta er omfatta av lov av 19. juni 1969 nr. 66 om meirverdiavgift. Omsetningsavgiftslova er såleis utan praktisk verdi for slike avgifter.

       Etter § 1 kan « Kongen eller den han bemyndiger » fastsetje nærare reglar om mellom anna oppkreving av avgifta. Ein gjer framlegg om at denne fullmakta blir lagt til departementet.

       Vidare gjer ein framlegg om endringar i § 6 første ledd. Ved regelendringar er det etter denne lovføresegnen regelverket som gjeld ved levering eller fortolling som er avgjerande. I praksis legg ein til grunn det tidspunkt avgiftsplikten oppstår. Ein foreslår at § 6 første ledd vert endra i samsvar med dette.

       Ein gjer òg framlegg om å oppheve lov av 12. juni 1981 nr. 69 om særavgift på utstyr for opptak eller gjengivelse av lyd eller bilder. I dag er det inga særavgift som er knytte til denne lova. I samband med at avgifta på utstyr for opptak og/eller gjengiving av lyd eller bilete m.v. frå 1. juli 1994 blei lagt om, blei dei avgifter som no gjeld (avgift på kassettar og avgift på radio- og fjernsynsmateriell) knytte til omsetningsavgiftslova. Lova frå 1981 vert såleis ikkje nytta, og ein gjer framlegg om å oppheve lova.

       Ein gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks.

       Departementet tek sikte på å samle alle særavgifter i ei einskild lov i framtida.

6.2 Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til forslagene til endringer i omsetningsavgiftsloven. Komiteen slutter seg videre til forslaget om å oppheve lov av 12. juni 1981 nr. 69 om særavgift på utstyr for opptak eller gjengivelse av lyd eller bilder.