Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komitébeslutning nr. 121/1999 av 24. september 1999 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 121 (1999-2000)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 7 (1999-2000)
  • Dato: 24.02.2000
  • Utgjevar: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Bakgrunnen for europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF av 19. mai 1998 om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser, er ønsket om å hindre at det vernet som kollektive forbrukarinteresser er gjeve i ei rekkje direktiv ved at dei er vortne tekne inn i lovgjevinga til medlemsstatane, ikkje skal svekkjast ved grenseoverskridande verksemd. Direktivet skipar eit grunnlag for at brot på slike kollektive forbrukarinteresser snøgt skal kunne stoggast. Det er derfor eit særleg føremål å hindre at ei verksemd skal kunne omgå regelverket ved å utøve den ulovlege verksemda i ein annen stat enn der verksemda er etablert. Eit slikt høve til omgåing vil svekkje den indre marknaden og verke konkurransevridande. Direktivet vil representere ei effektivisering av forbrukarvernet i EØS-området. Fristen for å gjennomføre direktivet i nasjonal rett er 1. januar 2001.

For Noreg sin del vil innlemming i EØS-avtala av direktivet i norsk rett gjere det naudsynt med visse endringar i norsk lov.

Etter direktivet kan det verte reist sak mot ein næringsdrivande i heimstaten sin for brot som har verknad i ein annen medlemsstat, og som gjeld brot på kollektive forbrukarinteresser.

Direktivet har som vilkår at nye direktiv kan leggjast til når dette vert aktuelt.

Kvar stat er pålagt å peike ut domstolar eller forvaltingsstyresmakter som skal ha kompetanse til å gripe inn overfor brot på regelverket. Desse skal ha kompetanse til å gje påbod om stogg eller leggje ned forbod. Tvangsbøter kan gjevast for å sikre at påboda vert etterlevde.

Vidare skal medlemsstatane peike ut organ som skal ha rett til å reise sak hos den kompetente styresmakta eller domstolen. Desse organa skal vere innbyrdes godkjende, noko som inneber at styresmaktene eller domstolen i kvar stat skal godta retts- og handleevna til det organet som er peika ut i dei andre statane.

Aktuelle organ i Noreg i dette tilfellet vil m.a. vere Forbrukarombodet, Marknadsrådet, Statens lækjemiddelkontroll, Statens næringsmiddeltilsyn, Kredittilsynet og Konkurransetilsynet, som alle handhevar regelverk som er omfatta av direktivet. Andre ikkje-offentlege organ som saka kjem ved, kan òg vere aktuelle.

Det er ikkje naudsynt å lovfeste kva organ som skal gjevast rett til å reise sak hos styresmakter/domstolar i andre EØS-statar.

Barne- og familiedepartementet ser det som naturleg at direktivet vil verte gjennomført ved endringar i dei ulike lovene som direktivet får følgjer for. Det vil berre dreie seg om prosessuelle endringar. Direktivet vil m.a. få følgjer for marknadsføringslova, lækjemiddellova, kringkastingslova og kredittkjøpslova.

Følgjande lovendringar må gjerast:

  • – Det må lovfestast kva organ i EØS som skal ha adgang til å reise sak hos norske styresmakter/domstolar.

  • – Likeins må det lovfestast kva styresmakter/domstolar som skal kunne handsame saker som vert reiste av andre godkjende organ/organisasjonar i andre medlemsstatar.

  • – Det må takast stilling til om det skal veljast eit system, slik m.a. marknadsføringslova legg opp til, der ei sak kan reisast administrativt før ein eventuelt går til domstolen, eller om det skal veljast eit system som berre nyttar domstolen. Det første alternativet vil vere det mest fleksible og minst ressurskrevjande.

  • – Vidare må det avgjerast om det skal fastsetjast tvangsbøter for brot på forbodet. Marknadsføringslova gjev heimel for dette overfor næringsdrivande i Noreg.

  • – Det må takast stilling til om det skal innførast ei samrådsplikt før det kan reisast sak, slik at den innklaga sjølv kan få høve til å stogge den ulovlege handlinga utan at det vert innleidd sak. Dette er regelen etter marknadsføringslova.

Sakshandsamingsreglar/prosessuelle reglar følgjer reglane i den staten der saka vert reist. Kva stats reglar som elles skal gjelde, er ikkje regulert i direktivet. Det følgjer derfor allmenne lovvalsreglar, og vert avgjort av den nasjonale domstolen/forvaltingsstyresmakta.

Systemet slik det går fram av direktivet, verkar noko ressurskrevjande ved at ei sak ikkje kan handsamast i staten der brotet har funne stad. Dette kan eventuelt løysast ved at statane inngår to- eller fleirsidige avtaler om at slike saker vert pådømde i den staten der brotet fann stad.

Innlemminga av dette direktivet i EØS-avtala er eit viktig steg i retning av eit meir effektivt forbrukarvern, ikkje berre innanfor området til dei førnemnde direktiva, men òg der Noreg har gått lenger i forbrukarvern enn det minimumet som følgjer av direktiva.

Skipinga av eit system for handsaming og pådømming av saker etter direktivet, vil ikkje innebere vesentlege kostnader. Bruken av systemet vil derimot kunne føre med seg visse kostnader.

Komiteens merknader

Komiteen ser behovet for at det er et likt regelverk innenfor det frie markedet. Dette for å hindre at en utøver skal kunne omgå regelverket ved å utøve den ulovlige virksomheten i et annet land enn der utøveren er etablert.

Utenrikskomiteens merknader

Komiteens utkast til innstilling ble 18. februar 2000 oversendt utenrikskomiteen for merknader. Utenrikskomiteen har i brev av 23. februar 2000 meddelt at komiteen ikke har merknader til utkast til innstilling.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av EØS-komitébeslutning nr. 121/1999 av 24. september 1999 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern, i samsvar med St.prp. nr. 7 (1999-2000).

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 24. februar 2000

Ågot Valle

fung. leder

Per Roar Bredvold

ordfører

Grethe G. Fossum

sekretær