1. Sammendrag

1.1 Bakgrunn for forslagene

I proposisjonen fremjar Regjeringa nokre mindre endringar i dagpengekapittelet i folketrygdlova. Forslaga har dels bakgrunn i ønske om endringar som følgje av endringar på andre område, som det er naturleg at dagpengeregelverket tar omsyn til. Dels er forslaga følgje av ønske om endringar for å fremje ein meir effektiv arbeidsmarknadspolitikk. Enkelte forslag er av teknisk karakter og skal mellom anna sik­re ein klar heimel for gjeldande praksis i Aetat.

Høyringsnotat om forslaga om endringar i dagpengeregelverket blei sendt på høyring 15. mai 2003, til 30 høyringsinstansar. Gjennomgåande er høyringsinstansane positive til endringsforslaga, men er noko skeptiske til endringar som kan føre til at nokon kjem dårlegare ut økonomisk enn etter gjeldande reg­lar. Forslaga er likevel ikkje endra etter høyringa. Unntak gjeld forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget, som er noko justert i forhold til høyringsforslaget.

Forslaget om å utvide unntaksregelen i folketrygdlova § 4-16 er ei oppfølging av endringa i likestillingsloven 1. juli 2002, og medverkar til å styrkje vernet om gravide. Nye er også forslaga om terminologiske endringar i folketrygdlova kapittel 4.

1.2 Forslag om materielle endringer

1.2.1 Fleire lønnssubstitutt reknast med i dagpengegrunnlaget - folketrygdlova § 4-11

Departementet foreslår at omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar jf. folketrygdlova kapittel 9 og svangerskapspengar jf. folketrygdlova kapittel 14 blir tekne med i det inntektsgrunnlaget dagpengane blir berekna på grunnlag av (dagpengegrunnlaget). Dagpengane bør i størst mulig grad gjenspeile den normale årsinntekta ein medlem har hatt før han eller ho blei arbeidslaus.

Departementet finn ikkje noko grunnlag for å behandle nokon av desse ytingane annleis enn dei ytingane som etter gjeldande rett reknast med i dagpengegrunnlaget.

1.2.2 Oppheving av avrundingsregelen ved berekning av dagpengegrunnlaget - folketrygdlova § 4-11

Departementet foreslår at reglane om avrunding av dagpengegrunnlaget blir oppheva. Sidan all berekning no skjer maskinelt, treng ein ikkje særskilte avrundingsreglar.

1.2.3 Endring av berekningsmåten for arbeidstidsreduksjon - § 4-13

Departementet foreslår å endre folketrygdlova § 4-13 slik at kravet om arbeidstidsreduksjon blir berekna i forhold til arbeidstida i ein 14-dagarsperiode (meldeperiode) i staden for ei veke. Bakgrunnen er først og fremst at kravet om arbeidstidsreduksjon på 50 pst. av arbeidstida pr. veke fører til at mange delvis sysselsette ikkje fyller vilkåra for rett til dagpengar sjølv om arbeidstida faktisk er tilstrekkeleg redusert. Den praksisen Aetat legg til grunn for å hindre denne verknaden for personar med nøyaktig 50 pst. arbeidstidsreduksjon har ikkje tilstrekkeleg støtte i lovens ordlyd. Sjølv om løysninga er rimeleg, er ordninga ikkje tilfredsstillande over tid. Ved å nytte ein 14-dagars periode unngår ein også problemet med registrering i forhold til dei som har ei arbeidstid pr. uke som ikkje endar på heile eller halve timar.

Etter departementet si oppfatning vil ei gjennomsnittleg berekning, der meldeperioden på to veker sjåast under eitt, gi eit meir riktig inntrykk av sysselsetjingssituasjonen og eit betre bilde av den faktiske arbeidstidsreduksjonen, enn når ein ser på ei enkelt veke isolert. Berekning i forhold til meldeperioden inneber dermed ei meir korrekt tolking av kravet om minst 50 pst. arbeidstidsreduksjon.

Dagpengane blir dessutan utbetalte for to veker av gangen, og ei berekning som gjenspeiler dette er etter departementets oppfatning mest føremålstenleg. Ei slik endring vil også innebere ei harmonisering med regelverket for berekning av attføringspengar etter folketrygdlova kapittel 11.

1.2.4 Graderte dagpengar under arbeidsløyse i samband med arbeidsinntekt frå utøving av tillitsverv, omsorgsarbeid o.l. - Ny forskriftsheimel i folketrygdlova § 4-13 sjette ledd

Departementet foreslår ein ny heimel til å gi forskrift i medhald av folketrygdlova § 4-13. Ein slik forskriftsheimel vil m.a. opne for høve til å fråvike gjeldande regelverk for graderte dagpengar dersom arbeidsinntekt frå utøving av politiske tillitsverv, utøving av tillitsverv i visse typar allmennyttige organisasjonar eller omsorgsarbeid som gir rett til kommunal omsorgslønn, fører til at dagpengane blir reduserte med eit større beløp enn denne inntekta.

1.2.5 Utvida rett til gjenopptak av stønads­perioden i samband med graviditetsrelatert sjukdom - folketrygdlova § 4-16

Departementet foreslår å utvide retten til å ta opp att stønadsforhold i tilfelle kor ei gravid kvinne har hatt avbrot i stønadsperioden dersom årsaka er sjukdom som heng saman med at ho er gravid.

Som grunngjeving viser departementet til at Likestillingsombodet meiner regelen om maksimal avbrotsperiode i folketrygdlova § 4-16 verkar diskriminerande for kvinner som får avbrot i dagpengeperioden på meir enn 52 veker som følgje av sjukdom som skuldast graviditeten, fordi desse ikkje frivillig har vald eit forlenga avbrot. Ombodet meiner at å ikkje ta omsyn til graviditetsrelatert sjukdom i samband med avbrotsperioden etter § 4-16, vil innebere direkte diskriminering av kvinner etter likestillingsloven.

1.2.6 Tidsavgrensa bortfall av dagpengar i dei tilfella kor medlemene lar vere å møte opp ved Aetat lokal - folketrygdlova § 4-20

Departementet foreslår at tidsavgrensa bortfall av retten til dagpengar når ein medlem lar vere å møte ved Aetat etter innkalling, blir sett til fire veker, men kan aukast til seks eller tolv veker ved gjentaking.

Forslaget til endring av reaksjon ved manglande frammøte må sjåast i samanheng med avgjerdene i dei såkalla "postsakene" i Trygderetten. Dette er avgjerder kor Trygderetten oppheva Aetat sine vedtak om tidsavgrensa bortfall ved manglande oppmøte fordi ein ikkje kunne vere sikker på at innkallinga faktisk var komne fram til den arbeidssøkjande. Departementet meiner at ein treng å revurdere reaksjonane etter § 4-20, m.a. fordi ein for streng reaksjon kan føre til at ein lar vere å bruke han. Sett i samanheng med auka aktivitetskrav og krav om betre oppfølging av arbeidssøkjarane frå Aetat, kan ein slik ikkje-bruk også vere uheldig.

1.2.7 Samordning av dagpengar og svangerskapspengar - folketrygdlova §§ 4-24 og 4-25

Departementet foreslår å presisere heimelen i § 4-24 om samordning av dagpengar med fulle svangerskapspengar. Vidare foreslår departementet å gi heimel for å samordne dagpengar med reduserte svangerskapspengar.

Det følgjer av folketrygdlova § 14-13 at ei kvinne har rett til svangerskapspengar dersom ho etter reg­lar i lov eller forskrift blir pålagd å slutte i arbeidet fordi ho er gravid, og det ikkje er mogleg å omplassere henne til eit anna høveleg arbeid i verksemda.

Det følgjer av § 4-24 første ledd at dagpengane vil falle bort dersom kvinna vel å få svangerskapspengar. Av informasjonsomsyn finn departementet det likevel føremålstenleg å ta svangerskapspengar med i opplistinga i § 4-24 andre ledd bokstav e. Det er etter gjeldande rett heimel for å samordne fulle svangerskapspengar med dagpengar, og departementet kan ikkje sjå at det er nokon grunn for at reduserte svangerskapspengar ikkje skal samordnast med dagpengar på same måte som t.d. reduserte sjukepengar og fødselspengar. Folketrygdlova § 4-25 første ledd bokstav e bør derfor endrast, slik at ein kan samordne dagpengar under arbeidsløyse med reduserte svangerskapspengar.

1.2.8 Samordning mellom dagpengar under arbeidsløyse og redusert uførepensjon - folketrygdlova §§ 4-25 og 4-26

For å hindre overkompensasjon foreslår departementet å endre reglane i folketrygdlova § 4-25 bokstav d og § 4-26 bokstav c slik at det blir mulig å samordne dagpengane med redusert uførepensjonen etter at den kvilande pensjonsretten er teken opp att. Departementet foreslår å endre reglane slik at det for kvilande pensjonsrett blir samordna med grunnlag i verknadstidspunktet og ikkje i uføretidspunktet.

1.3 Endringsforslag som i hovedsak innebærer lovfesting av gjeldende praksis

1.3.1 Presisering av kravet til arbeidstids­reduksjon - folketrygdlova § 4-3

Departementet foreslår at det i § 4-3 klart skal gå fram at ein arbeidstidsreduksjon berre kan leggjast til grunn for ein stønadsperiode. I praksis blir § 4-3 andre ledd tolka slik, sjølv om regelen ikkje går direkte fram av lovteksten. Ei slik tolking av folketrygdlova § 4-3 andre ledd motverkar at delvis sysselsette skal kunne ha fleire stønadsperiodar i samanheng på grunnlag av den same arbeidstidsreduksjonen, og styrker med dette insentivet til full sysselsetjing. Tolkinga er etter departementet si oppfatning også fullt forsvarleg ut ifrå intensjonane i folketrygdlova. Departementet meiner likevel at regelen har et slikt materielt innhald at den bør gå klart fram av lovteksten.

Eit hovudvilkår for rett til dagpengar er at medlemen har hatt tilstrekkeleg arbeidsinntekt, jf. folketrygdlova § 4-4. Etter § 4-4 tredje ledd kan ei inntekt berre leggjast til grunn for ein full stønadsperiode. Dette er etter departementet si oppfatning vel grunngitt ut ifrå omsynet til formåla i dagpengeregelverket.

1.3.2 Heimel for å fastsetje vanleg arbeidstid - folketrygdlova § 4-3

Fastsetjing av vanleg arbeidstid er avgjerande for dei delvis sysselsette sin rett til graderte dagpengar. Dette tilseier at reglar om korleis ein finn fram til kva som reknast som vanleg arbeidstid, bør vere formelt regulerte. Ei formell regulering sikrar i tillegg ein klar og eintydig praksis.

§ 4-3 andre ledd gir ikkje heimel for å gi forskrifter om berekninga av vanleg arbeidstid, og departementet foreslår å ta inn ein slik heimel i loven. Vidare foreslår departementet å utarbeide ei forskrift om fastsetjing av vanleg arbeidstid, kor ein i større grad enn etter gjeldande praksis legg vekt på kor sterkt medlemene har vore knytte til arbeidslivet i tida forut for arbeidstidsreduksjonen. Departementet foreslår å ta ein forskriftsheimel inn i § 4-3 som nytt fjerde ledd.

1.3.3 Klårgjere heimel for dagpengar for medlemer i arbeidsmarknadstiltak- folketrygdlova § 4-6

Departementet meiner det bør gå klart fram av § 4-6 at departementet har heimel til å gi forskrift om dagpengar under deltaking i arbeidsmarknadstiltak, og ikkje berre den generelle nemninga "kortvarig utdanning". Departementet foreslår å endre § 4-6 i samsvar med dette.

1.3.4 Samordning mellom dagpengar under arbeidsløyse og avtalefesta pensjon - §§ 4-24 og 4-25

Departementet foreslår å endre folketrygdlova § 4-24 og 4-25. Det vil då gjelde dei same reglane for samordning av dagpengar og avtalefesta pensjon med og utan statstilskott, i samsvar med intensjonane i samordningsreglane.

Det har vore intensjonen at dei aktuelle reglane også skulle gjelde personar som har avtalefesta pensjonar i offentleg sektor, da det ikkje ligg føre grunner som taler for at desse skulle behandlast forskjellig frå personar i privat sektor. Det er også slik reglane er forstått og praktiserte i Aetat.

1.4 Endringsforslag av teknisk karakter

1.4.1 Endring av folketrygdlova § 4-12 som følgje av at ferietillegget tidlegare er fjerna

Ferietillegget blei fjerna frå dagpengane ved lovendringa som blei sett i kraft 1. januar 2003. Det er derfor ikkje naudsynt med ein presisering som gjeld ferietillegget i folketrygdlova § 4-12 tredje ledd. Departementet foreslår å ta ut presiseringa.

1.4.2 Unntak i folketrygdlova § 22-13 for dagpengar under arbeidsløyse

Folketrygdlova § 22-13 regulerer generelt fristar for å setje fram krav på trygdeytingar og etterbetaling. Sjølv om ein allereie legg til grunn at § 22-13 ikkje gjeld dagpengar etter kapittel 4, foreslår departementet at dagpengar uttrykkjeleg blir unnatekne i nytt sjuande ledd i § 22-13.

1.4.3 Terminologiske endringar i folketrygdlova kapittel 4

Arbeids- og administrasjonsdepartementet fastsette i mai 2000 nye eigennamn på arbeidsmarknads­etaten og dei organa som høyrer til etaten. Den nemninga som no blir brukt om arbeidsmarknadsetaten er "Aetat". Nemninga er også gjennomført i lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarknadstenester som mellom anna regulerer verksemda i Aetat.

Departementet meiner at ein bør unngå å seie noko i lovteksten om på kva for eit nivå innanfor Aetat ein skal gjere kva, så lenge Aetat har fullmakt til å bestemme noko anna, jf. ovanfor. På bakgrunn av dette foreslår departementet at orda "arbeidskontoret" og "arbeidsformidlinga" blir bytta ut med den nøytrale nemninga "Aetat". Endringane gjeld folketrygdlova § 4-8 første ledd, andre ledd andre punktum og tredje ledd, 4-10 femte ledd og 4-20 sjuande ledd.

1.5 Ikraftsetting. Økonomiske og administrative konsekvenser

Departementet foreslår at endringane skal gjelde alle tilfelle, med unntak for forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget. Denne endringa gjerast berre gjeldande for nye tilfeller. Behovet for overgangsreg­lar vil bli vurdert.

Departementet tar sikte på at dei materielle endringane som er omtalte i kapittel 2 i innstillinga, kan ta til å gjelde frå 1. juli 2005.

Dei endringane som er omtalte i kapittel 3 i innstillinga har ikkje noko materielt innhald, og kan ta til å gjelde straks lova er vedtatt.

Endringane som er føreslått vil ha minimale administrative konsekvensar. Endringane vil ha relativt sett små verknader på utbetalingane av dagpengar og dei vil ha ingen eller berre marginale økonomiske konsekvensar med unntak av desse endringane: Inkluderinga av omsorgspengar i dagpengegrunnlaget vil kunne føre til ei auke i dagpengeutbetalingane på om lag 0,5 mill. kroner i 2005 og 3,5 mill. kroner på lang sikt. Endring av graderingsmåter frå veke til meldeperiode vil samla gi ei innsparing i 2005 på om lag 35 mill. kroner. På lang sikt legg ein til grunn ei årleg innsparing under kap. 2541 med 90 mill. kroner. Utvida rett til å ta opp att stønadsperioden i samband med graviditetsrelatert sjukdom inneber ei årleg auke i utbetalingane på om lag 7 mill. kroner i 2005 og om lag 15 mill. kroner på lang sikt.