1. Innledning

   Til Stortinget.

       Stortingsrepresentant Carl I Hagen har den 9. mars 1995 sett fram følgjande forslag:

« I.

       Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige lov- eller forskriftsforslag som medfører at asylsøkere som benytter stjålet pass, falskt pass og flybilletter kjøpt i Norge automatisk får avslått sin søknad om asyl.

II.

       Stortinget ber Regjeringen fremme de nødvendige lov- eller forskriftsforslag som medfører at flyktninger eller andre utlendinger som aktivt assisterer asylsøkeres reise til Norge basert på bruk av stjålet eller falskt pass eller billetter kjøpt i Norge automatisk får sin oppholdstillatelse inndratt, samt blir sendt ut av landet. »

       I grunngjevinga for forslaget heiter det m.a. at meldingar i media omkring innsmugling av asylsøkjarar frå Somalia viser at norsk innvandringsstopp blir omgått særs lettvint. I fjor kom halvparten av dei somaliske asylsøkjarane til Noreg på stolne norske utlendingspass. Fleire somaliarar har fått bøter på mellom 3.000 og 5.000 kroner for å ha « missa » passet i den hensikt å hjelpe ein annan til å kome til Noreg. Det er innført visumplikt for personar frå Somalia, men ved å bruke eit norsk utlendingspass kan somaliske asylsøkjarar reise i transitt fram til Noreg. Dette blir ikkje sett på som menneskesmugling. Dei som misbruker sitt utlendingspass på denne måten, misser retten til å få eit nytt pass. Sjølv om asylsøkjarane kjem til Noreg på falskt pass, får vedkomande opphaldsløyve dersom han oppfyller asylretten.

       Når det gjeld tamilske asylsøkjarar, er det kome fram opplysningar som tyder på at 95 % av desse er økonomiske innvandrarar, og at det vert nytta menneskesmuglarar for å omgå den norske innvandrings- og flyktningepolitikken.

       Forslagsstillaren meiner det er naudsynt med ei radikal omlegging av lover, reglar og praktisering for å sette ein effektiv stoppar for den trafikken som nå er avslørt. Den einaste effektive måten å stoppe menneskesmugling på vil, etter forslagsstillaren sitt syn, vere ei automatisk oppheving av opphaldsløyve og flyktningestatus i Noreg samt omgåande utsending.