Utanriksdepartementet viser i proposisjonen
til avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10.
november 2000, som gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala om
samarbeid på særlege område utanfor dei
fire fridomane. Endringa inneber at EFTA-statane får høve
til å vera med i framhaldet av det fleirårige
fellesskapsprogrammet for energieffektivisering (SAVE).
SAVE har følgjande særskilde
mål:
– å stimulera
til energieffektivitetstiltak innan alle sektorar,
– å oppmuntra private
og offentlege forbrukarar og industrien til å investera
i energisparing,
– å leggje tilhøva
til rette for betring av energiintensiteten i sluttforbruket.
Avgjerda i EØS-komiteen vil forplikte
EFTA-statane å ta del i finansieringa av delprogrammet.
Den økonomiske ramma for gjennomføringa av delprogrammet
er på 66 mill. euro for perioden 1998-2002. Noreg sin del er
på 1,8 pst. av denne summen. Ved ein kurs på 1
euro = 8,2 kroner utgjer dette om lag 1,9 mill. kroner årleg. Tilskotet
frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt
budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon
og opplæring m.v. Stortinget er tidlegare orientert om
Noreg si deltaking i SAVE i St.prp. nr. 1 (1996-1997) og St.prp.
nr. 52 (1996-1997).
Deltaking i programmet får ikkje nemnande
administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske
lover og forskrifter.
Avgjerda i EØS-komiteen og rådsvedtaket
følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til
proposisjonen.
Utkast til innstilling er forelagt utenrikskomiteen, som
ikke har merknader til innstillingen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Aud Blattmann, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Anders Hornslien, lederen
Tore Nordtun og Torny Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg
og Øyvind Vaksdal, fra Kristelig Folkeparti, Hilde Frafjord
Johnson og Bror Yngve Rahm, fra Høyre, Bent Høie
og Jan Tore Sanner, fra Senterpartiet, John Dale, fra Sosialistisk
Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og fra Venstre, Gunnar Kvassheim,
har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd
i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000
om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak
2000/647/EF om vedtaking av eit fleirårig program
til fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002) .
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 30. november 2000
Tore Nordtun
leiar og ordførar |
Aud Blattmann
sekretær |