1. Samandrag

       Det vert i dokumentet vist til at ein nedbørfattig vintersesong har synleggjort at ulike energiselskap, private som offentlege, tidvis har problem med å fylgje reguleringsføresegner knytt til minstevassføring i dammar, vatnbasseng og elver.

       Vidare opnar energiloven for ein fri energimarknad for produksjon, omsetning, distribusjon og prising av elektrisk kraft i Norge.

       Fylgjande framlegg vert i dokumentet lagt fram, dagsett 14. juni 1996:

«- Stortinget ber Regjeringa ta initiativ til ei evaluering av energilov og reguleringsføresegner (vassdragsreguleringslova).
- Stortinget ber Regjeringa å opprioritere ansvar og myndighet for kontrollerande myndighet når det gjeld strømpris og reguleringsspørsmål knytt til vassdrag, dammar og anlegg.
- Stortinget ber Regjeringa, eventuelt i samarbeid med svenske myndigheter, å prioritere ei oppgradering/utbygging av nettet i Norden, med sikte på områda i Nord-Norge og Nord-Sverige.
- Stortinget ber Regjeringa vurdere å innføre (tidsavgrensa) maksimalprisar på ulike typar el-kraft.»