5. Samandrag av forslag frå departementet

    Fiskeridepartementet ser det som ønskjeleg og realistisk å setje dei nye føresegnene i verk frå og med 1. januar 1995, men det vil ta noko tid før alle ordningane tek til å verke slik dei er meint å gjere.

       Forslaget frå departementet om reglar for bruk av los, for farleibevis og for losbetaling som er lagt fram i dei to meldingane, vil samla sett sjå slik ut:

- Lospliktig farvatn innafor grunnlina med dei unntaka som er nemnde i kapittel 3 i St.meld. nr. 11.
- Sivile farty på 500 BT eller meir i utanriks fart er lospliktige. Dette vil seie at dei anten må nytte los eller ha navigatør med farleibevis for å segle i lospliktig farvatn.
- Farty som har farleg og/eller forureinande last, utan omsyn til fartsområde, skal som hovudregel nytte los dersom dei er på 300 BT eller meir og har dobbel botn eller 100 BT eller meir med enkelt botn.
- Farty som har særs farleg eller forureinande last skal nytte los utan omsyn til storleiken på fartyet og utan omsyn til fartsområde.
- Alle lospliktige farty skal betale losberedskapsgebyr når dei seglar innafor grunnlina.
- Farty som nyttar los, skal betale losberedskapsgebyr og losingsgebyr utan omsyn til kva farvatn dei seglar i.
- Farty som er pliktige til å betale losberedskapsgebyr, kan gjere dette gjennom ei årsavgift utan omsyn til storleiken på fartyet.
- Kystverket kan gi dispensasjon frå kravet om å nytte los for einskilde seglingar dersom det ikkje går utover tryggleiken, til dømes når det er mangel på losar. Fullmakt til å gi dispensasjonar vil bli lagt til losoldermennene.
- Det lyt skipast til overgangsordningar den første tida.
- Ressursramma for lostenesta blir halde omlag uendra dei neste to åra til ordningane har gått seg til. Departementet vil gi ei evaluering av lospliktreglane og røynslene med dei i budsjettproposisjonen for 1998.

       All innanriks fart, slik som riksvegferjer, snøggbåtar, lokalruter og kystgodsbåtar fell utanom kravet til bruk av los eller farleibevis. Det samme gjeld fiskefarty med fast hamn i Noreg. Desse gruppene blir berre pliktige til å betale losberedskapsgebyr dersom dei nyttar los.

       Orlogsfarty, farty som deltar i militære øvingar og andre farty som norske militære styresmakter har kontrahert og driv, fell óg utanom kravet om å nytte los.