Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1996 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 76 (1996-1997)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 16 (1996-97)
  • Dato: 09.12.1996
  • Utgjevar: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

1. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Kap. 221 Tilskott til grunnskulen utanfor rammetilskottet

Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast

       Det er eit mindreforbruk på litt over 20 mill. kroner på post 60, og departementet gjer framlegg om ein tilsvarande reduksjon.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Post 67 Tilskott til kommunale musikkskolar, omlagløyving

       Komiteen viser til handsaminga av B.innst.S.nr.12 (1995-1996) der ulike fleirtal i komiteen auka løyvinga på post 67 med til saman 4 mill. kroner, jf. også B.innst.S.nr.II (1995-1996). Av løyvinga på 4 mill. kroner var det føresett at 2 mill. kroner vart nytta til Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid med å opprette nye musikkskular i samarbeid med dei statlege utdanningskontora, og 2 mill. kroner til utviklingsprosjekt og nye samarbeidsprosjekt i regi av Norsk Musikkskoleråd.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet, finn grunn til å presisere føresetnaden for den først nemnde løyvinga på 2 mill. kroner. Løyvinga var ikkje meint som vanleg tilskott for å dekkje kommunane si drift av nye musikkskular. Ho var føresett nytta til Musikkskolerådet sitt førebuande arbeid for å få oppretta nye musikkskular. Fleirtalet ber departementet nytte løyvinga til å stø Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid i 1996 i samsvar med dette.

Kap. 228 Kvalitetsutvikling i grunnskolen

Post 61 Tilskott til investeringar i skulebygg for 6-åringar, kan overførast

       Prognosen for forbruket i 1996 syner at det til saman kan bli eit meirbehov på 25 mill. kroner og det same i mindrebehovet i 1997. For at byggjeprosjekt ikkje skal bli seinka fordi kommunar manglar investeringstilskott, gjer departementet framlegg om slik auke i løyvinga for 1996 og tilsvarande reduksjon i salderingsproposisjonen for 1997.

       Komiteen syner til dei respektive partia sine merknader og framlegg i Innst.S.nr.184 (1995-1996) om investeringskostnadane ved grunnskulereformen. Komiteen finn det gledeleg at så mange kommunar ønskjer å nytte seg av investeringstilskotet for å gi seksåringane høvelege skulelokale frå skulestart hausten 1997. Komiteen sluttar seg til framlegget til løyving frå Regjeringa.

Kap. 232 Statlege skular med undervisning på vidaregåande nivå

Post 21 Tryggleiksopplæring for fiskarar

       Troms fylkeskommune har hatt meirutgifter på 6,7 mill. kroner til kurs som følgje av at yrkesfiskarar vart pålagde å ta grunnleggjande tryggleikskurs med frist 31. desember 1995. Staten har ansvaret for kostnadene til slik opplæring, og departementet gjer framlegg om at fylkeskommunen får kompensert for desse meirutgiftene til ekstra kurs i 1995. Etter framlegget vil departementet auke løyvinga under post 21 med 3,8 mill. kroner i 1996 og omdisponere 2,9 mill. kroner av ei tilleggsløyving på 4 mill. kroner til repetisjonskurs i tryggleiksopplæring for fiskarar, der det melde seg få i 1996.

       Komiteen syner til at Stortinget auka løyvinga med 4 mill. kroner til tryggleiksopplæring for fiskarar i Innst.S.nr.283 (1995-1996) for å starte repetisjonskurs. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil omdisponere 2,9 mill. kroner av denne løyvinga avdi det har meld seg få deltakarar til kursa. Komiteen føreset at denne omdisponeringa ikkje hindrar fiskarar frå å få delta på repetisjonskurs, og at løyvinga speglar eit omfang på verksemda som er realistisk og tilstrekkeleg.

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

Kap. 234 Tilskott til lærebedrifter og lærlingar

Post 70, Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar

       Departementet har tidlegare hausten 1996 ved kongeleg resolusjon fått samtykke til å overskride løyvinga over post 70 med 36 mill. kroner og gjer no framlegg om å auke løyvinga for 1996 med denne summen. Bakgrunnen er at utbetalingane av einskildtilskott for lærlingar som staten har ansvaret for, har vorte fleire enn forventa. Samstundes har utbetalingane av etableringstilskott til opplæringskontor og -ringar auka.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Kap. 239 Andre formål i vidaregåande opplæring

Post 21 Særskilde driftsutgifter

       Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 21 med 3,5 mill. kroner ettersom det har vore færre avlagde eksamenar i vidaregåande opplæring enn forventa.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Kap. 250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og norskopplæring for framandspråklege vaksne

Post 60 Opplæring i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar

       Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 60 med 14,2 mill. kroner. Det endra behovet her heng m.a. saman med auka familiesameining og utgifter til gjennomføring til obligatorisk språkprøve som vart innført frå og med 1996.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Kap. 274 og 3274 Statlege høgskular

       Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 274 post 01 med kr 615.000 pga. auka administrasjonsutgifter ved Høgskulen i Ålesund i samband med utdanningsprogrammet Sokrates. Vidare vil departementet gjere ein teknisk ompostering under inntektskapitlet.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Parallelle endringar i inntekts- og utgiftsløyvingar

       Departementet gjer framlegg om å setje ned inntektene for 1996 på fem inntektskapittel og ut frå dette redusere utgiftsløyvingane. Inntektssvikten gjeld statlege grunnskular og vidaregåande skular, salsinntekter ved kompetansesentra for spesialundervisning og oppdragsverksemd ved Statens ressurs- og voksenopplæringssenter.

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

2. Komiteens tilråding

       Komiteen syner til det som er sagt ovanfor, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1996 vert det gjort følgjande endringar:

Utgifter:
Kap. 221 Tilskott til grunnskulen utanfor rammetilskottet     
   60  Tilskott til verkemiddeltiltak i
        Nord-Noreg,
        kan overførast,
        blir redusert med kr 20.000.000
        frå kr 36.394.000 til kr 16.394.000
Kap. 222 Statens grunnskular og grunnskuleinternat     
   11  Varer og tenester
        blir redusert med kr 2.262.000
        frå kr 24.420.000 til kr 22.158.000
Kap. 228 Kvalitetsutvikling i grunnskulen     
   61  Tilskott til investeringar i skulebygg
        for 6-åringar,
        kan overførast,
        blir auka med kr 25.000.000
        frå kr 200.000.000 til kr 225.000.000
Kap. 232 Statlege skular med undervisning på
  vidaregåande nivå     
   11  Varer og tenester
        blir redusert med kr 3.070.000
        frå kr 47.364.000 til kr 44.294.000
   21  Tryggleiksopplæring for fiskarar
        blir auka med kr 3.800.000
        frå kr 19.075.000 til kr 22.875.000
   45  Store nyinnkjøp, kan overførast,
        blir redusert med kr 400.000
        frå kr 3.955.000 til kr 3.555.000
   75  Til disposisjon for departementet
        blir redusert med kr 623.000
        frå kr 1.053.000 til kr 430.000
Kap. 234 Tilskott til lærebedrifter og lærlingar     
   70  Tilskott til bedrifter som tek inn
        lærlingar
        blir auka med kr 36.000.000
        frå kr 180.000.000 til kr 216.000.000
Kap. 235 Statlege vidaregåande skular i landbruksfag
  og naturbruk     
   45  Store nyinnkjøp, kan overførast,
        blir redusert med kr 113.000
        frå kr 113.000 til kr 0
   46  Ekstraordinært vedlikehald o.a.,
        kan overførast,
        blir redusert med kr 225.000
        frå kr 442.000 til kr 217.000
Kap. 239 Andre formål i vidaregåande opplæring     
   21  Særskilde driftsutgifter
        blir redusert med kr 3.500.000
        frå kr 72.074.000 til kr 68.574.000
Kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning     
   11  Varer og tenester
        blir redusert med kr 4.300.000
        frå kr 245.255.000 til kr 240.955.000
Kap. 250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter
  og norskopplæring for framandspråklege vaksne     
   21  Særskilde driftsutgifter
        blir redusert med kr 4.000.000
        frå kr 10.804.000 til kr 6.804.000
   60  Opplæring i norsk med samfunnskunnskap
        for flyktningar og innvandrarar
        blir auka med kr 14.200.000
        frå kr 270.334.000 til kr 284.534.000
Kap. 274 Statlege høgskular     
   01  Lønn og godtgjersle
        blir auka med kr 615.000
        frå kr 2.366.155.000 til kr 2.366.770.000


Inntekter:
Kap. 3222 Statens grunnskular og grunnskuleinternat     
   03  Diverse inntekter
        blir redusert med kr 2.462.000
        frå kr 3.922.000 til kr 1.460.000
Kap. 3232 Statlege skular med undervisning
  på vidaregåande nivå     
   02  Salsinntekter o.a.
        blir redusert med kr 3.570.000
        frå kr 12.457.000 til kr 8.887.000
   61  Overføring frå fylkeskommunar
        blir redusert med kr 323.000
        frå kr 323.000 til kr 0
Kap. 3235 Statlege vidaregåande skular i
  landbruksfag og naturbruk     
   03  Diverse inntekter
        blir redusert med kr 425.000
        frå kr 1.025.000 til kr 600.000
Kap. 3243 Kompetansesentra for spesialundervisning     
   02  Salsinntekter oa.
        blir redusert med kr 800.000
        frå kr 4.735.000 til kr 3.935.000
   60  Betaling frå kommunar og
        fylkeskommunar
        blir redusert med kr 3.500.000
        frå kr 8.173.000 til kr 4.673.000
Kap. 3250 Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og
  norskopplæring for framandspråklege vaksne     
   01  Inntekter ved oppdrag
        blir redusert med kr 4.000.000
        frå kr 11.011.000 til kr 7.011.000
Kap. 3274 Statlege høgskular     
   02  Salsinntekter o.a.
        blir auka med kr 1.568.000
        frå kr 14.584.000 til kr 16.152.000
   03  Diverse inntekter
        blir redusert med kr 1.568.000
        frå kr 1.618.000 til kr 50.000


Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 6. desember 1996.

Jon Lilletun, Siri Frost Sterri,
leiar og ordførar. sekretær.