Vedlegg 2

Brev fra kommunalminister Kjell Opseth til kommunalkomiteen, datert 13. desember 1996.

St.prp. nr. 19 (1996-1997) samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementet si bustøtteordning og Sosial- og helsedepartementet si butilskottsordning - svar til kommunalkomiteen

       Eg viser til brev frå kommunalkomiteen av 6. desember.

Spørsmål 1.

       På side 8 i proposisjonen er det i tabell 4.1 gitt en oversikt over gjeldende boutgiftstak og arbeidsgruppens forslag i høringsrapport til nytt boutgiftstak. Det framgår at arbeidsgruppens forslag består av dagens ordning påplusset nivået for sjablonen for lys og brensel. Vi forstår proposisjonen slik at departementet vil videreføre arbeidsgruppens forslag til nytt boutgiftstak. Kan det begrunnes noe mer hvorfor man har valgt å fastsette et nytt boutgiftstak ut fra de nettopp de nevnte elementer?

Svar 1.

       I regelverket til KADs bustøtteordning tek ein i dag ikkje omsyn til utgifter til lys og varme slik ein gjer i SHDs butilskottsordning. Dette inneber at om ein ikkje tek omsyn til utgifter til lys og varme i den samordna ordninga, vil dei som tek i mot stønad frå Sosial- og helsedepartementet si butilskottordning få stor reduksjon i stønad.

       Årsaka til at ein gjer framlegg om å heve boutgiftstaket med ein sum svarande til sjablonen for lys og varme er, at utan ei slik utviding ville ein ikkje kunne reelt ta omsyn til kostnadar til lys og varme. Dette som følgje av at summen av buutgifter og utgifter til lys og varme ville overstige buutgiftstaka.

Spørsmål 2.

       Vil en edb-basert utmåling av støtte også kunne gi rom for en individuell vurdering av søknadene fra gruppene som på grunn av funksjonshemming har spesielle behov i forhold til bustaden og dermed ekstra høye boutgifter, for eksempel behov for stort areal og/eller til oppvarming av boligen av medisinske årsaker?

Svar 2.

       Unge uføre får lagt til grunn buugiftstaka til husstandar med fleire personar. Dette inneber at denne gruppa kan få lagt til grunn høgare buutgifter enn andre som følgje av at funksjonshemming krev betre tilpassa bustader og med det høgare buutgifter.

       Husbanken har òg høve til å gje søkjaren ei individuell handsaming når søkjaren bur i ein spesialtilpassa bustad.

Spørsmål 3.

       Komiteen viser til forslaget til endring av § 2 i Stortingets vedtak av 12. juni 1972 med senere endringer i vilkårene. Hva er begrunnelsen for at finansieringskilden for en bolig skal være avgjørende for at boligen skal kunne omfattes av ordningen? Er dette nøye vurdert ut fra dagens situasjon når det gjelde boligfinansiering?

Svar 3.

       For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar med inntekter under minstepensjon pluss 30 prosent gjeld ikkje avgrensinga med omsyn til finansieringskjelda. Årsaka til dette er at denne gruppa i dag er målgruppa i SHDs butilskotsordning der det i dag ikkje er ei slik avgrensing. Ved ei vidareføring av avgrensinga i KADs bustøtteordning ville mange husstandar miste retten til bustøtte.

       Avgrensinga gjeld for barnefamiliar og alders-, uføre- og etterlattepensjonistar med inntekter over minstepensjon pluss 30 prosent. Ei oppheving av avgrensinga for denne gruppa vil utvide målgruppa for ordninga. Dette ville innebere at dei som i dag får støtte ville fått mindre støtte. Alternativet er ein stor auke av løyvinga til ordninga. Etter mi vurdering er det betre å samle stønaden mot dei som i dag er inne i ordninga framfor å utvide målgruppa for ordninga.

Spørsmål 4.

       Det framgår av proposisjonen at departementet tilrår at bevilgningen til en samordnet bostøtte/botilskuddsordning skal gis som en overslagsbevilgning. På denne bakgrunnen ber komiteen om en nærmere utdyping av innholdet i formuleringen i proposisjonens nest siste avsnitt s. 10; « ... bevilgningsrutinen og satsene i regelverket fastsettes av departementet og tilpasses den bevilgningen som Stortinget fastsetter ved behandlingen av det årlige statsbudsjett. »

Svar 4.

       Eg vil understreke at det ikkje står « bevilgningsrutine » men « beregningsrutine » i det avsnittet i stortingsproposisjonen som det vert referert til. Dette inneber at Regjeringa legg til grunn at løyvinga blir gjeve som ei overslagsløyving, og må difor reknast som ein rett dei som søkjer på ordninga har når dei innfrir krava i regelverket.

       Stortinget kan, her som elles, endre regelverket for ordninga og tilpasse overslagsløyvinga til det nye regelverket.

Spørsmål 5.

       Det framgår av proposisjonen s. 10 at departementet ønsker å utarbeide ett regelverk for bostøtte til alders-, uføre- og etterlattepensjonister og ett for barnefamilier. Dreier det seg her om to forskjellige forskrifter med hjemmel i stortingsvedtaket som er foreslått i proposisjonen?

Svar 5.

       Eg legg til grunn at det skal utarbeidast ei forskrift for bustøtte som skal dekkje både bustøtte til alders-, uføre- og etterlattepensjonistar og bustøtte til barnefamiliar.

Spørsmål 6.

       Komiteen antar at det legges opp til at den foreslåtte ordningen skal kunne tre i kraft så snart det er praktisk mulig etter en eventuell vedtagelse i Stortinget. Er dette mulig på dette tidspunkt å si noe om hovedtrekkene i et eventuelt informasjonsopplegg fra departementet eller øvrige involverte institusjoners side?

Svar 6.

       Det blir lagt opp til at Husbanken skal informere både kommunane og brukarane av ordninga. Etter Stortinget si handsaming 16. januar vil det bli sendt ut både handbøker og rundskriv til kommunane om samordninga. Informasjonen vil både gjelde regelverket for ordninga og administrative rutiner som søknadsfristar o.l.

       Husbanken vil lage eit skriv til dei som mottek butilskot om samordninga som skal vidaresendast brukarane via kommunane. For dei som mottek støtte frå KADs bustøtteordning vil Husbanken lage skriftleg materiale om endringane som blir sendt direkte til brukarane.

       På denne bakgrunn legg eg opp til at ordninga skal gjelde frå 1. termin 1997 med utbetaling 2. mai 1997.