Til Odelstinget
I proposisjonen foreslår departementet å endre vallova
slik at Posten får høve til å ta imot
førehandsrøyster på andre stader enn
på postkontor, landpostruter og institusjonar og ved ambulerande
røystemottak. Forslaget er ei oppfølging av St.meld.
nr. 37 (1999-2000) Om omlegging av Postens ekspedisjonsnett og drøftinga
i Stortinget av denne omlegginga, jf. Innst. S. nr. 248 (1999-2000).
Forslaget skal særleg sikre at veljarar i kommunar utan
postkontor får høve til å førehandsrøyste
i eigen kommune.
Posten Norge BA tok ved stortingsvalet og sametingsvalet i 1997
over ansvaret for å gjennomføre førehandsrøysting
innanriks, bortsett frå på Svalbard og Jan Mayen.
Alt på dette tidspunktet var det klart at Posten stod framfor
omfattande omstruktureringar av ekspedisjonsnettet i perioden 1996-1999.
Posten gjennomfører no ei ytterlegare omlegging av ekspedisjonsnettet.
Iverksetjinga av den nye ekspedisjonsstrukturen startar i første
halvdel av 2001 og skal vere fullført etter om lag eitt år.
Godt og vel halvparten av kommunane i landet vil vere utan postkontor
drivne av Posten sjølv etter at omstruktureringa er gjennomført.
I desse kommunane vil det i staden bli etablert Post i Butikk og/eller
offentlege servicekontor supplerte av landpostteneste.
Kommunal- og regionaldepartementet meiner det er viktig å sikre
at det finst minst éin stad i alle kommunar i landet der
dei veljarane som ønskjer det, kan gå for å førehandsrøyste
ved stortingsvalet og sametingsvalet i 2001. Utan lovendring vil
dette berre vere tilfellet i kommunar med ordinært postkontor
(Posthandel).
Det følgjer av vallova § 33 at postrøysting
kan gå føre seg på postkontor, på landpostruter
eller på institusjonar der Posten har vedteke å ta
imot førehandsrøyster. Alle veljarar har høve
til å førehandsrøyste på postkontor.
Landpostbod tek først og fremst imot røyster frå dei
veljarane som bur langs ruta. Institusjonsrøysting tek
sikte på dei av veljarane som har tilknyting til institusjonen,
til dømes ved at dei er innlagde eller bur på institusjonen.
Røysteføre som ikkje har høve til å gi
førehandsrøyst til landpostbod, kan dessutan gi
røyst til ein røystmottakar der dei oppheld seg,
dersom dei er sjuke eller uføre og av den grunn ikkje vil
vere i stand til å møte fram i eit vallokale på valdagen,
jf. vallova § 36.
I samband med innføringa av postrøystinga vart det
vurdert å opne for førehandsrøysting
på såkalla postfilialar, det vil seie butikkar,
bensinstasjonar o.l. som utfører enkelte posttenester.
Etter ei samla vurdering, der det blant anna vart lagt vekt på 1)
at dei ordinære postkontora til så lenge ville
kunne tilby eit godt utbygd nett av førehandsrøystestader,
2) at ein ville hauste erfaring med korleis førehandsrøystinga
fungerte på postkontor og 3) at røysting på butikkar,
bensinstasjonar og liknande vart rekna som mindre høgtidleg
enn røysting på postkontor, kom departementet til
at det førebels ikkje var aktuelt å opne for røysting på postfilialar.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget slutta seg i Innst.
O. nr. 32 (1996-1997) til synet i departementet om ikkje å opne
for postrøysting på postfilialar på dette
tidspunktet.
Formålet med reforma i 1997 var å gjere det
enklare for veljarane å førehandsrøyste
ved at det vart høve til å røyste på fleire
stader med til dels utvida opningstid. Samtidig håpa ein
at innføring av postrøysting ville ha ein positiv
effekt på valdeltakinga. Det var om lag dobbelt så mange
som førehandsrøysta ved stortingsvalet i 1997
som ved stortingsvalet i 1993. Det same var tilfellet ved kommunstyre-
og fylkestingsvalet i 1999 samanlikna med valet i 1995.
Utvalet som har vurdert vallova og valordninga, la fram innstilling
til ny vallov 30. januar 2001. Utvalet drøftar mellom anna
erfaringane med postrøystinga. Kontroll- og konstitusjonskomiteen
i Stortinget bad dessutan i Innst. O. nr. 61 (1998-1999) departementet ta
initiativ til at utvalet greier ut spørsmålet
om førehandsrøysting ved postfilialar.
I høyringsnotatet understreka departementet at det er
viktig å sikre gode høve til å førehandsrøyste
i alle kommunane i landet. Dersom det ikkje blir høve til å røyste
andre stader i kommunar der postkontoret blir lagt ned, vil det
kunne føre til at ein del veljarar som ønskjer å førehandsrøyste,
lot vere å førehandsrøyste fordi tilkomsten
blir for dårleg. Departementet meinte derfor at ei lovendring
ikkje burde vente til det ligg føre ny vallov.
Etter gjeldande rett er det Posten som har ansvaret for å gjennomføre
førehandsrøystinga, og det er tilsette i Posten
som fungerer som røystmottakarar. Eventuelle endringar
bør vurderast av Vallovutvalet og drøftast i samanheng
med framlegging av forslag til ny vallov.
Posten har tilbode å gjere poststadene Post i Butikk
tilgjengelege for førehandsrøysting, slik at vanleg førehandsrøysting
skal kunne gjennomførast på minst éin
fast stad i kvar kommune. Ved inngåing av avtalar med butikkjeder
og andre samarbeidspartnarar vil Posten sikre seg plass for røysting
på dei aktuelle stadene. Av konsesjonsvilkåra
til Posten følgjer det at det skal vere minst eitt postkontor
eller kontraktspostkontor (Post i Butikk/offentleg servicekontor)
i kvar kommune, og dermed vil ei lovendring som opnar for røystmottak
også ved kontraktspostkontor, innebere at det blir mogleg å halde
allmenn førehandsrøysting i alle kommunar i landet.
Departementet gjekk ut frå at ved å opne for
førehandsrøysting ved kontraktspostkontor, vil
røystestadene bli lett tilgjengelege. Ein kan likevel ikkje
sjå bort frå at det i nokre kommunar kan vere
meir formålstenleg å leggje førehandsrøystinga
til ein annan stad. Departementet meinte derfor at lova bør
opne for mottak av førehandsrøyster også andre
stader, som til dømes kommunehuset.
Stader der det blir vedteke å ta imot førehandsrøyster,
vil Posten bemanne med autoriserte røystmottakarar. Erfaringane
frå vala i 1997 og 1999 viser at forholdsvis få veljarar
røystar i førstninga av førehandsrøysteperioden.
Dei fleste vel å førehandsrøyste dei
to siste vekene før valdagen. Dette tilseier at det ikkje
er behov for å kunne førehandsrøyste
kvar dag i førstninga av perioden. På andre stader
enn på postkontor der Posten vedtek å ta imot
førehandsrøyster, vil dei tilsette i Posten i
utgangspunktet berre vere til stades for å ta imot førehandsrøyster.
Det vil derfor bli urimeleg dyrt å halde førehandsrøysting
på desse stadene dersom det skal vere høve til å førehandsrøyste alle
dagane i perioden. Dei tre siste vekene før valdagen bør
det vere mogleg å førehandsrøyste kvar
dag. Eit slikt opplegg vil ikkje vike særleg av frå det
som har vore tilfellet ved tidlegare val, der nokre mindre postkontor
berre har hatt ope enkelte dagar i veka og med til dels svært
korte opningstider.
Nærmast alle høyringsinstansane sluttar seg
anten til lovforslaget eller dei har ikkje merknader til forslaget.
Vallovutvalet ønskjer ikkje førehandsrøysting
på Post i Butikk. Vallovutvalet, som avgjorde at det ville gi
merknad til høyringa sjølv om det ikkje var ferdig med
arbeidet sitt, seier:
«Den fysiske rammen rundt selve forhåndsstemmegivningen
må også være slik at den enkelte velger føler
seg bekvem og trygg på at grunnleggende sikkerhetsregler
blir ivaretatt. Å avgi stemme ved frie valg er vår
viktigste demokratiske rettighet og rammen rundt valget må være
preget av at dette er en spesiell handling. Utvalget vil allerede
nå signalisere at en ikke kan se for seg en ordning der
forhåndsstemmegivning skjer på bensinstasjoner,
i supermarkeder og butikker. Dette må etter utvalgets mening
innebære at en også ved valget i 2001 finner andre
løsninger for avgivelse av forhåndsstemmer i de
deler av landet der ordinære postkontorer er eller blir
nedlagt. Det vil være naturlig at en her for eksempel finner
ordninger sammen med kommunene slik at tilgjengeligheten til forhåndsstemmegivningen
blir opprettholdt.»
Departementet vil foreslå at vallova § 33
andre ledd første punktum blir endra, slik at det blir
mogleg for Posten å arrangere førehandsrøysting
i høvelege kommunale lokale. Departementet har komme til
at ein ikkje bør opne for førehandsrøysting
på Post i Butikk.
Departementet vil understreke at dei same krava til tryggleik
m.m. vil gjelde ved førehandsrøysting andre stader
enn på postkontor som på postkontor. Dette skal
ein sikre mellom anna ved opplæring av røystmottakarane,
gjennom retningslinjer for røystinga, som m.a. krev at
det blir sett opp røysteavlukke på den enkelte
røystestaden, ved at ein nyttar valurner, og ved rutiner
for oppbevaring og framsending av dei gitte røystene. Departementet
vil leggje stor vekt på desse forholda i sitt samarbeid
med Posten om korleis førehandsrøystinga skal
skje.
Det vil vere lettare å skape ei høgtidleg og
verdig ramme rundt førehandsrøystinga dersom ho
går føre seg i kommunale lokale enn om ho går
føre seg i butikkar eller på bensinstasjonar.
Departementet har derfor komme til at ein ikkje bør opne
for førehandsrøysting på Post i Butikk,
men berre i kommunale lokale. I kommunar utan ordinært
postkontor må Posten ta kontakt med kommunen for å komme
til ei avtale om at kommunen stiller eit høveleg lokale
til disposisjon for Posten ved førehandsrøystinga.
Departementet vil følgje opp dette i sitt samverke på Posten,
mellom anna i avtala om førehandsrøystinga.
Dersom geografiske omsyn gjer at det er eit spesielt stort behov
for å kunne røyste meir enn éin stad
i nokre kommunar, vil departementet vurdere dette saman med Posten.
Departementet finn det ikkje riktig å lovfeste at det er
kommunane som skal avgjere kvar ein skal kunne førehandsrøyste.
Dette vil gripe inn i Posten sitt ansvar for førehandsrøystinga.
Når det gjeld spørsmålet om avgrensa
opningstid for andre røystelokale enn ordinære
postkontor, har det ikkje komme fram særlege innvendingar
mot dette i høyringa. Departementet vil derfor leggje opp
til nokre innskrenkingar i høvet til å førehandsrøyste
i starten av perioden, for så å utvide høvet
til å røyste etter kvart som valdagen nærmar
seg. I dei tre siste vekene før valdagen skal det vere
mogleg å røyste kvar dag.
Endringa som blir foreslått, kan føre med seg noko
auka statlege utgifter i samband med gjennomføringa av
førehandsrøystinga. For det meste vil dette dreie
seg om dekning av lønn og transportutgifter til røystmottakarane.
Reduserte utgifter som ei følgje av færre ordinære
postkontor vil likevel truleg vege opp for ein del av dei utgiftene
endringa fører med seg. Dette fordi det mest truleg vil
bli nokre færre personar som må gjennomgå opplæring,
samtidig som ein reduksjon i talet på ordinære
postkontor vil redusere dei administrative utgiftene.
Det er til så lenge vanskeleg å seie noko sikkert om
lovendringa vil auke eller redusere dei totale statlege utgiftene.
Dette heng mellom anna saman med om ein får til å gjere
papirmanntalet tilgjengeleg på dei stadene der det blir
vedteke å ta imot førehandsrøyster, og
kor raskt Posten greier å leggje om ekspedisjonsnettet
sitt. Ein eventuell auke i utgiftene som følgje av lovendringa
vil bli dekt innanfor gjeldande budsjettrammer.
Administrativt vil lovendringa innebere noko meir arbeid, særleg
for Posten i samband med administrasjon av røysting på andre
stader enn på ordinære postkontor. På den
andre sida vil det bli færre ordinære postkontor å administrere.
Dette inneber at lovendringa totalt sett truleg ikkje vil føre
til meir administrativt arbeid for Posten.
Administrativt vil lovendringa også innebere noko meir
arbeid for dei kommunane som stiller eit kommunalt lokale til disposisjon
for Posten ved førehandsrøystinga.
Komiteen har motteke brev frå departementet 8. februar
2001 med ein presisering av ein opplysning på side 4 i
proposisjonen. Brevet følgjer som vedlegg.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigurd
Grytten, Inger Lise Husøy, Laila Kaland og lederen Gunnar Skaug,
fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Kari Økland, fra
Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen og Vidar Kleppe, fra Høyre,
Svein Ludvigsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen,
går inn for å endre valgloven slik at Posten får anledning
til å motta forhåndsstemmer på andre
steder enn på postkontor, landpostruter og institusjoner og
ved ambulerende valgmottak.
Komiteen støtter forslaget om å endre
valglovens § 33 andre ledd, slik at det blir mulig for
Posten å arrangere forhåndsstemming i egnede kommunale lokaler.
Komiteen mener at de nye postdiskene: Post i Butikk,
ikke egner seg som valglokaler og går ikke inn for å åpne
disse for forhåndsstemming.
Komiteen peker på at det vil være
enklere å skape en formell ramme rundt det å forhåndsstemme dersom
dette henlegges til kommunale lokaler framfor butikker og bensinstasjoner.
Komiteen er klar over at noen kommuner er helt
uten ordinært postkontor. I slike tilfelle må Posten ta
kontakt med kommunen for å komme fram til en avtale om
egnede lokaler for formålet.
Komiteen viser til gjeldende rett om at man bare
kan forhåndsstemme på postkontor, på landpostruter
eller på institusjoner der Posten har vedtatt å ta imot
forhåndsstemmer. I tillegg har syke og uføre etter
valglovens § 36 – på spesielle vilkår – anledning
til å forhåndsstemme der de oppholder seg.
Komiteen peker på at lovendringen nå gjør
det mulig å også ta imot forhåndsstemmer
ved kommunale lokaler, for eksempel på bibliotek, offentlig
servicekontorer eller kommunehuset.
Komiteen understreker at uavhengig av hvilke lokaler
som blir valgt, må det være et minstekrav at velgeren
må kunne stemme uten at andre kan se hvilket parti/valgliste
velgeren stemmer på.
Komiteen viser til at valgdeltakelsen blant ungdom
er lav. Det er derfor viktig å aktivt oppmuntre ungdom
og unge voksne til å benytte stemmeretten. Komiteen viser
til at det er vanlig å ha mulighet til forhåndsstemmegivning
i helse- og sosialinstitusjoner. Komiteen mener
at tilsvarende forhåndsstemmemottak ved universiteter,
videregående skoler og høyskoler vil oppmuntre
flere unge til å bruke stemmeretten, slik et enstemmig
Valglovutvalg har gått inn for. I tillegg mener komiteen at det
kan være aktuelt å organisere stemmemottak på miliærforlegninger,
i fengsler og på for eksempel bibliotek og service-kontorer.
Komiteen ber departementet om å gi lokale
stemmestyrer råd om slik gjennomføring av forhåndsstemmegivning
i forskrifter/valgrundskriv.
Komiteen har for øvrig ingen
merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre
slikt
vedtak til lov
om endring i lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg
og kommunestyrevalg
(valgloven)
I
I lov av 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg
og kommunestyrevalg (valgloven) gjøres følgende
endring:
§ 33 andre ledd skal lyde:
Stemmegivning for stemmemottaker etter § 32 bokstav
a foregår enten på et postkontor, på en
landpostrute eller på en institusjon eller i et
egnet kommunalt lokale der statens postselskap har besluttet å motta forhåndsstemmer. Stemmegivning
for stemmemottaker etter § 32 bokstav b foregår
der sysselmannen har bestemt. Stemmegivning for utenrikstjenestemann
ved norsk utenriksstasjon foregår ved stasjonen. Stemmegivning
i overvær av stemmemottaker utenfor riket oppnevnt av Kongen
og på Jan Mayen foregår der Kongen bestemmer.
Stemmegivning etter § 32 bokstav e og f foregår
ombord på vedkommende fartøy eller innretning.
Foregår stemmegivningen på sykehus, fødehjem,
sykehjem (pleiehjem), aldershjem eller annen institusjon beregnet
på pleie, opphold eller behandling for personer som er
syke, uføre e.l., kan stemmer mottas også på pasientrommene.
Stemmer kan også mottas hjemme hos personer som oppholder seg
i trygdeboliger eller lignende boliger med umiddelbar tilknytning
til slik institusjon som nevnt i foregående punktum.
II
Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
Jeg ønsker med dette å orientere Stortinget
om at Ot.prp. nr. 30 (2000-2001) om endring i valgloven inneholder
en opplysning som er noe unøyaktig.
På s. 4 annen spalte første avsnitt står
det følgende:
«Eit slikt opplegg vil ikkje vike særleg
av frå det som har vore tilfellet ved tidlegare val, der
nokre mindre postkontor berre har hatt ope enkelte dagar i veka og
med til dels svært korte opningstider.»
Posten har etter at proposisjonen ble framlagt, orientert departementet
om at de postkontorene det siktes til i dette sitatet ble nedlagt
før kommunestyre- og fylkestingsvalget i 1999. Opplysningen
i proposisjonen blir på denne bakgrunn noe unøyaktig.
Det ville således ha vært mer korrekt om det i
proposisjonen bare hadde vært referert til stortingsvalget
i 1997.
Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 13. februar 2001
Gunnar Skaug |
Svein Ludvigsen |
leder og ordfører |
sekretær |