Hovudinnhald i proposisjonen

Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring i veglova § 27 slik at bompengar kan nyttast til tiltak for drift av kollektivtrafikk.

Departementet foreslår at dette kjem til uttrykk i veglova § 27 fyrste ledd ved følgjande tillegg:

"Som del av ein plan om eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, kan bompengar nyttast til tiltak for drift av kollektivtrafikk."

Bakgrunn

Forutan dei meir tradisjonelle vegføremåla, gir veglova § 27 heimel for alternativ bruk av bompengar til investeringar i infrastruktur for kollektivtrafikk. Når det gjeld bruk av bompengar til drift, gir lova i dag heimel for å bruke bompengar til drift og vedlikehald av vegnettet. Lova gir derimot ikkje heimel for å nytte bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk. Bompengeinnkrevjing er ei tidsavgrensa ordning, medan drifts- og vedlikehaldsoppgåver er permanente oppgåver.

I lov 18. juni 1965 nr. 4 (vegtrafikkloven) § 7a er det heimel for å ta i bruk vegprising som trafikkregulerande tiltak. Departementet vil arbeide vidare med ikraftsetjing av lovføresegna i vegtrafikkloven § 7a, og eit forslag til utfyllande forskrifter vil bli utarbeidd og sendt på høyring.

Det er fylkeskommunane sitt ansvar å finansiere drift av lokal kollektivtransport, utanom jernbanen. I samband med det lokale arbeidet med Oslopakke 3 er det komme fram eit ønske om å kunne nytte bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken. Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har på denne bakgrunn fatta vedtak om å nytte bompengemidlar frå Oslopakke 3 til drift av kollektivtrafikken.

Transportutfordringane i dei største byane krev at heile transportsystemet må sjåast i samanheng. Dagens ordning gir likevel ikkje lokale styresmakter tilstrekkelege motiv til å sjå investeringar i transportsystemet, drift av kollektivtransport og arealpolitikk i samanheng. Den kommunale/fylkeskommunale økonomien i byområde med store transportutfordringar kan dessutan vere utilstrekkeleg til å gi det naudsynte løftet i kollektivtilbodet.

Det har allereie skjedd ei utvikling ved at både riksvegmidlar og bompengar kan nyttast alternativt til investeringar i infrastrukturtiltak for kollektivtransport. Lokale styresmakter er i større grad no enn tidlegare, positive til å ta i bruk bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk.

Om innhald i lovforslaget

Bompengepakker i dei største byane er sett i verk for å løyse lokale og regionale transportutfordringar. Alternativ bruk av bompengar til drift av kollektivtrafikk er mest aktuelt i dei største byområda. Det vil også vere naudsynt med lokalpolitisk initiativ og vedtak for å etablere ei bompengepakke der bompengar skal nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikken.

Sjølv om ikkje bompengar er ei ordning for å regulere trafikk, vil likevel eit system der bompengar nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikk kunne føre til ei overføring av persontransport frå personbil til kollektive transportmiddel. Dette vil vere viktig for å redusere miljø- og helseulemper, avgrense arealbruken som har samanheng med transport i byområda og redusere presset på kapasiteten i vegnettet.

Etablering av bompengepakker i eit byområde må skje på grunnlag av planar som ser arealbruk og transportsystem for det berørte området i samanheng. Planane må vere lokalpolitisk handsama.

I forslaget til ei bompengepakke må det liggje føre ei framstilling av heilskapen i pakka som gjer det tydeleg korleis trafikk- og miljøutfordringane skal handterast på kort og lang sikt. Det må mellom anna vere dokumentert ein samanheng mellom verknader på dei miljø- og trafikkutfordringane som skal løysast, og dei tiltaka som pakka føreslår. Satsing på kollektivtrafikk må vere ein del av den heilskaplege framstillinga av bompengepakka. For ei bompengepakke som òg inneheld driftstiltak, må det vere utarbeidd ein strategi for handtering av driftsoppgåvene etter opphør av bompengefinansieringa.

Bruk av inntektene

Nettoinntektene frå bompengepakker i eit byområde skal nyttast til transportføremål i det berørte området. I tillegg til dei føremåla som i dag er omfatta av veglova § 27, skal inntektene òg kunne nyttast til driftstiltak for all rutegåande kollektivtransport i eit byområde, inkludert jernbane. Dette omfattar tilskot til kollektivtrafikk, investeringar i og vedlikehald av kollektivmateriell samt vedlikehald av anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk.

Bruk av bompengar til drift av lokal kollektivtransport skal vere eit supplement til den ordinære innsatsen til transportføremål over offentlege budsjett.

Det må utviklast rutinar for rapportering og kontroll for å sikre at bompengeinntektene blir nytta i samsvar med føresetnadene i bompengepakka.

Forvalting av inntekter frå bompengepakker i byområde

Drift av lokal kollektivtransport, utanom jernbane, er fylkeskommunane sitt ansvar. Lovforslaget som ligg føre her legg ikkje opp til endring i denne ansvarsdelinga, men opnar for at det kan nyttast bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk.

Samferdselsdepartementet legg ikkje ved lovforslaget opp til endringar i eksisterande ordning med korleis innkravde bompengar blir forvalta, sjølv om det vert innført ei moglegheit for å nytte bompengar til drift av kollektivtransport. Bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk vil såleis bli fordelt tilsvarande det opplegget ein har i dag for fordeling av bompengar til investeringstiltak. Eventuelle prinsipielle endringar i forvaltinga av bompengemidlane vil måtte sjåast i samband med stortingsmeldingar om Nasjonal transportplan, og i samband med framlegging av dei einskilde bompengepakkene.

Høvet til EØS-regelverket

Etter Samferdselsdepartementet si vurdering får ikkje Europaparlaments- og Rådsdirektiv 2006/38/EF verknad på bruk av bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk som ein del av ei bompengepakke i eit byområde, sidan direktivet sitt virkeområde ikkje omfattar bomringar i byane. Etter artikkel 9.2 kan medlemsstatane sjølv avgjere korleis inntektene frå vegbruksavgifter skal nyttast. Direktivet seier at desse bør komme transportsektoren til gode, på ein måte som gjer at heile transportsystemet fungerer optimalt.

Høyring av lovforslaget

Høyringsopplegget og utdrag av fråsegner er nærare omtala i punkt 7 i proposisjonen.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Ei utviding av bruksområdet for bompengar til også å omfatte driftstiltak for kollektivtrafikk, kan på lengre sikt gi innsparingar i form av relativt sett lågare kostnadar til vedlikehald av vegnettet der det skjer ei eventuell nedgang/fordeling av trafikk, og gjennom ei forskyving av behovet for ny vegkapasitet. Dei som brukar vegnettet kan få auka nytte ved betre framkomst og føreseieleg køyretid.

Det er ikkje grunnlag for å anta at ei utviding av bruksområdet for bompengar til også å omfatte driftstiltak for kollektivtrafikken, vil føre med seg høgare kostnader for trafikantane samanlikna med bompengeordningar der inntektene berre blir nytta til infrastrukturtiltak.