Det blir i meldinga vist til at etter eit svangerskapsavbrot
kan eit foster anten takast hand om etter retningsliner frå Statens
helsetilsyn om handtering av biologisk materiale eller setjast ned
på ein kyrkjegard eller minnelund. Det finst i dag ikkje
felles retningsliner på dette området, og praksis
varierer mellom sjukehusa. I meldinga legg Sosial- og helsedepartementet
fram prinsipp for slike retningsliner.
Om tidlegare politisk handsaming blir det vist
til at Sosial- og helsedepartementet i 1993 oppnemnde ei arbeidsgruppe
for å greie ut etiske, medisinske og juridiske spørsmål
som forsking og bruk av vev frå aborterte foster reiser.
Innstillinga frå arbeidsgruppa er offentleggjort i NOU
1994:22 Bruk av celler og vev frå aborterte fostre. I St.meld.
nr. 16 (1995-1996) blei det lagt til grunn at Statens helsetilsyn
skulle utarbeide retningsliner som sikra respektfull og lik handtering
av aborterte foster. Sosial- og helsedepartementet gav i 1996 Statens
helsetilsyn i oppdrag å utarbeide slike retningsliner,
og i 1998 ba departementet Helsetilsynet sende retningslinene til
departementet for godkjenning. I St.prp. nr. 1 (1998-1999) la den
førre regjeringa fram forslag til prinsipp for retningsliner
for handtering av aborterte foster. Eit forslag om å be
Regjeringa fremje sak for Stortinget slik at Stortinget fekk høve
til å drøfte retningslinene blei fremja i Dokument
nr. 8:96 (1997-1998), og dette blei vedteke ved handsaminga av Innst.
S. nr. 33 (1998-1999). Eit forslag til retningsliner blei lagt fram
av den førre regjeringa som ein meldingsdel i Ot.prp. nr.
24 (1999-2000), men forslaget blei trekt attende gjennom Ot.meld.
nr. 2 (1999-2000).
Det finst i dag inga rettsleg regulering for
handtering av aborterte foster. Lovreglar som er av interesse i
høve til utforminga av retningsliner er lov om svangerskapsavbrot,
lov om gravferd og lov om folketrygd, og det blir i meldinga gjort
greie for dei rettsreglane i desse som er relevante. Det blir òg
vist til at det i utgreiingsserie nr. 5 1991 frå Helsedirektoratet,
Om destruksjon og bortskaffing av avfall fra helseinstitusjoner,
m.a. er gitt generelle retningsliner for handtering av biologisk materiale.
Om medisinsk bakgrunn blir det uttala at da
spontanabortar før 12. veke ofte skjer utanfor sjukehus,
er det sjeldan behov for retningsliner for sjukehuset si handtering
av tidlege spontanabortar. Spontanabortar mellom 12. og 22. veke
skjer oftast på sjukehus, og fosteret er som regel intakt
og blir undersøkt for om mogleg å finne årsaka
til spontanaborten.
Den vanlegaste metoden for svangerskapsavbrot fram
til utgangen av 12. veke er at abortinngrepet blir utført
som eit kirurgisk inngrep. Fosteret er ikkje intakt etter inngrepet,
og abortmaterialet vil ikkje vere synleg for kvinna. Ved bruk av
abortpille blir fosteret støytt ut som ved ein spontanabort,
og fostervevet, morkakevevet og eventuelt fosteret kan bli synleg
for kvinna. Auka bruk av medikamentelt utførte svangerskapsavbrot
tidleg i svangerskapet fører til at fleire kvinner vil kunne
sjå fosteret.
Svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke
blir som hovudregel utført medikamentelt med metodar som
fører til rieaktivitet i livmora, og fosteret er intakt
etter inngrepet.
I 1999 blei det i alt utført 14251
svangerskapsavbrot. Av desse var det 469 svangerskapsavbrot etter
12. veke som det var gitt løyve til etter behandling i
abortnemnd.
Det blir uttala at manglande retningsliner for
handtering av aborterte foster eller vev frå foster har
ført til at det i dag er svært ulik praksis.
Departementet blei i 1997 kjent med at eit sjukehus sendte
lister over kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot,
til ein kyrkjegard for at dei kunne identifisere dei aborterte fostra
i samband med gravlegginga. Denne typen opplysningar kjem inn under
teieplikta, og departementet bad sjukehuset om å endre
rutinane.
Ei rundspørjing som 41 sjukehus har
svart på, syner at dei fleste sjukehusa destruerer abortmateriale
frå svangerskapsavbrot før den 12. svangerskapsveka.
Ved svangerskapsavbrot, spontanabortar eller dødfødslar etter
12. svangerskapsveke er praksis svært ueinsarta. Variasjonen
i praksis blir illustrert ved at eit fylkessjukehus set alle foster
som er over 13-14 veker, i eigne kister på eit eige gravfelt
på ein nærliggjande kyrkjegard, medan fylkessjukehuset
i nabofylket handterer foster inntil 28 veker som biologisk materiale
(i begge tilfella dersom foreldra sjølve ikkje ønskjer å ta hand
om fostra for gravlegging).
Det blir vist til at SOU 1991:42 Aborterade
foster m.m. inneheld forslag til retningsliner for handtering av
aborterte foster i Sverige som går ut på at eit
foster som døyr etter 12. svangerskapsveke, alltid skal
takast hand om for kremering før oska blir sett i jorda
eller blir spreidd anonymt. Gravlegging eller andre seremoniar i
samband med handteringa bør ikkje skje med mindre det ligg
føre eit særskilt ønske sett fram av kvinna.
Sjukehuset bør ikkje ha plikt til å underrette kvinna
om dei rutinane sjukehuset har for handtering av døde foster.
Slike rutinar blei gitt ut av Socialstyrelsen i 1990, og dei er
stort sett samanfallande med forslaga i SOU 1991:42.
Den danske helseministeren opplyste i Folketinget våren
1999 at Sundhedsstyrelsen arbeider med rutinar for handtering av
seine abortar og opplysning til foreldra om høve til å sjå det
aborterte fosteret og å få sett det ned på ein
kyrkjegard eller minnelund.
På bakgrunn av tidlegare tilråding
frå Statens helsetilsyn og handsaming i Stortinget foreslår
departementet at desse prinsippa blir lagde til grunn for helsestellet si
handtering av aborterte foster:
– Retningslinene
gjeld for sjukehus og helsepersonell og skal vere retningsgivande.
– Retningslinene gjeld for alle
aborterte foster inntil 22 fullgåtte veker. Ved svangerskapavbrot
etter 22. veke gjeld reglane i gravferdslova.
– Ved svangerskapsavbrot før
utgangen av 12. svangerskapsveke bør fostermaterialet bli
handtert etter dei same retningslinene som gjeld for handtering av
biologisk materiale.
– Kvinner som krev svangerskapsavbrot
etter utgangen av 12. svangerskapsveke, skal få standardisert skriftleg
informasjon om handteringa av aborterte foster. Kvinnene bør
få tilstrekkeleg tid til refleksjon, men dei bør
ikkje spørjast.
– Ved provosert abort etter utgangen
av 12. svangerskapsveke blir fosteret sett ned på ein kyrkjegard eller
minnelund dersom kvinna ikkje gir uttrykk for at ho ønskjer
handtering etter dei same retningslinene som gjeld for handtering
av biologisk materiale. Tilsvarande gjeld ved spontanabortar som
skjer på sjukehus etter utgangen av 12. svangerskapsveke.
Forslaget til retningsliner fører ifølgje
meldinga ikkje til økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet
foreslår at Statens helsetilsyn, i kraft av sin tilsynsrett
etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten, utarbeider og formidlar
dei endelege retningslinene i tråd med tilrådingane
frå Stortinget. Det blir uttala at retningslinene ikkje
skal gi kvinner juridiske rettar.