3. Andre forhold

       Departementet vil drøfte med Noregs forskingsråd eit prosjekt om departementet si historie. Det vert ingen kostnader med dette i 1995.

       Komiteen tek departementet sine planar om å få skrive si historie, og starta med dei fyrste 100 år, til orientering.

       Komiteens medlem representanten Christiansen vil understreke at dersom departementet gjennomfører prosjektet med å skrive sin historie, må kostnadene til et slikt prosjekt dekkes innen de rammer departementet disponerer og ikke baseres på at budsjettet skal økes eller på at det skal gis særskilte bevilgninger.

       Når det gjeld verkemiddel for skuleverket i Nord-Noreg, fremjar departementet eit retta utkast til vedtak som skal erstatte pkt. 7 i framlegget til vedtak i St.prp. nr. 4 (1995-1996), jf. brev til komiteen 3. november 1995.

       Proposisjonen vart fremja same dag som komiteen avga innstilling i saka med endra framlegg til vedtak, jf. Innst.S.nr.34 (1995-1996). Stortinget har såleis allereie gjort vedtak om nedskriving av studielån i denne samanhengen, og departementet sitt framlegg til vedtak II fell difor bort.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, syner til Innst.S.nr.4 (1995-1996) og vedtak i Stortinget 16. november 1995 om at nedskrivingsprosenten for utdanningslån for dei som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og Nord-Troms, framleis skal vera på 10 % av lånegjelda, likevel avgrensa til høgst kr 16.500 kvart år.