1. Samandrag

       I dokumentet vert det fremma følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa kome med framlegg om strakstiltak og endringar i lov om folketrygd og i lov om tiltak til å fremme sysselsetting som inneheld følgjande:

1) Det ytast heile eller graderte dagpengar til trygdet som har hatt arbeidsinntekt i sist avslutta kalenderår, eller eit gjennomsnitt av dei siste tre avslutta kalenderår, på minst 1 G.
2) Den ledige skal ha rett på dagpengar dersom vanleg arbeidstid er redusert med minst 25 % (i dag 40 %).
3) Dagpengeperioden løper normalt i 156 veker (ingen todeling).
4) Dersom den ledige ikkje har greidd å skaffe seg/eller fått tilbod om arbeid innan dagpengeperiodens utløp, skal vedkomande framleis ha rett til dagpengar eller tiltak.
5) Inntekt frå arbeidsmarknadstiltak og dagpengar reknast med i dagpengegrunnlaget.
6) For langtidsledig ungdom under 25 år og langtidsledige over 55 år vert det utvikla tiltaksordningar på 2 x 12 månader med normale løns- og arbeidsvilkår. Det må vidare vurderast å legge til rette for at langtidsledige frå og med fylte 57 år kan få fortrinn til ledig arbeid/stilling i offentleg sektor. »

       Som bakgrunn for framlegget vert det i dokumentet vist til dei endringane som vart gjort i folketrygdlova og sysselsettingslova i 1996, jf. Innst.O.nr.77 (1995-1996).

       Dei nye reglane skulle gjelde frå og med 1. januar 1997, men pr. dags dato har ikkje Arbeidsdirektoratet og Kommunal- og arbeidsdepartementet blitt einige om nødvendige forskrifter knytt til langtidslediges økonomiske vilkår og den sokalte tiltaksgarantien.

       Dei langtidsledige opplever difor no at dagpengar blir avstengt utan at tiltak er tilgjengeleg.

       Det går fram av dokumentet at denne situasjonen skaper stor frustrasjon og arbeidsmessige problem for tilsette i arbeidsmarknadsetaten, samtidig som dei langtidsledige blir handsama på ein uverdig måte. Situasjonen blir ikkje betre ved at budsjettforliket for 1997 ikkje garanterte eit forsvarleg tiltaksnivå.