1. Rettferdsvederlagsutvalet sitt arbeid

      Etter at St.prp. nr. 66 (1996-1997) vart fremma, har Rettferdsvederlagsutvalet handsama 423 saker. Av desse inngår 270 søknader om rettferdsvederlag frå huseigarar i samband med utbygginga av Gardermoen hovudflyplass. Gardermoensakene vil bli fremma for Stortinget i ein seinare proposisjon. Av dei andre 153 søknadene er det tilkjent rettferdsvederlag i 75 saker med til saman kr 6.005  000. Dei einskilde vederlaga ligg mellom kr 20.000 og kr 200.000.

       Utskrift av Rettferdsvederlagsutvalet sine vedtak og dokumenta i alle sakene er vedlagde proposisjonen som utrykte vedlegg.