1. Programkategori 21.1 Administrasjon m.m.

1.1 Utgreiing om tunnel gjennom Gamlebyen i Oslo

1.1.1 Samandrag

       Samferdselsdepartementet foreslår at det blir løyvd 8 mill. kroner til prosjektet for å kunne følgje opp tidlegare stortingsvedtak. Det omfattande utgreiingsarbeidet for jernbanetunnel med fleire alternativ og ein lengre planprosess medfører at prosjektet må tilførast meir planmidlar. Beløpet kjem i tillegg til ei løyving på 10 mill. kroner som er løyvd over 1997-budsjettet.

       Det blir i proposisjonen gitt ei orientering om arbeidet med å utgreie prosjektet tunnel gjennom Gamlebyen i Oslo.

       Stortinget vedtok 15. juni 1995 i samband med handsaminga av Dok.nr.8:50 (1994-1995)/Innst.S.nr.178 (1994-1995) at jernbanetrafikken gjennom Gamlebyen i Oslo skal leggjast i tunnel. Hovudgrunngjevinga for tiltaket er å betre miljø og livsvilkår i området. Prosjektet skal også vurderast opp mot korleis dette tiltaket kan påverke vidare byutvikling for området. Utgreiingsarbeidet blir gjennomført i samsvar med plan- og bygningslovas reglar om konsekvensutgreiingar med Jernbaneverket som tiltakshavar og Samferdselsdepartementet som godkjennande styresmakt.

       Stortinget bad i samband med behandlinga av St.prp. nr. 33 (1996-1997), jf. Innst.S.nr.155 (1996-1997), Regjeringa om å komme med eit framlegg til løysing seinast hausten 1998.

       Oslo kommune har meldt frå om at den vil kunne ferdigstille kommunedelplanen for Gamlebyen/Bjørvika/Bryn i juni 1998. I tråd med Stortingets føresetnader legg Samferdselsdepartementet opp til at kommunedelplanen og konsekvensutgreiinga blir samordna. Omfanget av utgreiingsarbeidet og samordninga med kommunedelplanen fører til at utlegging til høyring og offentleg ettersyn først kan skje i slutten av august 1998. Med ein høyringsrunde på minimum to månader med ein påfølgjande behandlingsperiode vil det ikkje vere realistisk å kunne fremje denne saka for Stortinget før tidleg i vårsesjonen 1999.

1.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Eirin Faldet, Sverre Myrli, Gunn Olsen, Ola Røtvei og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, frå Framstegspartiet, Thore Aksel Nistad og Christopher Stensaker, frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Kofoed-Larsen og Jan Sahl, frå Høyre, Ellen Gjerpe Hansen og leiaren Oddvard Nilsen, frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Myrvoll og frå Venstre, May Britt Vihovde, viser til at det i proposisjonen vert gjort greie for framdrifta i arbeidet med å fylgje opp Stortingets vedtak om at jernbanetrafikken gjennom Gamlebyen i Oslo skal leggjast i tunnel. Komiteen viser til at utgreiingsarbeidet er basert på dei søndre traséalternativa. Komiteen har merka seg at det i løpet av utgreiingsarbeidet er utelatne einskilde alternativ og at andre er komne til undervegs i prosessen. Komiteen har vidare merka seg at den tekniske dokumentasjonen som vert lagt til grunn for konsekvensutgreiingane har vore meir tidkrevjande enn det ein først rekna med. Dette, saman med at ein utarbeider nye alternativ, har ført til at det ikkje er mogleg å halde den planlagde framdrifta.

       Komiteen viser til at Samferdsledepartementet legg opp til at kommunedelplanen for Gamlebyen/Bjørvika/Bryn og konsekvensutgreiinga blir samordna. Dette er i tråd med ønskje frå Oslo kommune.

       Som følgje av omfattande utgreiingsarbeid med fleire alternativ og ein lengre planprosess er det naudsynt å tilføre meir midlar til prosjektet. Komiteen støttar framlegget frå Regjeringa om å løyve 8 mill. kroner til utgreiing av tunnel gjennom Gamlebyen i Oslo for å kunne følgje opp stortingsvedtaket.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Dok.nr.8:50 (1994-1995) fra stortingsrepresentant Carl I Hagen og Stortingets vedtak 15. juni 1995 om at jernbanetrafikken gjennom Gamlebyen i Oslo skal legges i tunnel.

       Disse medlemmer viser også til at tiltaket vil bedre miljø og livsvilkår i området og gjøre bydelen mer « åpen ». Disse medlemmer viser til at det nå har gått så lang tid at prosjektet bør komme i gang snarest etter at Oslo kommune har ferdigstilt kommunedelplanen for Gamlebyen/Bjørvika/Bryn i juni 1998.

       Disse medlemmer mener at etter utredningsarbeidet er ferdig, bør saken kunne fremmes tidlig i vårsesjonen 1999.

       Disse medlemmer viser til det omfattende utredningsarbeidet som hittil er foretatt og er innstilt på å bevilge ytterligere 8  mill. kroner til avslutning av arbeidet i tråd med Regjeringens forslag.