1. Samandrag

   I meldinga vert det gjort greie for norsk bistandsverksemd i 1993.

       Første kapittel inneheld eit oversyn over utviklingsliner i nord-sør-tilhøvet. U-landa opplevde ein samla økonomisk vekst på nærare 6 %. Som tidlegare var u-landsveksten svært ujamt fordelt, med over 8 % i Asia, 3-4 % i Midtausten, om lag 3 % i Latin-Amerika og berre 1 1/2 % i Afrika. Trass i ein viss framgang i Afrika er dette langt frå sterkt nok til å kompensere for folketalsauken, noko som samla sett medførte ein realnedgang i inntekt pr. innbyggjar. Verdshandelen auka med 2,7 % i 1993, mot 4,5 % i 1992. Det var dei framgangsrike u-landa som drog det globale gjennomsnittet opp, med ein handelsekspansjon på heile 8 %, mot berre 1 % i den industrialiserte verda.

       Meldinga peikar på at avslutninga av forhandlingane under Uruguayrunden i GATT i desember 1993 representerte eit gjennombrot i arbeidet med å liberalisere verdshandelen. Regelverket vert monaleg styrkt, m.a. ved oppretting av verdshandelsorganisasjonen (World Trade Organisation, WTO) i 1995.

       Den samla utanlandske gjelda i u-landa låg ved utgangen av 1993 på rundt USD 1.700 mrd. Gjelda auka med drygt 6 % frå 1992. Det er dei fattigaste landa, særleg i det sørlege Afrika, som skil seg ut i negativ lei. Mens det i alle andre regionar kan noterast monalege framsteg, er gjeldsproblema i dei afrikanske landa ikkje vesentleg reduserte.

       I meldinga vert det gjeve uttrykk for at nord-sør-dialogen også i 1993 stort sett gjekk føre seg i eit godt samarbeidsklima. I 1993 var det visse teikn til aukande utolsemd og frustrasjon blant u-land. Spenningane knyter seg - som før - til tema som gjeldslette, betre marknadstilgang, krav om auka overføringar av finansielle ressursar og teknologi, strukturtilpassing, kondisjonalitet i bistanden, presset på bistandsbudsjetta i OECD-landa, og u-landa sin frykt for avleiing av bistandsressursar frå sør til aust.

       Arbeidet i Generalforsamlinga i FN vart også i 1993 prega av arbeidet med reformer, spesielt innanfor bistandsverksemda i FN. Avgjerdene baserer seg i prinsippet på tilrådingane frå det nordiske FN-prosjektet, sjølv om desse vart mykje utvatna på vegen.

       Vidare vert det gjort greie for utviklinga i dei internasjonale ressursoverføringane og internasjonal utviklingspolitikk. Den totale offentlege utviklingshjelpa (ODA) frå medlemslanda i OECDs bistandskomité (DAC) viser eit tydeleg fall frå USD 60,8 mrd. i 1992 til USD 54,8 mrd. i 1993. Dette utgjer ein reduksjon på 8 % i høve til 1992. Dei samla ressursoverføringane (ODA, andre offentlege overføringar og overføringar i privat sektor) frå DAC-landa nådde eit rekordnivå i 1993 med USD 160 mrd. mot USD 153 mrd. i 1992. Auken skuldast det høge nivået i dei private overføringane, som kom opp i USD 88 mrd. Det vert framheva i meldinga at sjølv om det globalt har vore vekst i dei finansielle overføringane til u-landa, gjev ressurssituasjonen grunn til uro for mange av desse, særleg dei fattigaste. Av DAC-landa hadde Noreg i 1992 førsteplassen, med eit bistandsnivå tilsvarande 1,16 % av BNI. I 1993 gjekk denne delen ned til 1,01 % og Danmark overtok førsteplassen med 1,03 %. Danmark og Noreg var dei einaste landa med meir enn 1 % av BNI til bistand.

       Kapittel 2 i meldinga gjev eit oversyn over hovudtrekka ved norsk samhandel med utviklingslanda i 1993. Noreg har generelt sett låg eksport til utviklingsland, om lag 8-9 % av den samla eksporten. Utviklingslanda sin del av den samla norske importen har auka med 3 prosentpoeng i perioden 1986-93 frå 6,6 % i 1986 til 9,5 % i 1993. Det vert no importert ein mykje større del ferdigvarer, om lag 8 % av all u-landsimport. Trass i denne auken er Noreg framleis mellom dei OECD-landa som har den lågaste importdelen frå u-land.

       Det vert vidare vist til at Stortinget under drøftingane om St.meld. nr. 51 (1991-1992) Om utviklingstrekk i nord-sør-forholdet og Norges samarbeid med utviklingslandene (jf. Innst.S.nr.195 (1992-1993)) i hovudsak slutta seg til dei prinsippa og måla som er nedfelte i meldinga. Det vert vidare peika på at arbeidet med å gjere bistandsadministrasjonen mest mogeleg effektiv går kontinuerleg framover, og at det vert gjennomført ei integrering mellom dei stadlege NORAD-representasjonane og ambassadane.

       Norsk bistandspolitikk vart gjennomgått av DAC ved ein eksaminasjon i februar 1993. Komiteen sa seg svært nøgd med den norske vektlegginga av mottakaransvar, støtta til utvikling av demokrati og fremje av menneskerettar, reform av offentleg sektor og utvikling av den private sektoren. Noreg fekk ros for si internasjonale pådrivarrolle på område som miljø og utvikling, kvinner i utviklingsprosessen, befolkningsspørsmål, styrking av FN-systemet og løysing av multilaterale gjeldsproblem. Det vart påpeika at Noreg har eit heller lite utbygd tilhøve til utviklingslanda når det gjeld handel og investeringar.

       Den reine multilaterale og multi-bi-bistanden gjekk nominelt ned i 1993, og utgjorde om lag NOK 3.181,4 mill. Prosentandelen og den samla bistanden gjekk ikkje tilbake, og var på 44,2 %. Den reine bilaterale bistanden gjekk noko ned i 1993 og var på NOK 3.738 mill., eller 51,9 % av totalen. Litt over halvparten av den bilaterale bistanden gjekk til Afrika, og 22 % gjekk til Asia. Tanzania og Mosambik er dei to største mottakarlanda.

       I meldinga vert det peika på at borgarkrig og naturkatastrofar aukar trongen for naudhjelp, og at det no vert lagt aukande vekt på førebyggjande arbeid i flyktningeproblematikken. Norske private organisasjonar var også i 1993 viktige formidlarar av norsk naudhjelp og humanitær bistand.

       Eitt av dei overordna måla for norsk bistand er å medverke til ei berekraftig utvikling og ei økologisk forsvarleg forvalting av naturressursane i utviklingslanda. Total miljøstøtte utgjorde i 1993 NOK 1.211,7 mill.

       Den totale kvinneretta bistanden kom i 1993 opp i NOK 1.283,4 mill., eller 17,8 % av all bistand.

       Det vert vidare vist til at barn er ei viktig målgruppe i norsk utviklingshjelp, og at det har vore arbeidd med å setje i verk strategien for støtte til barn i bistanden som vart utarbeidd i 1992.

       I meldinga vert det vist til at respekt for universielle og grunnleggjande menneskerettar og støtte til demokratisk samfunnsutvikling er eit viktig element i norsk bistandspolitikk. Nye landstrategiar utarbeidde i 1993 har lagt auka vekt på demokratistøtte og menneskerettar.

       Meldinga slår fast at det i aukande grad har vore lagt vekt på bistandsinnsats som stimulerer den produktive sektoren i programlanda, og at ein går inn for å få norsk næringsliv aktivt med i dette arbeidet. Løyvingane til næringslivsordningane vart ikkje nytta fullt ut i 1993, noko som i første rekkje skuldast innføring av nye OECD-reglar.

       Meldinga viser óg til at etter at kreditorlanda i Parisklubben på slutten av 1991 kom fram til semje om dei såkalla Trinidad-vilkåra for dei fattigaste landa, har fleire land i 1993 fått redusert si gjeld med 50 %. Dei nordiske landa har arbeidd aktivt for at dei fattigaste landa skal få opp til 80 % gjeldslette.

       Dei nordiske landa har stort sett samanfallande syn på u-landsproblematikken, og bistandsansvarlege ministrar legg stor vekt på å halde kontakt om bistandspolitiske spørsmål.

       Det framgår at dei samla norske utbetalingane til utviklingshjelp og humanitært hjelpearbeid i 1993 utgjorde NOK 7.203,4 mill., samanlikna med NOK 7.921 mill. året før.

       I kapittel 3 vert det gjeve ein nærare omtale av samarbeidet med internasjonale organisasjonar i 1993. Noreg sitt generelle bidrag til dei multilaterale organisasjonane og internasjonale private organisasjonar var på i alt NOK 2.576,6 mill., eller 35,8 % av den samla bistanden, mot NOK 2.934,3 mill., eller 37,1 % av den samla bistanden året før. Dei største mottakarane var FNs utviklingsprogram (UNDP) og Det internasjonale utviklingsfondet (IDA). Vidare vart det gjeve monaleg støtte til matvarehjelp, hovudsakleg gjennom FNs matvareprogram (WFP). Andre store mottakarar var UNICEF, FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR), FNs befolkningsfond (UNFPA) og Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF).

       Det heiter vidare at den aukande økonomiske innstramminga melde seg først i 1992, etter fleire vekstår for mange av organisasjonane. Tingingane som vart innleidde i 1993 om kapitalpåfylling i dei asiatiske og afrikanske utviklingsfonda, viste på eit tidleg stadium at det neppe ville vere realistisk å halde ved lag realnivået her. Meldinga legg elles vekt på at dei fleste og største fonda, programma og særorganisasjonane i FN i 1993 merka ei vidare svekking i form av reduserte frivillige bidrag frå dei fleste gjevarlanda.

       UNDP er den største organisasjonen for fagleg bistand i FN-systemet, og det generelle norske bidraget på NOK 500 mill. representerte 8 % av dei regulære bidraga i 1993, noko som gjorde Noreg til sjette største bidragsytar. Norden stod til saman for 26 % av midlane.

       Meldinga trekkjer vidare fram at den norske innsatsen andsynes Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane i Afrika, Asia og Latin-Amerika i 1993 konsentrerte seg om å styrkje bankane si rolle som utviklingsinstitusjonar og om å gjere utviklingsverksemda meir fattigdomsorientert. Noreg deltek aktivt i arbeidet med å etablere tiltak for å lette gjeldsbøra og sikre auka ressursoverføringar til utviklingslanda, særleg til dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa i Afrika sør for Sahara. Det vert vist til at i 1993 vart det brukt NOK 604,8 mill. eller 8,4 % av den samla bistanden til multi-bi-samarbeid, og at av dei samla løyvingane til multi-bi-samarbeid gjekk 29,3 % til miljøretta tiltak og 22,3 % til kvinneretta tiltak. Det heiter vidare at om lag 40 % av midlane vart nytta til prosjekt i Afrika.

       Kapittel 4 i meldinga omtalar den bilaterale bistanden til programlanda og andre viktige mottakarland. Det vert peika på at ei utvikling mot demokratisk fleirpartistyre er i gang i fleire land i det sørlege Afrika, og at mange av landa gjennomfører økonomiske reformer. Det vert vidare understreka at tyngdepunktet i verdsøkonomien er i ferd med å flytte seg til Asia, der dei aust- og søraustasiatiske landa, ikkje minst Kina med ein vekstrate på 12 % no utgjer dei mest dynamiske områda i verdsøkonomien. Den politiske situasjonen i Mellom-Amerika var i 1993 prega av ustabilitet. Ein del land har hatt økonomisk vekst utan at dei sosiale kåra er blitt betre for befolkninga generelt.

       Det heiter vidare at i 1993 gjekk NOK 3.738 mill. av Noreg sin totale netto bistand til bilaterale føremål mot NOK 4.125 mill. året før. I 1993 gjekk 45,8 % av den totale bilaterale bistanden til programlanda. Konsentrasjonen om programlanda er markert svakare. Afrika sin del gjekk tilbake frå 58,8 % i 1992 til 52,7 % i 1993. Den bilaterale bistanden til Asia var i 1993 22,3 % av totalen mot 23,1 % året før. Bistand til Latin-Amerika utgjorde 7,5 % mot 8,6 % i 1992. Bilateral bistand til Europa (hovudsakleg til det tidlegare Jugoslavia) auka frå NOK 28 mill. i 1992 til NOK 181 mill. i 1993, som tilsvarar 3,7 % av den bilaterale bistanden. Resten av bistanden gjekk til land i Stillehavsregionen og til tiltak som ikkje let seg fordele geografisk.

       Når det gjeld hovudsektorane for bistanden, er det berre mindre forskyvingar i høve til 1992. Vass- og kraftforsyning, transport og kommunikasjon var framleis den største sektoren. Dei nest største innsatsområda var dei sosiale sektorane helse og familieplanlegging, utdanning og sosial infrastruktur. Deretter følgde humanitært hjelpearbeid med 16 % mot 13,2 % i 1992.

       Når det gjeld bistandsformer, auka prosjektbistanden sin del av bilateral bistand frå 50,6 % i 1992 til 62 % i 1993, mens programbistanden utgjorde 11 % mot 15,9 % i 1992. Varebistand og importstøtte utgjorde berre 5,6 % av den totale bilaterale bistanden mot 8 % i 1992. Fagleg bistand utgjorde 17,6 %, tilnærma det same som året før. Lånebistanden og blanda kredittar gjekk ned frå 7,5 % i 1992 til 3,8 % i 1993.

       Kapittel 5 i meldinga gjev eit oversyn over spesielle tiltak. Av løyvingane til private organisasjonar, der forbruket i 1993 totalt var på NOK 543,0 mill., vart 82,9 % kanalisert gjennom norske organisasjonar, og 16,4 % til lokale organisasjonar i dei norske programlanda. I tillegg vart større midlar til humanitær bistand kanalisert via private organisasjonar. Meldinga viser til at ein styrkt dialog mellom NORAD-organisasjonane har gjeve organisasjonane betre forståing for bistandsfaglege prinsipp og nye krav til organisasjonane si bistandsverksemd, samstundes som den breiare dialogen har skapt opnare tilhøve mellom NORAD og organisasjonane.

       Det heiter vidare at ordningane for næringslivssamarbeid med u-landa skal vere eit incitament for norsk næringsliv til å medverke til oppbygginga av dei produktive sektorane i u-landa for å støtte opp om berekraftig utvikling.

       Støtta til produktiv sektor vert omtala. Parallelt med at utviklinga mot auka privatisering skyt fart i dei fleste programlanda, aukar NORAD-innsatsen retta mot denne sektoren. I tråd med dette går ein stor del av bistanden til programlanda i dag til styrking av kompetanse og kapasitet i sentrale delar i offentleg forvaltning for å betre rammevilkåra for privat produksjon.

       Vidare går meldinga inn på oppfølginga av barnestrategien, og nemner at det vil bli satsa for å auke bistandsadministrasjonen si innsikt og forståing for barn og deira situasjon. Følgjande innsatsområde skal prioriterast: Barns rettar og offentleg forvaltning, helse og ernæring, omsorg og tidleg stimulering av barn, utdanning og hjelp til utsette barnegrupper.

       I meldinga vert det vidare gjort greie for utviklingsforsking og informasjonsverksemda. Over forskingskapitlet i bistandsbudsjettet vart det totalt ytt NOK 22,6 mill. til norsk og nordisk bistandsrelatert utviklingsforsking i 1993, mot NOK 18,1 mill. i 1992. Det overordna målet for informasjonsverksemda i 1993 har vore å spreie kunnskap om nord-sør-spørsmål, om norsk og internasjonalt bistandssamarbeid og om situasjonen i utviklingslanda - med vekt på våre programland og samarbeidsregionar.

       Meldinga tek føre seg miljøtiltak i samarbeid med UNCED. Det vert opplyst at Noreg vart medlem av Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), og skal delta i dei to første åra av arbeidet til CSD. Det heiter vidare at retningslinene for bruken av miljøløyvinga vart reviderte i 1993, og at det vart utbetalt NOK 60 mill. under denne løyvinga mot NOK 80,8 mill. i 1992. Ein del av SSE-programmet vart finansiert over ei eiga løyving. Det vert gjort greie for løyvingane til Sahel-programmet. I 1993 vart det løyvt totalt NOK 139,5 mill. mot NOK 144,5 mill. til tiltak i regi av norske og internasjonale organisasjonar, multilaterale organisasjonar og til samarbeidsprogram mellom norske og afrikanske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

       Meldinga går inn på den særskilde løyvinga til tiltak for å betre kvinners situasjon (kvinneløyvinga). For 1993 vart det brukt NOK 32,9 mill. mot NOK 32,4 mill. i 1992.

       Særløyvingar for tiltak mot AIDS vert i hovudsak nytta til førebyggjande tiltak. Frå norsk side legg ein særleg vekt på tiltak retta mot kvinner og born. I 1993 vart det brukt NOK 64,6 mill. i tiltak mot AIDS mot NOK 67,9 mill. i 1992. U-landsrelevant forsking i internasjonale institutt og program vart i 1993 støtta med i alt NOK 85,4 mill. mot NOK 87 mill. i 1992. Bidraga er særleg retta mot forsking innan medisin og landbruk. Det vart i 1993 utbetalt i alt NOK 20,1 mill. til kulturtiltak i u-landa mot NOK 13,7 mill. i 1992.

       Kapittel 6 i meldinga gjev eit oversyn over den humanitære bistanden, demokratistøtta og menneskerettar. Under omtalen av støtta til FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR) heiter det at Noreg sitt ordinære tilskot til dei generelle UNHCR-programma var på NOK 130 mill. I tillegg vart det utbetalt NOK 194,4 mill. til ulike særskilde program. Saman med monalege tilskot til Høgkommissæren sin hjelpeinnsats i det tidlegare Jugoslavia, vart det samla norske bidraget til UNHCR i 1993 NOK 324,4 mill. mot NOK 304 mill. i 1992.

       Dei norske utbetalingane til humanitært hjelpearbeid har gått noko opp frå NOK 1.017,6 mill. i 1992 til NOK 1.072,8 mill. i 1993. Som tidlegare år gjekk dei største tildelingane til innsats i Afrika.

       Under løyvinga til støtte for demokrati og utvikling av nasjonalt sjølvstende vart det i 1993 utbetalt NOK 51,6 mill. Dei største mottakarane var Chile, El Salvador og Kambodsja.

       Kapittel 7 tek m.a. for seg evalueringsverksemda i 1993, som omfattar multilaterale og bilaterale organisasjonar, finansieringsordningar, program og prosjekt. Det vert opplyst at ei omfattande evaluering av private organisasjonar som kanal for norsk bistand vart starta i 1992, og at rapporten frå første fase vart gjort ferdig i 1993. Andre og siste fase vil bli avslutta i 1994.

       Om rekneskapstala i høve til budsjettet i 1992 heiter det vidare at overføringane frå 1993 til 1994 er auka til 6,5 % av midlar til disposisjon i 1993, noko som representerer eit brot på den minkande tendensen frå dei tre føregåande åra. Det vert understreka at det framleis er departementet sitt mål å halde overføringane på eit lågt nivå, og at ein vil drøfte tiltak med sikte på å redusere overføringane sin del av disponible midlar. Eit særskilt problem som må drøftast nøye, knyter seg til underforbruket i samband med næringslivsordningane, heiter det vidare i meldinga.