1. Samandrag

    Dette forslaget vert fremja i dokumentet:

       « Stortinget ber Regjeringa utarbeide utkast til lov om erstatning til dei personane som har vorti lobotomerte ved norske sjukehus. »

       I grunngjevinga for framlegget viser forslagsstillaren mellom anna til at eit av nabolanda våre vedtok forbod mot lobotomi i 1951, og at 25 av dei 33 søknadene om billighetserstatning for lobotomi som Stortinget handsama 12. juni 1995, kom frå personar som vart opererte og øydelagte av våre heimlege hjernekirurgar etter at lobotomiforbodet var vedtatt hos naboen i aust.

       Forslagsstillaren viser vidare til at skandinaviske psykiatarar drøfta skadeverknadene av lobotomi nokså ope, m.a. på den skandinaviske psykiatrikongressen i København i 1946. Spesialistane diskuterte og gjorde greie for avflating av kjensler, reduksjon av evna til samvetskjensle, interesseavstumping, tap av evna til å drømme, tap av evna til å setje seg fjerne mål, fantasere, leggje planar osv.

       Etter forslagsstillaren si meining er desse eksempla grunnlag nok til å slå fast at Helsedirektoratet bygde på feil faktum da dei i ei utgreiing av 15. mars 1989 slo fast at:

       « Lobotomi var en akseptert behandlingsmetode i Norge og ellers i verden på tidspunktet det ble utført. Inngrepet ble den gang ansett for å være forsvarlig ut fra kunnskapen som fantes på området. »

       Det riktige etter forslagsstillaren si meining er at dei som hadde makta i norsk psykiatri, meinte det var « forsvarleg » å lobotomere visse pasientkategoriar sjølv om dei var vel kjende med skadeverknadene på dei pasientane som overlevde.

       Det vert vist til St.prp. nr. 44 (1994-1995) der det står at

       « lobotomi i seg selv ikke kan begrunne erstatning idet det er lagt til grunn at metoden ble ansett som forsvarlig på den tid den var i bruk ».

       Etter forslagsstillaren si meining er det her lagt til grunn den feilaktige påstanden som Helsedirektoratet formulerte i 1989.

       Etter forslagsstillaren sitt syn er den ordninga vi i dag har med billighetserstatning (rettferdsvederlag), heilt ubrukeleg til å yte erstatning til dei som vart lobotomerte. Etter hans meining blir det ei ny krenking når dei lobotomerte skal sorterast etter dei kriteriane som ligg til grunn for vurdering av billighetserstatningssaker. Billighetsprinsippet om at ein berre skal gi « erstatning der det foreligger omstendigheter som tilsier at søker har kommet spesielt dårlig ut i forhold til andre lobotomerte », tar ikkje omsyn til at lobotomering var eit overgrep i seg sjølv.

       I juni 1995 ba Stortinget Regjeringa sette ned eit utval som på generelt grunnlag skal vurdere « hvorvidt det anses å være berettiget med generelle støtteordninger for alle som har blitt behandlet med lobotomi ».

       Forslagsstillaren uttalar at fleirtalet ville overlate til Regjeringa å følgje opp saka, men det var i alle fall klart at det var støtteordningar og ikkje erstatning det var snakk om. Eit forslag frå Raud Valallianse om at staten skal betale erstatning til alle som vart lobotomerte, vart sendt over til Regjeringa utan realitetshandsaming i Stortinget. Regjeringa har seinare sagt frå at den ikkje vil følgje opp dette forslaget.

       Dette er etter forslagsstillaren si meining heilt utilstrekkeleg. Han peikar på at lobotomi var omstridd også blant fagfolk, men at metoden vart brukt fordi dei som hadde makta over norsk psykiatri, ville det slik. Det er heva over tvil at dei lobotomerte vart påførte store lidingar, og at det er snakk om mange øydelagte liv. Det er ikkje mogleg å gjere dette godt igjen, men ei erstatningsordning for dei overlevande er i alle fall ei stadfesting av at det var overgrep dei vart utsette for.

       Forslagsstillaren viser òg til at Danmark i 1986 fekk ei lov om erstatning til ofra for psykiatrisk LSD-behandling. Denne lova gir grunnlag for erstatning til dei som kan påvise at dei har vore utsette for slik behandling. Forslagsstillaren meiner det er bruk for ei liknande lov om erstatning til dei som vart lobotomerte i Noreg.