2. Omfanget av interkommunalt samarbeid - ulike typer og kategorier samarbeid - erfaringer

2.1 Sammendrag

I proposisjonen blir det gitt ei oversikt over forskingsbasert erfaringsmateriale knytt til interkommunalt samarbeid.

Den siste undersøkinga når det gjeld kartlegging av interkommunalt samarbeid, er gjort av Telemarksforsking på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Undersøkinga innebar ei kartlegging av vellykka interkommunalt tenestesamarbeid og ein casestudie av fire samarbeid hausten 2002.

Dei sektorane som er omfatta av flest innrapporterte tiltak, er administrasjon og styring, kommunehelse, VAR, grunnskoleopplæring, brann- og ulykkesvern og tilrettelegging og bistand for næringslivet. 86 prosent av tiltaka høyrer inn under desse sektorane.

38 prosent av tiltaka er regulert i særlov, og 19 ulike særlover er nemnde. Dei samarbeidsområda som i størst grad er regulert i særlovgivinga, er brann- og ulykkesvern, renovasjon, næringsmiddeltilsyn og PPT. Dei tre viktigaste heimlane for organisering av samarbeid er: 1) skriftleg avtale utan lovtilvising (38 prosent), 2) kommunelova § 27 (25 prosent) og 3) lova om interkommunale selskap (13,5 prosent).

Om lag eitt av tre tiltak har ekstern grunnfinansiering frå andre enn deltakarkommunane, som til dømes stat eller fylkeskommune.

Alle dei innrapporterte samarbeidstiltaka blir vurderte til å gi langt betre resultat, samla sett, enn dersom kvar av samarbeidskommunane skulle løyse oppgåvene kvar for seg.

Telemarksforsking peiker på at dei viktigaste samarbeidsmotiva for dei vellykka tenestesamarbeida er å etablere større og meir kompetente tenesteeiningar og å få meir teneste att for kvar krone.

Grunnlaget for eit vellykka samarbeid er for det første at ein har eit klart formål med å operere i fellesskap, for det andre at alle kommunane ser seg tente med å velje ei samarbeidsløysing, og for det tredje at det ligg føre ein sterk vilje til å få samarbeidet til å fungere - også i vanskelege tider.

Resultata frå kartlegginga viser at ein kan få til vellykka interkommunalt samarbeid med ulike driftsmodellar, men at det er nokre klare tendensar: 45 prosent av dei innrapporterte tiltaka har valt ei organisering med ei sjølvstendig driftseining, eller ein vertskommunemodell (40 prosent). Den tredje mest valde modellen (9 prosent) er at kvar kommune medverkar med kvar sine personellressursar inn i eit samarbeid.

Dei fleste vertskommunesamarbeida er regulerte av ein skriftleg avtale utan lovtilvising, men det er også ein del slike samarbeid som er baserte på kommunelova § 27, som set krav om eit felles styre for verksemda.

Slik Telemarksforsking vurderer det, vil eit viktig utgangspunkt for val av driftsmodell vere korleis den aktuelle tenesta plasserer seg i forhold til det prinsipielle dilemmaet mellom ønsket om effektivitet/resultat på den eine sida og behovet for styring/kontroll over kva som skjer i samarbeidet, på den andre sida.

Det er vidare gitt ein omtale av fenomenet "regionråd", som er ei form for interkommunalt samarbeid som har utvikla seg dei siste åra i rommet mellom kommunar og fylkeskommunar. Den klart viktigaste grunngivinga for opprettinga av regionråda er "å stå sterkare utetter som region". Av dei viktigaste oppgåvene til regionrådet er næringsutvikling og samferdsel, samt regionutvikling/fylkesplanlegging og tilrettelegging av praktisk interkommunalt samarbeid.

Når det gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar er det vist til at desse konstellasjonane er dei mest sentrale samarbeidsordningane: Osloregionen, Landsdelsutvalget for Nord-Norge og Nord-Trøndelag (LU), Trøndelagsrådet, Vestlandsrådet, Østlandssamarbeidet, Agderfylka, Regionsamarbeidet Buskerud, Telemark, Vestfold (BTV).

Med heimel i lova om offentleg forvaltning har departementet godkjent og sett i gang desse forsøka som regulerer interkommunalt samarbeid per 1. januar 2005: interkommunal forvaltning av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, regionrådet for Nord-Gudbrandsdal og regionrådet for Valdres (forvaltning av BU-midlar), barnevern, felles økonomikontor mellom Tana og Nesseby kommunar.

Innherred samkommune er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Levanger og Verdal i Nord-Trøndelag fylke. 30. januar 2004 vart forsøket godkjent av Kommunal- og regionaldepartementet. Forsøksperioden er frå 2004 til 2008. Samarbeidsprosjektet er organisert med utgangspunkt i kommunelova § 27 om interkommunalt samarbeid, men med eit tillegg om at samarbeidsorganet (samkommunen) kan utøve forvaltningsmyndigheit innanfor bestemte område.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen har merket seg den klare konklusjonen fra ulike undersøkelser om at interkommunalt samarbeid gir langt bedre resultater enn om kommunene dette gjelder skulle løse oppgavene hver for seg.

Komiteen mener de forsøk departementet har godkjent vil kunne gi nyttig erfaring og kunnskap. Komiteen har ellers ingen merknader til departementets gjennomgang av omfanget av interkommunalt samarbeid og de ulike organisasjons- og samarbeidsformer knyttet til dette.