Den valfrie protokollen om sal av barn, barneprostitusjon
og barnepornografi, til FNs barnekonvensjon av 20. november 1989
blei vedteken 25. mai 2000 av Generalforsamlinga i FN. Protokollen
blei underteikna av Noreg 13. juni 2000. Per mars 2001 har 72 statar underteikna
han, medan to statar har ratifisert han.
Barnekonvensjonen sikrar barn rettar på ei
rekkje område, og fastset m.a. prinsippet om at det som
er til beste for barnet skal vere det primære omsynet i
alle saker som gjeld barn. Med "barn" meiner ein i konvensjonen
alle personar under 18 år, med mindre nasjonal lovgjeving
set ein lågare myndigrettsalder. I dag er Barnekonvensjonen
den menneskerettskonvensjonen som har størst tilslutnad,
med 191 partar. Noreg ratifiserte Barnekonvensjonen 8. januar 1991.
Barnekonvensjonen inneheld fleire føresegner
som skal verne barn mot å bli utnytta, medrekna artikkel
34 om at statane pliktar å verne barn mot seksuell utnytting.
Den valfrie protokollen inneber ei styrking av Barnekonvensjonen,
særleg fordi han pålegg statane å gjere
ei lang rekkje handlingar som er knytte til sal av barn, barneprostitusjon
og barnepornografi, straffbare i lovgjevinga. Protokollen definerer
desse handlingane. Behovet for å styrkje det internasjonale
samarbeidet, medrekna i form av gjensidig rettsleg hjelp, blir framheva.
Statspartane skal rapportere til FNs barnekomité om gjennomføringa
av pliktene etter protokollen. Ein syner elles til proposisjonen
når det gjeld merknader til dei einskilde artiklane i protokollen.
Den valfrie protokollen om sal av barn, barneprostitusjon
og barnepornografi må sjåast som eit viktig tiltak
for å styrkje barn sine menneskerettar. Barn sine rettar
blir prioriterte høgt både på nasjonalt
plan og i det internasjonale engasjementet til Noreg for vern av menneskerettane.
Det er viktig at Noreg støttar kampen mot seksuell og anna
utnytting av barn ved å ratifisere protokollen så snart
som råd. Norsk ratifikasjon av protokollen vil vere eit
ledd i den norske innsatsen på dette feltet.
Det blir lagt til grunn at gjennomføringa
av protokollen i norsk rett ikkje gjer det naudsynt med lovendringar
og heller ikkje medfører særlege økonomiske
eller administrative konsekvensar.
Komiteen vil understreke at kampen
mot salg av barn, barneprostitusjon og barnepornografi må bygges på samarbeid
og være av internasjonal karakter. Det er viktig å bekjempe
rekruttering av barn til barneprostitusjon og produksjon av barneporno.
Men komiteen vil også peke på det
behov for hjelp og rehabilitering som offer for ufrivillig prostitusjon
har, og vil understreke det ansvar Norge har for en beredskap i
forhold til dette.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjøre følgende
vedtak:
Stortinget gir samtykke til ratifikasjon av
valfri protokoll av 25. mai 2000 om sal av barn, barneprostitusjon
og barnepornografi, til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane
til barnet.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 2. mai 2001
Einar Steensnæs
leder |
Lisbet Rugtvedt
ordfører |
Haakon Blankenborg
sekretær |