Innstilling frå justiskomiteen om årsmelding for Datatilsynet 1994.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 204 (1995-1996)
  • Kjeldedokument: St.meld. nr. 27 (1995-96)
  • Dato: 15.05.1996
  • Utgjevar: justiskomiteen

1. Samandrag

1.1 Innleiing

       Datatilsynet vart oppretta i 1980. Tilsynet handsamar søknader om konsesjon for personregister, kontrollerer at lover og reglar som gjeld personregister og bruk av personopplysningar blir følgde og gir rettleiing og informasjon om personvern og dei reglane som gjeld for personregister.

1.2 Revisjon av personregisterlova

       Departementet meiner tida no er inne for ein generell gjennomgang av personregisterlova og tilhøyrande lovgjeving, og har oppnemnt eit utval som skal vurdere endringar i personregisterlova. Utgreiinga skal m.a. omfatte følgjande punkt: konsesjonsordninga i personregisterlova, Datatilsynet si rolle, varslingsplikt og innsynsrett, internasjonale reglar, utanlandsk rett og tilhøvet til forskriftsverket.

1.3 Justisdepartementet sine merknader til dei einskilde punkta i Datatilsynet si årsmelding

       Datatilsynet peikar på interessante utviklingstrekk m.a. med omsyn til auka bruk av større nettverk i og utanfor forvaltninga. Desse problemstillingane er dels omfatta av det nye utvalet sitt mandat og vert òg handsama i departementet.

       Når det gjeld løyve til samkøyring av skatteavrekninga i samband med refusjonskrav frå sosialkontoret, viser departementet til at sosialtenestelova § 5-10 som gav heimel for refusjon for ytt sosial stønad i krav på tilbakebetalt skatt no er oppheva.

       Utforming av eit regelverk for informasjonstryggleik har tidlegare vore utgreidd og eit forslag om eit felles regelverk har vore på høyring. Forslaget fekk liten tilslutnad. Det er no semje mellom dei berørte departementa om at ein ikkje skal gå inn for eit felles regelverk. Samordningsbehovet vil i staden bli ivareteke ved at det vert etablert eit tverrdepartementalt råd i regi av Administrasjonsdepartementet. Her kan ein utveksle erfaringar om informasjonstryggleik knytta til IT og eventuelt ta initiativ til nye tiltak. Rådet skal òg utgreie ulike verkemiddel som kan fremje informasjonstryggleik generelt. I samband med handsaminga av St.meld. nr. 33 (1994-1995) vedtok Stortinget å be Regjeringa vurdere å opprette eit eige sertifiserings- og rådgjevingsorgan for sikrare dataløysingar. Saka vil bli drøfta i det nye rådet.

       Det er sett ned eit utval som skal vurdere om privat etterforskingsverksemd bør lovregulerast. Utvalet vil leggje fram si utgreiing i 1996.

       Departementet har merka seg Datatilsynet sitt syn på bruk av fjernsynsovervaking. Dei nye reglane om slik overvaking har berre vore i kraft vel eit år og departementet meiner det bør gå noko lenger tid før ein vurderer reglane med tanke på ein revisjon. Når det gjeld fjernsynsovervaking av arbeidsstad, vil behov for endra reglar bli vurdert av Direktoratet for arbeidstilsynet og Kommunal- og arbeidsdepartementet.

       Ei arbeidsgruppe la i 1994 fram ei utgreiing med forslag til reglar for innhald og bruk av politiet sine konsesjonsfrie arbeidsregister. Utgreiinga har vore på høyring. Politiet sin tilgang til tredjemann sine register må avhenge av ein konkret vurdering i det einskilde tilfellet, og vert regulert av reglane om vitneplikt, utleveringspålegg og beslag i straffeprosesslova.

       Datatilsynet peikar på spørsmålet om det skal stillast krav om samtykke frå deltakarar i forskingsprosjekt. I eit høyringsbrev har departementet gjort framlegg om endringar i personregister-føresegna slik at forskingsregister oppretta med samtykke frå dei registrerte på visse vilkår skal vere fritekne frå konsesjonsplikt.

       Når det gjeld telekommunikasjon, viser departementet til St.meld. nr. 33 (1994-1995) Personvern og telekommunikasjon som vart handsama i Stortinget i 1995. Meldinga inneheldt m.a. omtala av den såkalla Sentaks-saka.

       Forbrukarombodet får kvart år melding frå forbrukarar som får varer eller tenester dei ikkje har bestilt og rekninga for dette. Denne salsforma vert kalla negativt sal og kan verke urimeleg overfor forbrukarane, men ein har ikkje effektive sanksjonar mot dei som driv slik verksemd. Ombodet får òg meldingar frå næringsdrivande som mottek rekning for at dei står i EDB-baserte register til bruk i opplysningsverksemd utan at dei har bede om å bli registrert eller gitt samtykke til slik registrering. Slike saker ligg utanfor Forbrukarombodet sin kompetanse.

       Bruk av kunderegister i marknadsføringssamanheng er ikkje ei stor fare for personvernet, men den auka mengda av adressert reklame vert av mange opplevd som ei byrde. Departementet er einig med Datatilsynet at det er for vanskeleg for forbrukarar å verne seg mot uønska reklame, og at oppretting av eit sentralt reservasjonsregister vil gjere dette enklare. Eit direktiv om fjernsal er under handsaming i EU. Noreg kan bli omfatta av direktivet etter EØS-avtala og må i så fall innføre system for å sikre at forbrukarar kan reservere seg mot uønska former for fjernsal. Pliktene etter lova vil vere meir omfattande enn det som ein legg opp til med det sentrale reservasjonsregisteret. Det er uklart om direktivet vil bli vedteke i løpet av våren 1996. Departementet arbeider aktivt vidare med planane om å opprette eit reservasjonsregister.

1.4 Årsmelding for Datatilsynet 1994

       1990-åra er prega av ynskje om å knytte saman sjølvstendige databasar, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Tilknyting til det verdsomspennande nettet Internet veks snøgt. Dersom tryggleiken vert betre på Internet, vil nettet i auka grad kunne takast i bruk for m.a. elektroniske betalingssystem. Overgang frå ei reint forskingsmessig tilknyting og bruk slik Internet opprinneleg var oppretta for, og til bruk i kommersiell samanheng, vil vere eit av dei viktigaste utviklingstrekka i tida framover. Ei anna utviklingstrend er ein kraftig auke i bruken av elektronisk post. Vi vil òg sjå ein auke av handtering av informasjon berre via elektroniske media. Teknologiutviklinga kan gje auka effektivitet, men samstundes uønska kontroll og overvaking. Det bør drøftast om opplysningar samla inn til eit føremål skal kunne nyttast til andre føremål utan at lovgjevar konkret har teke stilling til dette. T.d. vert Lausøyreregisteret, som er eit tinglysingsregister for rettar og pant til lausøyre, òg nytta som kjelde til kredittopplysning.

       Datatilsynet har registrert at offentlege organ oftare ynskjer å kople personregister av kontrollomsyn. Når samkøyringa skal nyttast som vedtaksgrunnlag er det særleg viktig at innhaldet av dei personregistra som vert samkøyrte har god kvalitet. Det kan vere naudsynt å etablere manuelle sakshandsamingsrutinar med vekt på kvalitetskontroll i slike tilfelle. Datatilsynet vurderer generelt om formålet med samkøyringa står i rimeleg høve til reglar som vart gitt i den opprinnelege konsesjonen, og gjer elles ei ulempe- og nyttevurdering når søknader om samkøyring skal vurderast. Andre viktige moment knyter seg til kva lovheimel som vert påberopt, tilhøvet til eksisterande teiepliktreglar og informasjon til dei som vert registrerte. Datatilsynet har m.a. handsama søknader om løyve til samkøyring av skatteavrekninga i samband med sosialkontora sine refusjonskrav ved tilbakebetaling av skatt.

       Datatilsynet meiner det er særs viktig å få på plass sikringsføresegner for personopplysningar og å få oppretta eit sertifiseringsorgan som kan teste tryggleiken til EDB-systema på marknaden. 1994 har også vore eit år der tilknyting til store verdsomspennande nettverk, t.d. Internet har eksplodert. Datatilsynet avslo først ein søknad frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om å leggje den nasjonale vitnemålsdatabasen ut på Internet. Etter ein ny søknad med betre sikringstiltak har Tilsynet godkjent søknaden. Og sjukehusa har signalisert at dei har behov for å koplast inn i nettverk til Internet. Datatilsynet vil avslå slike koplingar til dei helsefaglege og helsepolitiske vurderingar med omsyn til ynskje, behov og sikringstiltak er gjort. Datatilsynet uttaler elles at EDB-utstyr generelt er for dårleg sikra mot tjuveri.

       Tilsynet har fått søknad frå eit privat etterforskingsbyrå om løyve til å føre personregister, og frå ei bedrift om oppretting av eit granskingsregister internt i bedrifta. I begge tilfella vart det fleirtal i Datatilsynet sitt styre for at konsesjon kunne gjevast på strenge vilkår. Avgjerda i saka om privat etterforsking vart seinare omgjort, og konsesjonen trekt av Justisdepartementet.

       Erfaringane med reglane i personregisterlova om fjernsynsovervaking tyder på at dei vil kunne bli vanskelege å handheve mellom anna med omsyn til likehandsaming. Datatilsynet meiner reglane er for skjønnsprega. Det er heller ikkje knytt sanksjonar til reglane.

       Etter strafferegistreringslova har politiet heimel til å registrere personopplysingar. Datatilsynet si oppgåve er avgrensa til å setje krav om tryggleik og drive generell tilsynsverksemd. Politiet sin tilgang til tredjemann sine register har vore aktuell òg i 1994. Datatilsynet meiner det er naudsynt med ein form for interesseveging før politiet får tilgang til slike register. Det beste vil vere om politiet i slike tilfelle må innhente ei uavhengig vurdering frå ein domstol. Etter gjeldande rett er dette ikkje alltid naudsynt. Datatilsynet har vore med i ei arbeidsgruppe om politiet sine arbeidsregister. Gruppa har lagt fram forslag til endringar i føresegnene til strafferegistreringslova. Datatilsynet meiner det er behov for meir detaljerte føresegner om desse registra.

       Datatilsynet får kvart år mange søknader om oppretting av personregister i samband med forsking. Datatilsynet sin hovudregel er at samtykke skal innhentast før ein gjev løyve til personregister til forskingsføremål. Kravet er sterkare jo meir sensitive data det gjeld. Unntak kan gjerast der det ikkje dreier seg om sensitive data, eller der data er anonymisert. Eit utval som har avgitt innstilling om bruk og utlevering av personopplysningar frå helsevesenet, konkluderer med at det er naudsynt med sentrale helseregister for å kunne drive epidemiologisk og klinisk forsking. Registra skal vere såkalla pseudonyme, slik at direkte identifikasjon vil vere umogleg. Utvalet har òg foreslått at det skal gjevast grundig informasjon om registreringa, og at dei registrerte skal ha rett til innsyn og rett til å reservere seg mot utlevering av fødselsnummer. Utvalet meiner ein bør krevje aktivt samtykke i forkant av registreringa. Datatilsynet er uroa over nokre sider ved innstillinga, men Tilsynet er likevel positiv til prøving av pseudonymiseringssystemet.

       I 1994 fikk Telenor konsesjon til å opprette takseringssystemet Sentaks. Det vart knytta ei rekkje vilkår til konsesjonen, og Telenor har fått ein overgangsperiode på eitt år til å få på plass dei tekniske løysingane som oppfyller vilkåra. Datatilsynet har kontinuerleg kontakt med Telenor slik at problemstillingar framover kan takast opp på eit tidleg tidspunkt. Tilsynet ønskjer at alle teleoperatørar på den norske marknaden skal ha likelydande konsesjonar.

       Eit personverndirektiv som har vore under arbeid i EU har som hovudføremål å avskaffe eksisterande hinder for ein fri flyt av personopplysningar mellom medlemslanda. Dette føremålet er rettleiande for den interesseveging som skal skje mellom personvern og andre interesser. Direktivutkastet overlet på fleire område til medlemslanda å fastsetje nærare reglar. Datatilsynet er uroleg for at denne fridomen vil føre til stor variasjon i vernenivået i dei ulike landa. Direktivet fastset likevel ein del viktige personvernprinsipp.

       CD-ROM er dei seinare åra blitt eit populært medium m.a. for distribusjon av foretaksinformasjon, særleg gjeld dette som del av adresserings- eller kredittopplysningsverksemd. Det er utarbeidd ein typekonsesjon for slike utgjevingar.

       Datatilsynet har hatt stor pågang frå verksemder som ønskjer konsesjon til å motta den utlagte likninga i maskinlesbar form. Tilsynet har ein restriktiv praksis når det gjeld tildeling av slik konsesjon. Ein meiner at tilgang til skatteopplysningar berre bør gjevast til organ med lovheimla tilgang eller organ med sakleg behov. Det bør òg vurderast om den registrerte bør ha gjenpart av opplysningar som vert gjevne ut. Datatilsynet deltok i meldingsåret i ei arbeidsgruppe som har vurdert spørsmål omkring utlevering av skattelister i maskinlesbar form.

       Datatilsynet mottok i 1994 fleire søknader frå foretak som ønskjer å opprette EDB-baserte driftsregister for å utgje katalogar eller drive opplysningsteneste via telefon eller databasar. Tilsynet opplever at det er svært vanskeleg å bli sletta frå eit register når det først er gjort ei registrering. Registreringa skjer ofte utan den registrerte sitt samtykke.

       Ein datasentral har undersøkt høvet til å distribuere opplysningar frå Lausøyreregisteret på tekst-TV. Datatilsynet gjekk ikkje inn for ein slik distribusjonsmåte.

       Det har vore ei klar auke i talet på datahandsamingskonsesjonar dei siste åra. Tilsynet meiner det er behov for endringar i personregisterlova for å fange opp dei nye typane av slike verksemder, så som informasjonsformidling, service og vedlikehald. Datatilsynet arbeider med konsesjonen for slik verksemd, men arbeidet har vore nedprioritert i påvente av mogelege endringar i personregisterlova.

       Tilsynet meiner det er for vanskeleg for forbrukarane å få namn og adresse sperra mot utsending av adressert reklame og uønska telefonsal.

       Kontrollarbeid er ein viktig del av Datatilsynet sitt arbeid. I 1994 har ein arbeidd med å eit opplegg for å effektivisere kontroll- og tilsynsverksemda. Omlegginga har gjort at Datatilsynet kan gjennomføre fleire kontrollar enn tidlegare. Svært få verksemder har skriftlege rutinar for korleis personopplysningar skal handsamast. Kontrollane har òg avdekka at nokre registeransvarlege har tøygd dei vilkåra som er gitt i konsesjonen frå Datatilsynet.

       Datatilsynet har avgitt 82 høyringsfråsegner i løpet av 1994. For store og kompliserte saker er det eit merkbart problem at ein har for korte høyringsfristar. Datatilsynet har mellom anna uttala seg negativt til å bruke Einingsregisteret som kjelde for adressert reklame. I samband med framlegg til nytt personelltryggingsdirektiv var Datatilsynet skeptisk til bruk av uverifiserte opplysningar frå politiet sine arbeids- og etterretningsregister. Når det gjeld reglane om kvitvasking i finansieringsverksemdlova, uttalte Datatilsynet at det kan vere eit problem at den som skal rapportere ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å vurdere dei strafferettslege sidene av saka. Til eit framlegg om endring av fødselsnummersystemet etter år 2000, uttalte Datatilsynet at det personvernmessig ville vere ein fordel om ein held fram med det nåverande nummersystemet.

       Datatilsynet har teke del i ulike former for internasjonalt arbeid på personvernområdet m.a. internasjonal møteverksemd og hospitantordningar.

       Ekstern informasjon i form av rådgjeving, foredrag og kurs tek 20 % av den totale arbeidstida i Datatilsynet. Datatilsynet får òg mykje spørsmål frå pressa. I 1994 fekk Datatilsynet ei ny stilling som informasjonsmedarbeidar. Tilsynet ser framleis ei auke i talet på kompliserte og arbeidskrevjande saker. Talet på høyringar har gått opp med 50 % frå året før.

       Tilsynet vil i 1995 leggje vekt på informasjon til publikum og konsesjonsinnehavarane. Tilsyns-, inspeksjons- og kontrollverksemda vil òg vere eit prioritert område. Tilsynet vil òg prioritere ressursar til høyringsfråsegner og utviklingsplanar der det er viktig at personvernet vert teke i vare. Tilsynet uttalar vidare at dersom det ambisiøse regelverket vi har i dag skal gjennomførast, må Tilsynet tilførast fleire ressursar.

2. Merknader frå komiteen

     Komiteen finn det lite tilfredsstillande at Årsmeldinga for Datatilsynet frå 1994 først blir lagt fram for Stortinget våren 1996. Regelen bør vere at årsmelding for eitt år kjem til Stortinget så tidleg som mogleg året etter. Når det gjeld årsmeldinga for 1995 ventar komiteen at ho blir lagt fram til politisk handsaming seinast hausten 1996.

       Komiteen meiner årsmeldinga for Datatilsynet for 1994 gir eit godt bilete av oppgåvene som er lagt til Datatilsynet og det arbeidet som Datatilsynet har utført i 1994. Meldinga viser det store mangfaldet av oppgåver og den store breidda av sakstyper som er Datatilsynet sitt ansvarsområde. Det er viktig å streke under det som er ein hovudtanke bak personregisterlova og verksemda for Datatilsynet, nemleg å ta vare på personvernet kvar og ein har krav på når personopplysningar blir registrerte eller nytta på annan måte. Komiteen vil streke under at i det arbeidet som er sett i gang for å gjennomføre ein generell gjennomgang av personregisterlova og tilgrensande lovgiving, for å vurdere og eventuelt foreslå endringar i lovgivinga, må hovudtanken bak personregisterlova leggjast stor vekt på. Den teknologiske utviklinga på området som personregisterlova regulerer, går svært raskt. Det ligg ein fare i at teknologien i for stor grad får styre utviklinga på bekostning av personvernet. Dette bør utvalet som er nedsett med hovudoppgåve å føreta ei generell oppdatering av personregisterlova i lys av den teknologiske, økonomiske og administrative utviklinga på området, vere spesielt merksam på.

       Komiteen er samd med Datatilsynet i at det er særs viktig å få utarbeidd sikringsføresegner for personopplysningar, og å få oppretta sertifiseringsorgan som kan teste tryggleiken til EDB-systema. Komiteen viser til tidlegare utsegner frå komiteen om dette. Komiteen minner om at det har vore arbeidd med sikringsføresegner sia 1982. Med den overlag store voksteren det er i personregister er det på høg tid at dette arbeidet blir sluttført snarast råd er slik at registeransvarlege kan få klårare krav om sikring å halde seg til.

       Datatilsynet sine oppgåver er å ta stilling til konkrete søknader om konsesjon, kontrollere at lover og reglar som gjeld saksområdet blir følgde, og gi råd og rettleiing og drive informasjon. Datatilsynet er òg ein viktig høyringsinstans. Dersom Datatilsynet skal kunne utføre alle desse oppgåvene på ein tilfredsstillande måte, er det etter komiteen si meining viktig at Datatilsynet har ei stilling i høve til regjering og departement som set Datatilsynet best mogleg i stand til å utføre oppgåvene sine. Det er òg viktig at Datatilsynet har stillingsheimlar som set Tilsynet i stand til å utføre dei pålagde oppgåvene.

       Komiteen har merka seg at 90-åra har vore prega av ynskje om å knyte saman sjølvstendige databasar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Komiteen har tidlegare gitt uttrykk for at komiteen er tilfreds med at Datatilsynet følgjer opp resultata av ulike registerkoplingar med tanke på kontroll. Komiteen ser positivt på det arbeidet Datatilsynet gjer for å formulere tryggleikskrav til slike samankoplingar. Når stadig fleire register blir oppretta og fleire av dei inneheld sensitive persondata, er det viktig både å setje krav til sikring av opplysningane i enkeltregister, og å setje klare tryggleikskrav i tilfelle samankopling av ulike register. Skal personvernet stå i fokus slik komiteen meiner er rett, må ein akseptere at andre faktorar som t.d. utnytting av teknologi og økonomiske omsyn ikkje alltid kan tilleggjast maksimal vekt, sjølv om dette kan medføre kritikk frå enkelte miljø.

       Komiteen stør Datatilsynet si handling til kopling av register til kontrollføremål. Særleg finn komiteen grunn til å påpeike trongen for manuelle sakshandsamingsrutiner når samkøyringa skal nyttast som vedtaksgrunnlag.

       Komiteen har òg merka seg den sterke veksten av PC'ar som er installert i Noreg. Utviklinga viser at elektronisk handtering av informasjon tek over stadig nye områder, og til og med er einerådande på enkelte område. Komiteen ser klart at dette er ei utvikling som kan gi auka effektivitet og enklare løysingar på fleire område. Men denne utviklinga vil samtidig føre til at overvaking og uynskt kontroll også blir stadig enklare. Komiteen vil streke under at det er viktig å fylgje utviklinga nøye. Det bør vere grundige vurderingar ved t.d. søknader om oppretting av nye register, samankopling av register og bruk av personregister til andre føremål enn det registeret vart oppretta til. Dette saman med gode tryggleiksreglar vil vere viktige faktorar i arbeidet for å hindre uynskt utvikling.

       Komiteen har merka seg at arbeidsgjevarar i auka grad brukar private etterforskarar i saker der det er mistanke om misleg framferd blant dei tilsette. Komiteen meiner spørsmålet om bruk av private etterforskarar er eit prinsipielt spørsmål, og reknar med at utgreiinga som vil kome frå utvalet som er sett ned av Justisdepartementet eventuelt vil bli lagt fram til politisk handsaming. Komiteen meiner òg det er viktig å vurdere nærare den auka bruken av optisk overvaking på arbeidsplassane. Datatilsynet hevdar at reglane i dag er utforma slik at det blir lagt opp til for vidt skjønn hos overvakaren. Dette er ei viktig innvending mot reglane og komiteen meiner det er viktig at desse reglane blir vurderte og eventuelt endra.

       Komiteen har merka seg at Datatilsynet har vore med i ei arbeidsgruppe som har sett på personvern i høve til politiet sine arbeidsregister. Politiet sine arbeidsregister inneheld sensitive personopplysningar av særs varierande kvalitet, og spørsmål om kven som skal ha tilgang til desse opplysningane, sikring mot uautorisert tilgang og slettereglar er mellom dei vanskelege personvernavvegingar som må gjerast på dette feltet.

       Komiteen har også merka seg at det at det har vore mange saker som gjeld politiet sin tilgang til anna register, t.d. kunderegister. Komiteen finn Datatilsynet sitt ønskje om domstolsavgjerd før politiet får slik tilgang interessant, men ser det som ønskjeleg at Stortinget får lagt fram problemstillingane som gjeld tilhøvet mellom politiet sine behov og personvernomsyn.

       Komiteen deler Datatilsynet si oppfatning om at dersom personopplysningar skal brukast i forskingsregister, må hovudregelen vere at det skal innhentast samtykke ved oppretting av registeret. Dersom ikkje hovudregelen blir fylgd, må det søkjast om dispensasjon frå vedkomande departement.

       I samband med årsmeldingar for Datatilsynet for tidlegare år, har komiteen uttalt seg om personvern og telekommunikasjon. Stortinget har handsama dette saksområdet i St.meld. nr. 33 (1994-1995) Personvern og telekommunikasjon. Komiteen er tilfreds med at det no synest å vere ei utvikling på dette området i tråd med Stortinget sine ynskjer. Komiteen er òg glad for at det frå Datatilsynet blir gitt uttrykk for at alle problemstillingar og uklare ting blir teke opp på eit tidleg tidspunkt, noko som fører til at ein får til løysingar som kan tilfredsstille både personvernet og Telenor. Komiteen vil elles streke under at det er viktig at alle teleoperatørar som skal operere på den norske marknaden blir underlagt dei same konsesjonsvilkåra som Telenor.

       Komiteen merkar seg at CD-ROM har vorte eit populært medium dei seinare åra. Komiteen er samd med Datatilsynet i at det er viktig å hindre bruk av dårleg oppdaterte eller forelda opplysningar på CD-ROM-plater. Komiteen er positiv til at det er etablert eit system som legg ansvaret for oppdatering av opplysningar på utgivaren og også hindrar at det blir utløyst konsesjonsplikt på kunden si hand.

       Komiteen har registrert at det har vorte eit aukande tal på EDB-baserte bedriftsregister som har til føremål å utgi katalogar eller drive opplysningsteneste via telefon eller databasar. Sjølv om mange kunderegister representerer gode verkty i marknadsføringssamanheng, er desse registra ofte årsak til irritasjon, noko som skuldast manglande effektive sanksjonar overfor meir og mindre useriøse aktørar.

       Komiteen deler Datatilsynet og departementet sitt syn at det i dag er for vanskeleg å få namn og adresse sperra mot utsending av adressert reklame og mot uynskt telefonsal. Komiteen stør difor oppretting av eit sentralt reservasjonsregister.

3. Komiteen si tilråding

    Komiteen viser til meldinga og det som står ovanfor og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 27 (1995-1996) - Årsmelding for Datatilsynet 1994 - vert lagd ved protokollen.

Oslo, i justiskomiteen, den 15. mai 1996.

Lisbeth Holand, Jorunn Ringstad, Olav Akselsen,
leiar. ordførar. sekretær.