6. Kva for innarbeidingsmetode bør velgjast?

I NOU 1993:18 kap. 7 går utvalet gjennom føremoner og ulemper ved dei to innarbeidingsmetodane - inkorporasjon og transformasjon.

Utvalet konstaterer først at det umiddelbart framstår som ein fordel ved transformasjon at reglane får norsk språkdrakt. Transformasjonskomiteen (NOU 1972:16) meinte at ein fordel med transformasjon var at det i første rekkje vil vere sentraladministrasjonen som tolkar konvensjonen. Ved inkorporasjon vert tolkinga i større grad overlatt til domstolane.

Menneskerettighetslovutvalget reiser spørsmål ved om det på menneskerettsområdet prinsipielt sett er rett at forvaltningsorgan og domstolar skal følgje den oppfatninga om tolkninga av konvensjonen som er lagt til grunn av dei politiske styresmakter ved ratifikasjon. Lovtekniske omsyn kan tale for transformasjon framfor inkorporasjon, men jo meir ein skriv konvensjonsreglane om for å gjere dei lettare tilgjengelege og avskjære tolkingstvil, desto lenger fjernar ein seg frå originalteksten.

Til fordel for inkorporasjon vert det først og fremst framheva ønskjet om, og behovet for, den høgaste grad av rettseining mellom konvensjonsstatane, særleg på menneskerettsområdet. Eksistensen av internasjonale oppfølgingssystem tilseier òg at statane har det same formelle grunnlaget for sine reglar. Praktisk talt alle land som har innarbeidd Den europeiske menneskerettighetskonvensjon i si nasjonale lovgjeving har valt inkorporasjonsmetoden, og utvalet konkluderar med at dei konvensjonane som skal innarbeidast i norsk lovgjeving, bør inkorporerast.

Med unnatak av Landsorganisasjonen i Noreg er alle høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet einige med utvalet.

Departementet er òg einig med utvalet og fleirtalet av høyringsinstansar, og uttalar elles at på område som vert regulerte av særkonvensjonar vil det kunne vere ønskjeleg å transformere dei internasjonale reglane i dei aktuelle lovene.

Komiteen sine merknader

Komiteen er samd i at det er trong for rettseining mellom konvensjonsstatene, særleg på menneskerettsområdet. Dei aller fleste land har valt inkorporasjonsmetoden. Komiteen er samd i at inkorporasjonsmetoden vert valt for konvensjonane som no skal innarbeidast i norsk lovgjeving.