1.1 Innleiing

Kultur- og kyrkjedepartementet legg i proposisjonen fram forslag om å oppheve lov 26. juni 1998 nr. 43 om åpningstider for utsalgssteder (åpningstidsloven), samtidig som reglar om opningstider for utsalsstader på søndagar og andre helgedagar blir tekne inn i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred. Vidare er det foreslått at det i lov 26. april 1947 nr. 1 om 1. og 17. mai som høgtidsdager blir teke inn ei føresegn som inneber at handel på desse dagane blir avgrensa i same omfang som på helgedagar.

1.2 Vurderingar og forslag frå departementet

1.2.1 Innleiing

Hovudformålet med forslaget om å oppheve opningstidslova er å tilpasse opningstidene til dei behov brukarane har. Etter departementet si vurdering oppnår ein dette best ved å la tilbod og etterspørsel verke bestemmande for opningstidene. Ved å oppheve opningstidslova legg ein også meir til rette for fleksible tilpassingar, som naturleg vil variere med bransjetypar, lokale forhold osv. Det er også grunn til å vente at ein ved å oppheve restriksjonane vil fjerne uheldige konkurransevridingar som følgjer av at enkelte typar utsal er unnatekne frå føresegnene.

Ved sida av dette hovudformålet er det også viktig å vareta omsynet til den alminnelege helgedagsfreden. Hovudregelen bør framleis vere at utsalsstader skal halde stengt på søndagar og andre helgedagar, samtidig som ein fører vidare dei unntak frå hovudregelen som gjeld i dag.

For å oppnå intensjonen om å fjerne reguleringa av opningstidene må ein også oppheve det vern i arbeidsmiljølova som arbeidstakarane har mot å arbeide utover normalarbeidstida, dvs. etter kl. 21.00 og fram til kl. 06.00.

1.2.2 Hovudregel om handel på helgedagar

Departementet foreslår at det i lov om helligdager og helligdagsfred blir teke inn ein ny § 5 som regulerer sal frå faste utsalsstader på helgedagar. Her er utgangspunktet og hovudregelen at på helgedagar skal faste utsalsstader som sel varer til forbrukar, halde stengt.

1.2.3 Unntak frå hovudregelen

Departementet går inn for å tillate søndags- og helgehandel som i gjeldande opningstidslov. Det er derfor foreslått å føre vidare unntaka i gjeldande lov. Dette inneber at faste utsalsstader framleis kan halde ope dei tre siste søndagane før julaftan mellom kl. 14.00 og kl. 20.00. Vidare inneber det vidareføring av fleire spesifiserte unntak.

1.2.4 Straffeføresegn

Etter § 5 i opningstidslova blir den straffa med bøter som forsettleg eller aktlaust bryt lova eller forskrifter gitt i medhald av lova. Medverknad blir ramma på same måten.

Når dei føresegnene som set grenser for at utsalsstader kan halde ope på helgedagar, blir overførte frå opningstidslova til helgedagslova, er det naturleg å overføre også straffeføresegna i gjeldande opningstidslov § 5 til lov om helligdager og helligdagsfred.

Å flytte straffeføresegna frå opningstidslova til helgedagslova § 6 vil ha som konsekvens at også aktlaust brot på §§ 3 og 4 i helgedagslova vil vere straffbart. Vidare vil også medverknad til brot på desse føresegnene vere straffbar. Dette inneber ei utviding av straffeansvaret.

I samsvar med fråsegna frå Riksadvokaten vil departementet foreslå at straffelova § 348 blir oppheva.

1.2.5 Arbeidstidsføresegner

For å gjennomføre intensjonen med frie opningstider på kvardagar er det foreslått å gjere unntaket frå forbodet mot nattarbeid i arbeidsmiljølova § 42 andre ledd l) for arbeidstakarar ved utsalsstader generelt, dvs. at tilvisinga til anna lovgiving blir fjerna.

1.3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovforslaget inneber at det for utsalsstader ikkje lenger vil vere lovbestemte avgrensingar i opningstidene på kvardagar. Utsalsstadene vil med andre ord sjølv kunne bestemme kor lenge dei da vil halde ope. For enkelte utsalsstader vil dette kunne føre til endringar i konkurransesituasjonen.

Oppheving av opningstidsavgrensingane på kvardagar vil venteleg redusere behovet for dispensasjonar. Utover dette vil lovforslaget antakeleg ikkje ha vesentlege administrative konsekvensar når det gjeld forvaltninga og handhevinga av regelverket frå styremaktene si side.