Innstilling frå samferdselskomiteen om ein del løyvingsendringar m.v. for 1997 på Samferdselsdepartementets område.

Dette dokument

1. Kap. 1300 Samferdselsdepartementet

1.1 Samandrag

       Samferdselsdepartementet foreslår i proposisjonen å gjere om to stillingar (2-årsheimlar som avdelingsdirektør og rådgjevar) som Stortinget vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet 1997, til to rådgjevarstillingar, tidsavgrensa til 2 år.

       Bakgrunnen for forslaget er endringar i ansvarsområda og dermed arbeidsoppgåver i Samferdselsdepartementet.

       Departementet foreslår vidare å overføre eigedomane Skjalgheim og Solvang i Sola kommune frå Samferdselsdepartementet til Ellen og Axel Lunds stiftelse.

       Samferdselsdepartementet v/ Hotell- og turistdirektoratet (seinare Reiselivseksjonen) tok i 1952 over eigedomane til bruk for Norsk Hotellfagskole og Sola Strand Hotell. Da Reiselivseksjonen pr. 1. januar 1988 blei overført til det dåverande Næringsdepartementet, blei heimelen til desse eigedomane ikkje overført. Staten v/ Samferdselsdepartementet står derfor framleis som eigar av dei. Eigedomane skal fortsatt nyttast til bustader for dei tilsette og til anna utleige i samband med hotellverksemda.

1.2 Komiteens merknader

       Komiteen har ingen merknader.

2. Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar

Post 60 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar
2.1 Samandrag

       I proposisjonen vert det foreslått at Samferdselsdepartementet skal kunne avtale rentekompensasjon for utsett oppgjer ved statleg overtaking av regionale lufthamner.

       Som grunngjeving for utsett oppgjer kan det visast til at i St.prp. nr. 1 Tl.07 (1996-1997), som Stortinget slutta seg til i B.innst.S.nr.II (1996-1997), la ein opp til å nytte 58 mill. kroner mindre til innløysing av regionale lufthamner i 1997 enn i opphavleg budsjettframlegg.

       Departementet legg opp til å dekkje renteutgiftene for 1997 innanfor vedteke løyving på kap. 1311, post 60, inklusive overførte midlar frå 1996.

       Departementet orienterer vidare om forhandlingane med kommunane når det gjeld den statlege overtakinga av regionale lufthamner. Av proposisjonen går det fram at det vert lagt opp til at alle dei 26 lufthamnene formelt skal kunne takast over av staten v/Luftfartsverket innan starten av den nye planperioden 1. januar 1998.

2.2 Komiteens merknader

       Komiteen har merka seg orienteringa om forhandlingane om overtaking av dei regionale flyplassane.

       Komiteen føreset at eit eventuelt forseinka oppgjer ikkje fører til økonomiske konsekvensar for noverande eigarar.

3. Kap. 1312 Oslo lufthavn AS

Oslo Lufthavn AS - finansiering av kommersielle tilleggsinvesteringar

3.1 Samandrag

       Kostnadsramma i hovudplanen for flyplassen på Gardermoen er på totalt 11,4 mrd. 1992-kroner, fordelt med 9,7 mrd. 1992-kroner til utbygging og 1,7 mrd. 1992-kroner til kjøp av grunn og erstatning. Utbyggingskostnadene på 9,7 mrd. 1992-kroner tok utgangspunkt i kva som er naudsynt for å realisere ein funksjonell flyplass, basert på faste dimensjoneringskriterium.

       I proposisjonen vert det foreslått å auke låneramma for 1997 til Oslo Lufthavn AS med 320 mill. kroner til finansiering av fleire kommersielt lønsame prosjekt.

       Dei aktuelle prosjekta omfattar m.a. ekstra investeringar i teknisk flyteneste, innreiing av areal, infrastruktur i form av vegar, kabelkanalar m.m. til fraktbygg, garasjar og verkstader, diverse investeringar i samband med ombygging og opprusting av eksisterande ekspedisjonsbygg og overtekne bygningar, bygging av parkeringsplassar m.m. Etter avtale med Justisdepartementet byggjer OSL også eit politibygg i tilslutning til sitt eige administrasjonsbygg. Politibygget blir oppført av OSL for utleige til Justisdepartementet etter inngått avtale.

       Det er i første rekkje brukarane av flyplassen som har tatt initiativ til og ønskjer å få prosjekta realisert i samband med utbygginga. Prosjekta må derfor gjennomførast no. Samstundes vil det vanlegvis ut frå bygningsmessige og praktiske tilhøve vere naudsynt at Oslo Lufthavn AS står som faktisk investor og eigar.

       Det er etter Samferdselsdepartementet si vurdering viktig at den vedtekne kostnadsramma for hovudflyplassen ikkje set grense for gjennomføring av tiltak som sikrar lønsemda i hovudflyplassprosjektet. Det vil bli etablert eit eige forretningsområde innanfor Oslo Lufthavn AS, der styret i selskapet ivaretek denne type kommersielle investeringar.

3.2 Komiteens merknader

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, sluttar seg til proposisjonen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre har som mål at Oslo Lufthavn AS skal drives økonomisk og servicemessig effektivt der brukernes interesser er av sentral betydning. De kommersielle prosjekter regjeringen viser til i proposisjonen bør realiseres etter konkurranse om forretningsdrift og om etablering av tilhørende bygningsmasse. Disse medlemmer finner det ikke forsvarlig at gjennomføring av kommersielle prosjekter gis Oslo Lufthavn AS uten konkurranse.

       Disse medlemmer vil på denne bakgrunn gå imot å øke lånerammen til Oslo Lufthavn AS med 320 mill. kroner for 1997.

4. Ferjer - gassdrift i boknafjorden

4.1 Samandrag

       I proposisjonen gis det ei orientering om oppfølging av vedtak i Stortinget om å sørgje for at det blir igangsett prøvedrift med komprimert naturgass (CNG) i ferjesambandet i Boknafjorden, jf. behandling av B.innst.S.nr.14 (1996-1997).

       Samferdselsdepartementet vil følgje opp stortingsvedtaket innanfor dei garantirammer som Stortinget har vedtatt for 1997. Vegdirektoratet er difor bede om å gå i gang med prosjektering av ferje for drift i Boknafjorden basert på gassdrift. Krava til tryggleik for ferja vil vere vesentleg i dette arbeidet. Sjøfartsdirektoratet har enno ikkje fastsett desse krava.

       Kostnadene ved ombygging av ei ferje av storleik 155 personbileiningar (pbe) basert på gassdrift blir no av Vegdirektoratet rekna til om lag 70 mill. kroner. I tillegg kjem rokerings- og leigekostnader i ombyggingsperioden. Dessutan vil det oppstå trafikale problem ved ombygging av eksisterande materiell i ombyggingsperioden. Ei ny ferje vil koste om lag 145 mill. kroner.

       Kostnaden for oppbygging av eit transportsystem for å frakte gassen til ferja er rekna til om lag 15 mill. kroner.

       Nybygg i Boknafjorden frigjer ei storferje. Behovet for fornying av riksvegferjeflåten er etter Vegdirektoratet si vurdering størst for mellomstore ferjer. Etter ei samla vurdering har likevel Samferdselsdepartementet kome til at det bør byggjast ei ny ferje for gassdrift i Boknafjordsambandet.

       Departementet legg ikkje opp til å kombinere forsøk med gass og forsøk med fastpristilbud i Boknafjordsambandet.

4.2 Komiteens merknader

       Komiteen vil streke under at kapasiteten i Boknafjordsambandet må oppretthaldast og at evt. utskifting av ferjemateriell i sambandet ikkje må føre til at kapasiteten blir redusert.

       Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeiderpartiet, viser til at Stortinget gjorde følgjande vedtak i samband med handsaming av B.innst.S.nr.14 (1996-1997):

       « Stortinget ber Regjeringen i salderingsproposisjonen høsten 1996 om å utrede en utvidelse av fornyelsesprogrammet for ferjer med f.eks. 4 nye ferjer. »

       Fleirtalet viser til at Regjeringa ikkje kom til Stortinget med forsert fornying av riksferjeflåten i salderingsproposisjonane, men ville kome tilbake til dette tidlegast mogleg i 1997.

       Fleirtalet oppfattar ikkje St.prp. nr. 37 (1996-1997) som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak.

       Fleirtalet held fast på sitt tidlegare syn om at det er behov for ei utviding av fornyingsprogrammet for riksvegferjer.

       Fleirtalet vil difor be om at Regjeringa i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1997 følgje opp Stortinget sitt tidlegare vedtak.

       Fleirtalet viser til St.prp. nr. 1 (1996-1997) om at tilbodet i ferjedrifta i 1997 skulle oppretthaldast generelt som for 1996. I praksis viser det seg at ferjetilbodet vert redusert i fleire fylke.

       Fleirtalet ber om at saka blir lagd fram i Revidert nasjonalbudsjett, for å sikre at ferjetilbodet ikkje vert redusert.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil vise til omtale av ferjefornyelsesprogrammet i St.meld. nr. 37 (1996-1997) Norsk veg- og vegtrafikkplan.

5. Vegpakke drammen - kompensasjonstiltak i lier

5.1 Samandrag

       I proposisjonen vert det orientert om investeringar i Lier i samband med ulemper som vegnettet i ytre Lier blir påført pga. Kjellstadbommen på E18 i Lier, jf. St.meld. nr. 34 (1992-1993) Norsk veg- og vegtrafikkplan og St.prp. nr. 1 (1993-1994) om at det skal investerast i « kompensasjonstiltak Lier ». Det er her føresett at kompensasjonsmidla skal knytast til etablering av eit nytt hovudvegsystem i ytre Lier.

       Vegkontoret i Buskerud har sidan 1991 arbeidd med avklåring av nytt hovudvegsystem i ytre Lier. Meir enn 50 alternativ har vore vurdert. Det har vore usemje mellom vegkontoret og kommunen. Trass i ein omfattande planprosess har det ikkje vore mogleg å kome fram til kommunedelplanvedtak om eit nytt hovudvegsystem i området.

       Vegsjefen og Lier kommune blei i mai 1996 samde om å nytte kompensasjonsmidla til andre tiltak, m.a. gang- og sykkelvegar og undergangar.

       Samferdselsdepartementet ser det som eit hovudpoeng at Lier kommune oppfattar tiltaka som ein kompensasjon for dei ulempene kommunen er utsett for, og har godteke at kompensasjonsmidlane blir nytta til gang-/sykkelvegtiltaka. Samferdselsdepartementet har poengtert at dersom midlane blir nytta til dei nemnde gang-/sykkelvegtiltaka, er kompensasjon gjeven.

5.2 Komiteen sine merknader

       Komiteen har ingen merknader.

6. Tilbakehald av betaling til entreprenørar - ompostering og postering i statens vegvesens rekneskap for 1996

6.1 Samandrag

       I proposisjonen vert det orientert om rettingar i ­rekneskapen til Statens vegvesen for 1996 av tidlegare feil ved føringa av tilbakehald av betaling til entreprenørar.

       Ved revisjon av Statens vegvesens rekneskap for 1995 fann Riksrevisjonen fleire manglar ved rekneskapen. Saka er teken opp i Dok.nr.1 (1996-1997) og er desidert « Til observasjon ».

       Ein av manglane ved rekneskapen galdt føringa av tilbakehald av betaling til entreprenørar. Slik betaling skal førast etter kontantprinsippet.

       Vegvesenet følgde i det tidlegare økonomisystemet kontantprinsippet, slik at beløp som var haldne tilbake blei belasta statsrekneskapen først ved utbetaling. Ved innføringa av det nye økonomistyringssystemet i 1994 blei ikkje kontantprinsippet følgt. I staden for å følgje kontantprinsippet belasta Vegvesenet i statsrekneskapen heile fakturaen inkludert tilbakehaldne beløp.

       Rekneskapsføringa av tilbakehaldne beløp etter to ulike prinsipp vil vere vanskeleg å administrere, og det vil lettare kunne bli feil i rekneskapen.

       Saka er omtalt i forklaringane til statsrekneskapen for 1996.

       Statens vegvesen fører frå 1. januar 1997 alle tilbakehaldne beløp i statsrekneskapen etter kontantprinsippet.

6.2 Komiteen sine merknader

       Komiteen har ingen merknader.

7. Kap. 1350 Jernbaneverket (jf. kap. 4350)

Endring i utgift til meirverdiavgift

7.1 Samandrag

       I proposisjonen vert det foreslått endringar i vedteke budsjett for 1997 for kap. 1350 Jernbaneverket.

       Bakgrunnen for framlegget er auka utgifter til meirverdiavgift pga. at køyrevegen og trafikkdelen i det tidlegare NSB no er formelt skilde, og at trafikkdelen er etablert som eit sjølvstendig rettssubjekt, jf. St.prp. nr. 2 (1996-1997) og Innst.S.nr.31 (1996-1997).

       Samferdselsdepartementet foreslår at meirutgifta blir dekt ved ei tilleggsløyving på til saman 120 mill. kroner i 1997 på kap. 1350 Jernbaneverket, til dekning av auken i utgiftene til meirverdiavgift. Auken inneber ei tilsvarande auke i staten sine inntekter og påverkar derfor ikkje budsjettbalansen.

7.2 Komiteen sine merknader

       Komiteen har ingen merknader.

8. Kap. 4302 Garanti postbanken

8.1 Samandrag

       I proposisjonen vert det foreslått at den statlege garantien for innskot i Postbanken, avgrensa til 63 mrd. kroner, skal falle bort frå 1. januar 1997 fordi banken no er medlem av Forretningsbankenes sikringsfond, og at inntektsløyvinga på 98 mill. kroner for 1997 som gjeld garantiavgift til staten, også skal falle bort.

8.2 Komiteen sine merknader

       Komiteen har ingen merknader.

9. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       På statsbudsjettet for 1997 vert det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap. 1312 Oslo Lufthavn AS
   90 Lån til Oslo Lufthavn AS
        vert auka med kr 320.000.000
  frå kr 3.400.000.000 til kr 3.720.000.000
Kap. 1350 Jernbaneverket (jf. kap. 4350)
   23 Drift og vedlikehald,
        kan overførast, kan nyttast under post 30,
        vert auka med kr 56.000.000
  frå kr 1.759.000.000 til kr 1.815.000.000
   30 Investeringar i lina,
        kan overførast, vert auka med kr 64.000.000
  frå kr 1.181.000.000 til kr 1.245.000.000


Inntekter:
Kap. 4302 Garantiavgift Postbanken
   70 Garantiavgift for statens innskotsgaranti,
        vert redusert med kr 98.000.000
        frå kr 98.000.000 til kr 0


II.

       Stortinget samtykkjer i at:

1. Staten v/ Samferdselsdepartementet overfører til Ellen og Axel Lunds stiftelse eigedomane Skjalgheim og Solvang for respektive kr 88.600 og kr 54.000, og på dei vilkår som er gjort greie for i proposisjonen.
2. Samferdselsdepartementet blir gitt fullmakt til i 1997 å inngå avtaler om statleg overtaking av regionale lufthamner, mot seinare betaling med rentgodtgjersle, i samsvar med det opplegget som går fram av proposisjonen.
3. Den statlege garantien for innskot i Postbanken fell bort frå 1. januar 1997.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 22. april 1997.

Magnus Stangeland, Solveig Torsvik,
leiar og ordførar. sekretær.