3. Gjeldande rett

Menneskerettskonvensjonar er folkerettslege tekstar. Det er i denne samanhangen vanleg å skilje mellom «monistiske» og «dualistiske» statar. I monistiske statar følgjer det av forfatninga at folkerettslege reglar utan vidare vert rekna som interne reglar. I dualistiske statar vert folkeretten og det nasjonale rettssystemet rekna som to ulike system. Staten har også der plikt til å følgje folkerettslege reglar, men for at slike reglar skal kunne gjelde på line med nasjonale reglar, krevst det ein særskilt gjennomføringsakt, som regel lovvedtak, som gjennom tilvising (inkorporasjon) eller gjengjeving i nasjonal språkdrakt (transformasjon) gjer den folkerettslege regelen til ein nasjonal regel. Dei nasjonale reglane vil likevel bli tolka slik at dei stemmer overens med staten sine folkerettslege plikter, men i tilfelle av motstrid vil nasjonale reglar ha forrang.

Ein stat sitt formelle utgangspunkt for tilhøvet mellom folkeretten og den nasjonale retten, seier likevel lite om i kva grad staten i praksis oppfyller sine folkerettslege plikter.

Det tradisjonelle synet er at Noreg følgjer det dualistiske prinsippet, noko som òg går fram av praksis i Høgsterett. Høgsterett si tolking av menneskerettskonvensjonane viser at slike konvensjonsreglar er relevante rettskilder med stor vekt.

Når styresmaktene vurderer ratifikasjon av ein konvensjon, må dei samstundes vurdere tilhøvet til norsk lovgjeving. Det finnest reglar i lovverket som uttrykkeleg gjev folkeretten - også menneskrettskonvensjonane - vekt innanfor sitt område. I proposisjonen nemner ein straffeprosessloven § 4 som fastset at loven gjeld med dei avgrensingar som følgjer av folkeretten eller traktat med framand stat. Tilsvarande regel er gjeve m.a. i straffeloven § 1 andre ledd. Dersom det skulle vise seg at ein menneskerettskonvensjon som Noreg er tilslutta, set snevrare grenser for høvet til å straffe enn den norske straffelovgjevinga, følgjer det av regelen at straffelovgjevinga må vike. Også i utlendingsloven § 4 er det gitt ein regel om at loven skal tolkast i samsvar med internasjonale reglar som Noreg er bunde av når desse har til formål å styrke utlendingen si stilling.