3. Stønadsnivået i ei supplerande ordning

3.1 Samandrag

Utmålinga av ytingar frå ei supplerande ordning må skje ut frå eit standardnivå eller garantinivå. Supplerande stønad vert berre gitt dersom summen av dei andre inntektene til stønadstakaren er lågare enn dette garantinivået.

Utgangspunktet ved fastlegginga av nivået vil naturleg vere minsteytingane i folketrygda. Dette er det nivået som er fastlagt for personar som har minst 40 år i Noreg i yrkesaktiv alder. Kjenneteiknet på dei som høyrer til i målgruppa for ei supplerande ordning er at dei ikkje fyller dette kravet om butid.

Departementet foreslår at full supplerande stønad skal utgjere

  • a) 1,6433 G for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år.

  • b) 2,2933 G for stønadstakarar med ein ektemake under 67 år.

  • c) 1,7933 G for stønadstakarar som er einslege.

  • d) Stønadsbeløpa i bokstavane a til c skal aukast med 0,4 G for kvart barn under 18 år som stønadstakaren forsørgjer. I saker der begge ektemakane har fylt 67 år, skal denne auken av ytinga gå til den av ektemakane som har lågast inntekt.

  • e) Stønadsbeløpet i bokstav b og tillegget for forsørgt barn etter bokstav d gjeld berre dersom respektive ektemaken og barnet bur saman med stønadstakaren i eitt hushald.

  • f) Eit barn vert ikkje rekna som forsørgt dersom det har høgare inntekt enn G.

  • g) Retten til auka ytingar på grunn av ektemake under 67 år eller barn gjeld berre dersom ektemaken eller barnet ikkje oppheld seg i utlandet i lengre tid enn fastsett i lovforslaget § 4.

  • h) Sambuarar og registrerte partnarar skal reknast som ektemakar i denne samanhengen. Som sambuarar reknast alle som lever saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre.

Departementet viser til § 2 andre leddet og § 5 i lovforslaget. Forslaget gir følgjande fulle årlege stønadssatsar og beløp (G = 58 778 kroner, beløp utan avrundingar på grunn av utbetalingsreglane):

Tabell 1 Stønadssatsar

TilfelleStønadssats - andel av GStønadssats i kroner
Einsleg 1,7933105 407
Med ektemake under 67 år 2,2933134 796
Stønad til kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år 1,643396 590
Tillegg for forsørgt ektemake* (0,5)(29 389)
Tillegg per forsørgt barn 0,423 511

* Tillegget for ektemake er integrert i stønadssatsen for ein person med ektemake under 67 år og framgår ikkje på anna vis i lova.

3.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er samd i at utmålinga av ei supplerande ordning skal skje ut frå eit standardnivå eller minstenivå. Fleirtalet støttar at utgangspunktet er minsteytingane i folketrygda og seier seg også samd i dei forslag til innretning og avgrensingar som departementet føreslår.