Komiteen har elles ingen
merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere
slikt
vedtak til lov
om endring i lov om erstatning frå staten for
personskade valda ved straffbar handling m.m. (valdsofferstatningslova)
I
I lov 20. april 2001 om erstatning frå staten for personskade
valda ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova) skal
§ 11 første ledd lyde:
For hvert enkelt skadetilfelle
ytes det ikke høyere voldsoffererstatning enn 40 ganger
grunnbeløpet i folketrygden, jf. folketrygdloven § 1-4.
II
Lova trer i kraft frå den tida Kongen bestemmer.
III
Endringa gjeld for dei tilfelle der det blir søkt om valdsoffererstatning
på grunn av straffbare handlingar e.l. som har funnet stad etter
at lova trådde i kraft.