7. Økonomisk utvikling for Oslo Lufthavn AS

7.1 Investering og økonomisk utvikling i planperioden

7.1.1 Sammendrag

       Investeringane det er rekna med i ny hovudflyplass vil ved opninga av denne i oktober 1998, vere på om lag 9,8  mrd. 1997-kroner, og den eksterne langsiktige gjelda vil liggje på om lag 7,8 mrd. kroner etter sal av Fornebu.

       Luftfartsverket vil investere om lag 5,1 mrd. kroner i Oslo Lufthavn AS, som etter kvart vil gi avkasting til Luftfartsverket etter opningsdatoen for hovudflyplassen.

       Hovudplanen for Gardermo-utbygginga viste realavkasting for prosjektet på 6,8  %. Nye kalkylar viser betre lønsemd, men det må presiserast at lønsemda er avhengig av trafikkutvikling og driftskostnader.

       Driftskostnadene på hovudflyplassen er førebels estimerte til om lag 420  mill. kroner pr. år. Årlege driftskostnader vil såleis auke med nær 200 mill. kroner i høve til driftskostnadene på Fornebu og Gardermoen i dag.

       Den økonomiske utviklinga for Oslo Lufthavn AS er analysert med basis i faste 1997-kroner. Betaling for Luftfartsverket sin kapital er ikkje bygd inn i utrekningane. Likviditet til disposisjon er difor eit utrykk for evna Oslo Lufthavn AS har til å betale for kapitalen i selskapet. Føresetnadene er elles:

- årleg trafikkvekst på 4,2  % frå 1998 og tilsvarande nominell vekst i avgiftsinntektene,
- pir B vert bygd etter 1. januar 1999 og finansiert over driftsbudsjettet,
- statlege investeringslån vert nedbetalt frå år 2001,
- rentesats 6  % på alle statlege investeringar frå år 1999.

       Analysen viser at økonomien til Oslo Lufthavn AS er mest følsam for endringar i rentenivå og trafikkvolum.

       Hovudmålet på kort sikt er sjølvfinansiering av flyplassen og fulldekning av kapitalkostnader. Deretter er målet å medverke til å oppretthalde og vidareutvikle det totale lufthamnsystemet i Noreg.

       Ein sentral føresetnad for hovudflyplassen var at kapitalen Luftfartsverket skyt inn skal gi avkasting som kan nyttast i luftfartssystemet utanom Oslo-området.

7.1.2 Komiteens merknader

       Komiteen er kjent med at Samferdselsdepartementet følger opp økonomi og framdrift vedrørende utbygging av ny hovedflyplass. Komiteen forutsetter at departementet vil fortsette å følge framdriften nøye, og at denne oppfølgingen kvalitetssikres.

7.2 Småflyplass for Oslo-området

7.2.1 Sammendrag

       Omsynet til kapasitet, tryggleik og rasjonell bruk av hovudflyplassen har vore utgangspunktet for Luftfartsverket sin planlegging av småflyplass i Oslo-området. Ved handsaminga av St.prp. nr. 90 (1991-1992) vart det innanfor kostnadsoverslaget for ny hovudflyplass avsett ei ramme på inntil 50 mill. kroner for statens engasjement.

       Departementet må i samsvar med vedtak i Luftfartsverkets styre, konstatere at ein ikkje ser det som realistisk å finne eit lokaliseringsalternativ for éin ny småflyplass som får lokalpolitisk tilslutnad frå eit fleirtal i folkevalde organ.

       Departementet har etter ei samla vurdering ikkje funne å kunne gå vidare med planlegging og bygging av ein ny småflyplass no.

       Departementet legg vekt på at ein skal tilby ei akseptabel løysing for småflymiljøet. Departementet arbeider difor no med å tilretteleggje for småflyaktiviteten på eksisterande fly- og landingsplassar. Den kommersielle delen vil kunne innpassast på Gardermoen i den grad dei kapasitetsmessige tilhøva tillet det. Det er ein føresetnad at privat- og skuleflyging primært vert avvikla på andre flyplassar, og ein vil søkje å oppnå operativ og miljømessig funksjonsdeling mellom base- og øvingsområde. Dersom det er naudsynt, vil det kunne bli aktuelt å nytte delar av dei 50  mill. kronene til opprustingstiltak i samråd med brukarane og dei aktuelle kommunane.

7.2.2 Komiteens merknader

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, legger vekt på at en skal tilby en akseptabel løsning for småflymiljøet i Oslo-området innen oktober 1998 da Fornebu flyplass legges ned. Flertallet viser til at det nå arbeides med å legge til rette for småflyaktiviteten på eksisterende fly- og landingsplasser. Flertallet slutter seg derfor til at en nå ikke går videre med planlegging og bygging av en ny småflyplass for Oslo-området. Dersom det er nødvendig, kan utgifter til opprustningstiltak dekkes innenfor rammen på 50 mill. kroner som tidligere er avsatt til statens engasjement når det gjelder småflyplass for Oslo-området.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, finner det er uheldig at Regjeringen ennå ikke har funnet frem til et endelig opplegg for småflyvirksomheten i Oslo-området. Flertallet forutsetter at løsning for småflyplassmiljøet vil foreligge i god tid før Fornebu nedlegges.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser til at Senterpartiet under behandling av Dok.nr.8:21 (1996-1997) gikk inn for at Fornebu skulle utredes som ett av alternativene for lokalisering av en småflyplass for Oslo-området, men at det ikke ble flertall for dette under Stortingets behandling av saken.