1. Samandrag

Regjeringa legg i proposisjonen fram reindriftsavtale for 1994-95 og gjer framlegg om dekking av kostnader når det gjeld radioaktivitet i reinkjøt.

       Forhandlingar om ny reindriftsavtale blei innleidde 10. januar 1994. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) la da fram sitt krav til ramme og fordeling. Staten fremma sitt tilbod i møte 31. januar. Etter tingingar 10. og 11. februar kom partane fram til avtale 28. februar 1994.

       I forhandlingane la partane vekt på å følgje opp St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift. Vidare vart det lagt vekt på synspunkt frå Sametinget og frå styret for Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Hovudtyngda i forhandlingane vart lagt på tilpassing av budsjett og regelverk for dei ulike ordningane under reindriftsavtalen i høve til utviklinga i næringa.

       I tillegg til dei økonomiske krava fremma NRL krav om rettshjelpfond for reindrifta, redusert pensjonsalder for reindriftssamar, gjeninnføring av stemplingsplikt og gjennomgang av skatte- og avgiftsmessige tilhøve.

       Avtala har ei ordinær ramme på 77,0 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 4,0 mill. kroner i høve til avtala for 1993-1994.

       Totalrekneskapen for reindrifta for 1992 og budsjettet for 1994 viser hovudtrekka i utviklinga i næringa. Landbruksdepartementet gjer merksam på at inntektstala for 1990 og 1991 i tabell 1 i proposisjonen ikkje er lik tilsvarande tal i St.prp. nr. 66 (1992-1993). Ved ein feil var tidlegslakttilskotet ikkje inkludert i prisane i totalrekneskapane for åra 1987-89. Det var heller ikkje inkludert i tamreinlaga sine prisar for 1990 og 1991. Etter nye utrekningar er talmaterialet korrigert i denne proposisjonen.

       Slakteuttaket var 97.600 dyr i 1992 mot om lag 109.000 dyr i 1991. Årsaka til det store slakteuttaket i 1991 var i hovudsak den sterke forskyvinga frå slakting etter jul til før jul.

       Sjølv om talet på slakta dyr gjekk ned med om lag 10 % frå 1991 til 1992, auka inntektene frå kjøt- og biprodukt med 5,1 %. Kjøtprisen auka samstundes som gjennomsnittsvekta på slaktedyra har auka. Lønsemda er fortsatt lågast i dei områda i Finnmark som har størst problem med dårlege beitetilhøve.

       Etterspurnaden i marknaden er framleis på eit stabilt og høgt nivå, og det er mogeleg at prisane kan halde fram å auke også i 1994 saman med ei heving av kvaliteten på reinen.

       Kostnadene i næringa viser for første gong nedgang. Frå 1991 til 1992 vart samla kostnader redusert frå 69,35 mill. kroner til 63,91 mill. kroner. I førebels rekneskap for 1993 er det rekna med auka kostnader, men dei vil framleis liggje under 1991-nivå.

       Nettoproduktet viser klar betring frå 1991 til 1992 som resultat av moderat auke i dei totale inntektene og reduksjon i dei samla kostnadene. Men resultatmåla « vederlag til arbeid og kapital » og « vederlag til arbeid og eigenkapital » viser ein markert nedgang frå 1991 til 1992. Det heng saman med nedgangen i statstilskota som følgje av lågare satsar.

       Arbeidsforbruket i reindrifta viser ein svak tilbakegang, men det er som tidlegare år store skilnader mellom område når det gjeld arbeidsforbruk.

       Reintalet har gått ned dei seinare åra, slik målet har vore med dei verkemidla som er sette inn gjennom reindriftsavtala. Det er framleis nødvendig å redusere reintalet i mange sentrale område for å sikre den langsiktige utviklinga. Talet på næringsutøvarar må ned for at reintalet i Indre Finnmark skal gå ned, da det er ei grense for kor langt ned ein kan presse reintalet utan at det blir færre utøvarar. Det blir lagt vekt på å nå måla gjennom Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark.

       Den økonomiske og sosiale situasjonen for reineigarar i Finnmark er fortsatt vanskeleg. Det går fram av totalrekneskapen at dei økonomiske resultata er svært dårlege. Det forverrar situasjonen i regionen at det er vanskeleg å finne alternativ inntekt og sysselsetjing. Det er risiko for ny overetablering i næringa før problema med påkjenning på beita er løyst.

       Dei siste to åra har ein ved hjelp av økonomiske verkemiddel fått ei systematisk forskyving av slaktetidspunktet frå vinter til haust i dei sentrale reindriftsområda. Det er slik oppnådd kraftig reduksjon i slitet på vinterbeita.

       Som ledd i Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark er det skipa ei ordning med omstillingsløn til reineigarar som avviklar drifta. Det blir lagt opp til særleg tilpassa utdanningstilbod og tilrettelegging av sysselsetjing for tidlegare reindriftsutøvarar og ungdom frå reindrifta.

       Til utgangen av 1993 har 23 driftseiningar med til saman 5.188 dyr avvikla. Ordninga vil bli vidareført fram til 1. januar 1995. Landbruksdepartementet vil saman med styret for Omstillingsprogrammet gjere ei evaluering av ordninga på bakgrunn av erfaringane til no.

       I avtala for 1992 blei systemet for marknadsregulering av reinkjøt endra. Saman med betra marknadssituasjon for reinkjøt har det ført til at etterspurnaden etter reinkjøt er større i dag enn tidlegare. Som eit resultat av dette kan løyvinga til marknadsfremjande tiltak reduserast til 2,5 mill. kroner frå 4,0 mill. kroner.

       Det er framlegg om å setje av 32,6 mill. kroner til Reindriftens Utviklingsfond. Det gir rom for auka satsing på utvikling og investeringar i næringa. 6,5 mill. kroner av desse midlane blir sett av til forsking og rettleiing etter framlegg frå Reindriftens Forskningsutvalg.

       Partane er samde om å halde løyvinga til prammetenesta til Forsvaret på same nivå.

       Løyvinga til organisasjonsarbeid blir sett ned til 4,3 mill. kroner som ei tilpassing til føringane om gradvis reduksjon i tilskot til organisasjonsarbeid i St.meld. nr. 28 (1991-1992). Løyvingane til medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga blir vidareført uendra med 1,2 mill. respektive 0,6 mill. kroner.

       Løyvinga til distriktstilskot blir sett ned til 9,0 mill. kroner. Til tilskotsordninga til driftseiningar og tamreinlag, som omfattar produksjonstilskot og kalveslakttilskot, blir det sett av 14,7 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 1,3 mill. kroner i høve til avtala for 1993-1994. Produksjonstilskotet blir auka frå 23.000 kroner til 29.000 kroner pr. driftseining, og det blir delt likt mellom ektefeller/sambuarar som driv felles reindrift. Kalveslakttilskotet blir sett til null i Troms og Finnmark, men er uendra i resten av landet. Vektgrensa for å få kalveslakttilskot blir auka frå 14 til 16 kg. Reineigarar i Troms og Finnmark får tidlegslaktetilskot i staden for kalveslakttilskot. Dette har hatt god verknad på fordeling av slaktinga. Det blir sett av 7,8 mill. kroner til ordninga i 1994-1995, og vektgrensa for å få tilskotet blir heva som for kalveslakttilskotet. Under frakttilskotsordninga blir tilskot til transport av levande rein avvikla.

       I samband med forhandlingar om prisar blei partane 28. august 1992 samde om å løyve eit tilskot på 200 kroner pr. dyr til driftseiningar i Aust- og Vest-Finnmark som avviklar. Det blir ikkje sett av midlar til ordninga for 1994-1995, da midlar frå førre året vil vere tilstrekkjeleg.

       Det følgjer tre protokollar som vedlegg til avtala. Protokoll 1 omhandlar oppnemning, mandat og samansetjing av Reindriftens Fagråd. Dette skal erstatta Reindriftens Forskningsutvalg frå og med neste avtaleperiode.

       Protokoll 2 omhandlar reduksjon i reintalet i kvar driftseining. Landbruksdepartementet arbeider med revisjon av reindriftslova, der det vil bli framlegg om ei progressiv beiteavgift. For å ha verkemiddel å setje inn allereie i slaktesesongen 1994- 95, er partane samde om å innføre eit system med stigande slaktekrav med talet på rein i driftseiningar med meir enn 400 dyr. Dei største driftseiningane må slakte meir enn tilveksten for å få tilskot.

       Protokoll 3 omhandlar finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt og prinsippa for vidareføring av slike tiltak neste slaktesesong.

       Staten dekkjer kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka. Det prinsipielle utgangspunktet er det vedtaket om økonomisk skadeløyse som regjeringa fatta 31. juli 1986.

       Endeleg dekking av kostnadene har vore gjort etterskotsvis. Dei siste åra har det vore gitt ei disposisjonsløyving for å gi førebels dekking for gjennomføring av tiltaka. Samla kostnader for slaktesesongen 1993-1994 er venta å bli 3,776 mill. kroner. Det står 2,276 mill. kroner til disposisjon for slaktesesongen 1993-1994. Det er derfor nødvendig med ei løyving på 1,5 mill. kroner til endeleg finansiering av slaktesesongen 1993-1994.

       Ei arbeidsgruppe som blei sett ned etter forhandlingane i 1992 har sett på budsjettstyring og verknader av ulike verkemiddel for å redusere tiltakskostnadene. Den tilrår fortsatt tidlegslakting som hovudverkemiddel, men avgrensa til kalv. Når tidlegslakting ikkje er nok, bør vomtablettar og nedfôring brukast. Konklusjonane til arbeidsgruppa vart lagt til grunn i samband med tiltakspakka for slaktesesongen 1993-1994, og vil vere retningsgivande også neste slaktesesong. Det er framlegg om ei disposisjonsløyving på 5,0 mill. kroner mot 3,0 mill. kroner i 1993. Årsaka til auken er at tiltaksgrensa for omsetnad av reinkjøt blir senka frå 6.000 Bq/kg til 3.000 Bq/kg, og at ein ventar at tiltakskostnadene frå no vil synke seinare enn tidlegare. Det er òg framlegg om å omdisponere inntil 1 mill. kroner frå post 80 Direkte og kostnadssenkande tilskot til dekking av kostnader som gjeld tiltak mot radioaktivitet.

       Som følgje av reindriftsavtalen for 1994-1995 vil det bli ein reduksjon i budsjettpostar på kap. 1151 på 0,45 mill. kroner i 1994. I tillegg er det framlegg om at løyvinga til å dekkje kostnader som følgje av Tsjernobyl-ulykka i slaktesesongen 1993-1994, samt førebels tiltak for sesongen 1994-1995, blir sett til 6,5 mill. kroner.