1. Kap. 1066 Lostenesta

       Fiskeridepartementet foreslår i proposisjonen

1. å auka løyvinga på kap. 1066 Lostenesta for 1995 med i alt 29,2 mill. kroner
2. at utgifter og inntekter for lostenesta for 1995 og 1996 kan sjåast i samanheng.

       Som bakgrunn for forslaga kan det visast til at i St.meld. nr. 43 (1993-1994) Losgebyr og losplikt og i tilleggsmeldinga St.meld. nr. 11 (1994-1995) er det ein føresetnad at ressursane i lostenesta skal haldast på om lag same nivå dei næraste to til tre åra til ein har gjort ei evaluering av dei nye losplikt- og losgebyrordningane. Det er difor naudsynt å fastleggje nærare dei rammene som skal gjelde for lostenesta i denne tida.

       På grunn av dei auka inntektene som trafikkauken langs norskekysten har ført til, har lostenesta dei seinare åra fått meirinntektsfullmakter.

       Den verkelege ressursramma for lostenesta har vore noko høgare enn dei årlege løyvingane.

       For å dekkja etterspurnaden etter lostenester har lostenesta trong til auka ressursar i 1995.

       Det har likevel synt seg at reglane og satsane for gebyra samla sett ikkje gir inntekter som dekkjer utgiftene.

       Etter Fiskeridepartementet si vurdering er det særs uheldig med store og hyppige endringar i gebyrsatsane. Fiskeridepartementet vil gå inn for at inntekter og utgifter for lostenesta vert sett samla for 1995 og 1996. Då kan ein auke på 10 % i gebyrsatsane frå 15. september 1995 og ut 1996 gi ei inntekt som dekkjer utgiftene for dei to åra samla, jf. utkast til vedtak i romertall II.

       I budsjettframlegget for 1996 er det ikkje teke omsyn til dette. Med den auken i gebyra som er sett i verk frå 15. september 1995, vil omlag 15 mill. kroner i utgifter i 1995 stå udekte. Dette tek departementet sikte på å innarbeide i budsjettet for 1996 anten i salderinga av budsjettet for 1996 eller når budsjettet for 1996 seinare vert revidert.