Innstilling frå næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1996 og andre saker under Nærings- og energidepartementet.

Dette dokument

1. Innledning

      Til Stortinget.

       Regjeringen legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 1996.

2. Kap. 923 (post 70) Forsknings- og utviklingskontrakter

       Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på statsbudsjettet for 1996 med 70 mill. kroner samstundes som tilsegnsfullmakta i 1996 aukast tilsvarande, jf. forslag til romertallsvedtak.

       Departementet grunngjev dette med at etterspørselen etter OFU- og IFU-tilskot har vore svært stor i 1996. For ordningane gjeld likevel at sluttutbetaling til vanleg først skjer eitt til to år etter at det er gjeve tilsagn om tilskot til eit prosjekt. Departementet meiner difor at det er naudsynt å trekkje inn likviditet ved å redusere løyvinga i statsbudsjettet for 1996.

       Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, fra Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, fra Høyre, lederen Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, fra Kristelig Folkeparti, Lars Gunnar Lie og fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm, har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

3. Kap. 946 Støtte til skipsbygging

Post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar

       Departementet gjer framlegg om å løyve 400 mill. kroner ekstra til fondet for støtte til skipskontraktar som vert inngåtte i 1996, slik at det samla blir avsett 800 mill. kroner til dette fondet.

       Departementet grunngjev dette med at løyvingane var meint å dekkje støtteutbetalingar for skipskontraktar som vart inngått i løpet av 1. halvår 1996. Departementet viser til at OECD-avtalen ennå ikkje har tredd i kraft, og at det framleis er uvisst om og når dette vil skje. Departementet meiner difor det er naudsynt å auke løyvingane for 1996.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Post 70 Rentestøtte ved langtidsfinansiering av skip og mobile riggar, overslagsløyving

       Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om at rentestøtteløyvinga på statsbudsjettet for 1996 blir auka med 3,7 mill. kroner. Endringane gjeld utbetalingar av støtte til kontrakter som vart inngått før 1. januar 1990 (rentestøtteordninga for skip). Departementet grunngjev framlegget ut frå storleiken på utbetalingane så langt i 1996.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Post 72 Rentestøtte ved langtidsfinansiering av innanlandske leveringar av fiskebåtar, overslagsløyving

       Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om at rentestøtteløyvinga på statsbudsjettet for 1996 blir auka med 0,3 mill. kroner. Endringane gjeld utbetalingar av støtte til kontrakter som vart inngått før 1. januar 1990 (rentestøtteordninga for innenlandske fiskefartyg). Departementet grunngjev framlegget ut frå storleiken på utbetalingane så langt i 1996.

       Komiteen sitt fleirtal, alle med unntak av Sosialistisk Venstreparti, har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

       Komiteens medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under dette kapitlet i B.innst.S.nr.8 (1996-1997) og i B.innst.S.nr.6 (1996-1997) kor kap. 2460 Garanti-Instituttet blei handsama. I denne samanheng fremma Sosialistisk Venstreparti slikt forslag:

       Stortinget ber Regjeringa å endre regelverket for Garanti-Instituttet for Eksportkreditt slik at det ikke gis garantier til skipseksport av havfiskefartøyer.

       Dette medlem vil ikkje i denne samanheng stemme mot dei konkrete forslaga, men vil frårå å endre reglane slik at det blir mogleg å gjere overføringar mellom dei ulike årgangane av skipsfonda mot å melde frå til Stortinget i etterhand.

4. Kap. 955 (post 71) Norsk Koksverk

       Nærings- og energidepartementet gjer framlegg om ei løyving på 4 mill. kroner til innfriing av garantiansvar for miljøtiltak på statsbudsjettet for 1996. Departementet grunngjev framlegget med at det til nå i 1996 er betalt ut ca 3 mill. kroner for utført rehabiliteringsarbeid på tomta til Norsk Koksverk. Departementet reknar med at det vil bli aktuelt å betale ut ytterlegare ca 1 mill. kroner under miljøgarantien i 1996.

       Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.


5. Komiteen si tilråding

       Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og det som står foran og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1996 gjøres følgende endringer:

I.
Kap. 923 Forsknings- og utviklingskontraktar     
  70  Tilskot, kan overførast, blir
        redusert med kr 70.000.000
        frå kr 183.000.000 til kr 113.000.000
Kap. 946 Støtte til skipsbygging     
  50  overføring til fond for støtte ved
        skipskontraktar,
        blir auka med kr 400.000.000
   70  Rentestøtte ved langtidsfinansiering av
        skip og mobile riggar,
        overslagsløyving,
        blir auka med kr 3.700.000
   72  Rentestøtte ved langtidsfinansiering
        av innanlandske leveringar av
        fiskebåtar, overslagsløyving,
        blir auka med kr 300.000
Kap. 955 Norsk Koksverk     
  71  (ny) Innfriing av garantiansvar for
        miljøtiltak, blir løyvd med kr 4.000.000


II.

       Stortinget samtykkjer i at Nærings- og energidepartementet i 1996 kan gi tilsagn for ytterligere inntil kroner 70.000.000 ut over gitt løyving under kap. 923, post 70, slik at samla beløpsgrense for tilsagnsfullmakta blir utvida til kroner 140.000.000.

Oslo, i næringskomiteen, den 5. desember 1996.

Svein Ludvigsen, Unn Aarrestad, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.