Vedlegg. Brev frå handelsministeren til utanrikskomiteen i Stortinget, datert 5. juli 1996.

       Eg vert i brev frå utanrikskomiteen av 27. juni 1996 oppmoda til å gi mi vurdering av framlegget i Dok.nr.8:97 (1995-1996) frå representantane Reidar Johansen, Erling Folkvord, Terje Riis-Johansen, Einar Steensnæs og Lars Sponheim. Svaret skal etter det eg skjøner nyttast i samband med komiteen si handsaming av saka.

       Ein syner i framlegget til visse utsegner eg skulle ha kome med i konsultasjonsorganet. Det er ein føresetnad at drøftingane i konsultasjonsorganet skal vera fortrulege og fleire av dei representantane som står bak framlegget er ikkje representerte i dette organet. Eg kan difor ikkje kommentere denne delen av framlegget.

       Representantane gjer framlegg om at Stortinget bed Regjeringa leggja saka fram for Stortinget til open handsaming før saka skal opp i EØS-komiteen.

       Etter samråd med Landbruksministeren vil det etter mi meining vera mest tenleg at ho i Stortinget til hausten gjer greie for drøftingane om utviding av EØS-avtalen på veterinærområdet. Landbruksministeren vil ta kontakt med Presidentskapet om dette.

       Når det gjeld sjølve handsaminga i EØS-komiteen, kan eg stadfeste det som gjekk fram i mitt svar til representanten Folkvord i Stortingets spørjetime 17. april slik det er synt til i forslaget. Sjølve avgjera vil bli teken med atterhald for Stortinget sitt samtykke. Dette vil skje i samsvar med den normale prosedyren for innhenting av Stortinget sitt samtykke etter grunnlova § 26 andre leden, ved at det vert lagt fram ein stortingsproposisjon om godkjenning av avgjera. Ho vil då fyrst verta ein del av EØS-avtalen etter at EØS-komiteen er gjort kjent med at framgangsmåtane etter grunnlova er fullførte for Noreg sin del.