10. Økonomiske og administrative konsekvensar

       Det er særleg handhevinga av den foreslåtte promillegrensa som vil kunne medføre økonomiske og administrative konsekvensar. Om det er nødvendig å auke løyvinga til politiet si sjøteneste, er likevel avhengig av kor mykje ein vil satse på at promillegrensa vert etterlevd. Innføring av ei fast promillegrense gjer derfor ikkje i seg sjølv at det er nødvendig å styrke båttenesta, men det vil bli nødvendig å kjøpe inn tilstrekkeleg mange alkometre. Innkjøp av desse vil kome på ca 200.000 kroner.

       For det året ei fast promillegrense til sjøs vert innført, vil det bli vurdert å tilføre dei aktuelle politikamra ein viss sum som skal øyremerkast promillekontrollar til sjøs. Ved å gjennomføre ekstra mange kontrollar det første året, vil politiet vise publikum at grensa faktisk vert handheva.