8. Barne- og familiedepartementet

8.1 Kap. 860 Forbrukarrådet

8.1.1 Post 11 Varer og tjenester

Samandrag

       I samband med påbygginga av Statens Hus i Nord-Trøndelag har Forbrukarrådet flytta inn i nye og større lokaler. Dette gjev auka husleigekostnader for leigetakarane som for Forbrukarrådet sin del utgjer 53.000 kroner kvart år. Ein gjer framlegg om tilsvarande auke av løyvinga under kap. 860 Forbrukarrådet post 11 Varer og tenester. Ein viser elles til omtale av konsekvensane av utbygging av Statens hus i Nord-Trøndelag under kap. 2445 Statsbygg.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til merknader under avsnitt 14.9.1.

8.2 Kap. 866/3866 Statens institutt for forbruksforskning (SIFO)

Samandrag

       Statens institutt for forbruksforskning har utvikla og marknadsført ein del dataprogram på økonomiområdet retta mot den kommersielle marknaden, med privatpersonar og økonomiske rådgivarar som målgruppe. Dette vart gjort med utgangspunkt m.a. i Statens institutt for forbruksforsking si forsking og utgreiing på området hushaldsøkonomi og oppdrag frå styresmaktene på byrjinga av 90-talet med å utarbeide eit dataprogram for namsmennenes sakshandsaming etter gjeldsordningslova.

       Arbeidet knytt til den såkalla « SIFO-modellen » har sysselsett inntil 13 personar ved instituttet, og det mest selde produktet, « SIFO-modellen Privatøkonomi », har i perioder vore eit av dei leiande PC-baserte økonomiprogramma i marknaden. Programvareverksemda, inkludert vedlikehald og kurs, gav i 1996 inntekter på om lag 8,5 mill. kroner. Verksemda har både for 1995 og 1996 vist eit driftsunderskot i storleiken 1,7 mill. kroner, slik dette kjem fram i statsregnskapen for desse åra. Ny gjennomgang som SIFO har gjennomført viser at underskotet for 1996 kan bli noko høgre. Førebels overslag for 1997 viser også eit markert underskot.

       I mars 1997 vart det ved kongeleg resolusjon gjort vedtak om at SIFO skal avvikle sitt engasjement når det gjeld utvikling og marknadsføring av dataprogram. Vedtaket vart gjort ut frå ei vurdering av det økonomiske underskotet, den økonomiske risikoen og det meir prinsipielle om at staten ikkje bør subsidiere slik verksemd som konkurrerer i ein privat marknad. På grunn av kostnadene ved vidare drift og vedlikehald av dataprogramma og fordi nøkkelpersonell hadde sagt opp stillingane sine, var det viktig at det vart teke ei rask avgjerd. På grunn av dette og for å avgrense tapa for staten vart saka avgjort ved kongeleg resolusjon.

       Etter annonsering, og etterfølgjande forhandlingar, vart det 23. april 1997 inngått avtale med eit datafirma (daTax Software AS) om overdraging av rettar og forpliktingar knytt til dei tre reint kommersielle programvariantane ( « SIFO-modellen Privatøkonomi », « SIFO-modellen Standard » og programkonseptet « Proff »). Kontantvederlaget for dei tre produkta samla er kr 400.000. Avtalen inneber at kjøpar skal ivareta alle eksisterande forpliktingar overfor SIFO sine kunder.

       Barne- og familiedepartementet går no gjennom alle økonomiske sider knytta til avhendinga av SIFO-modellen. Stortinget vil få orientering om dei samla budsjettmessige konsekvensane av salet, herunder det regnskapsmessige underskotet.

       Dei to enkeltprogramma som tener som direkte støtte for sakshandsaming etter gjeldsordningslova, vil inntil vidare bli ført vidare i regi av dei berørte departementa.

Komiteen sine merknader

       Komiteen tar dette til etterretning.

8.3 Kap. 2530 Fødselspengar

Samandrag

       I samband med handsaminga av Velferdsmeldinga, har Stortinget bede Regjeringa om å fremje forslag om endringar i folketrygdlova slik at fedre får fødselspengar uavhengig av mora sin stillingsbrøk.

       Av langtidsprogrammet 1998-2001 går det fram at Regjeringa vil arbeide med sikte på sjølvstendig oppteningsrett til fødselspengar for yrkesaktive fedre. Spørsmålet om fedre skal få fødselspengar basert på eigen fulltids opptening sjølv om mor arbeider deltid vil bli vurdert i samband med innføring av sjølvstendig oppteningsrett for fedre.

Komiteen sine merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar dette til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at Arbeiderpartiet i lang tid har varslet endringer i fedrepermisjonsordningen. Det er nå viktig å få fortgang i denne saken.

       Disse medlemmer mener alle fedre må få rett til permisjon uavhengig av om mor har vært i jobb eller har vært hjemmearbeidende. Derfor må alle fedre få selvstendige rettigheter i Folketrygden basert på egen stillingsstørrelse og lønn.

       Komiteens medlemmer fra Høyre finner det uheldig at Regjeringen ennå ikke har fulgt opp vedtak i forbindelse med Velferdsmeldingen med hensyn til fedres permisjonsrettigheter.

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse viser til at spørsmålet om fedres selvstendige rettigheter til fødselspenger er grundig gjennomgått i NOU 1995:27 . Disse medlemmer mener derfor at selvstendige rettigheter kan innføres nå.

       Disse medlemmer mener det bør innføres selvstendig opptjeningsrett til fødselspenger for fedre der mor etter fødselen går ut i arbeid eller påbegynner eller gjenopptar utdanning på heltid.

       Disse medlemmer legger til grunn at mors situasjon før fødsel skal være uten betydning for fars rettigheter, og at det avgjørende for fars bruk av opptjente fødselspengerett vil være om det foreligger et omsorgsbehov etter fødsel.

       Basert på et anslag om at 5.000 fedre tar 12 uker hver, og det gis selvstendig opptjeningsrett til fødselspenger for fedre der mor etter fødselen går ut i utdanning på heltid (omfatter også tilfeller der mor har vært under utdanning eller arbeid før fødselen) - vil dette gi et proveny på halvårsbasis på omlag 100 mill. kroner.

       Disse medlemmer fremmer følgende bevilgningsforslag:

Kap. 2530 Fødselspenger
   70 Fødselspenger til yrkesaktive,
        forhøyes med kr 100.000.000
        fra kr 5.888.500.000 til kr 5.988.500.000