Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna
folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns-
og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon
om rekneskapa for dei offentlege fonda.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for
2000 var 643,6 mrd. kroner medan utgiftene var på 490,2
mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda
var på 161,4 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed
eit oljekorrigert underskot på 7,9 mrd. kroner. Det vart
i samband med nysalderinga av budsjettet for 2000 vedteke at 9,5
mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast
på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort
opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Den attverande
delen av petroleumsinntektene på 151,9 mrd. kroner vart
avsett i Statens petroleumsfond.
I meldinga vert det òg gjort greie
for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan
overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen
for fondet 10,9 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Statens petroleumsfond
viser dermed eit samla overskot på 162,8 mrd. kroner for
2000. Ved utgangen av 2000 var kapitalen i fondet 386,6 mrd. kroner.
Samla sett vert statsrekneskapen og Statens
petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 164,4 mrd.
kroner.
Tabell 1.1 i meldinga gjev oversyn over inntekter
og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet
og Statens petroleumsfond for 1999 og 2000.
Samla overskot i statsbudsjettet og Statens
petroleumsfond auka med 124,5 mrd. kroner frå 1999 til
2000. Statsbudsjettet sitt overskot er redusert med 4,9 mrd. kroner.
Statens petroleumsfond sitt overskot auka med 129,4 mrd. kroner.
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda auka med 116,7
mrd. kroner. Overføringar frå Statens petroleumsfond
til statsbudsjettet vart redusert med 9,0 mrd. kroner. Statens petroleumsfond
sine renteinntekter og utbyte auka med 3,6 mrd. kroner.
Tabell 1.3 i meldinga gjev eit samla oversyn
over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen
og Statens petroleumsfond for 2000, medan tabell 1.4 viser utviklinga
i finansieringsbehovet til statskassa.
I 2000 har inntektsløyvingane utan
lånetransaksjonar auka med 96,4 mrd. kroner frå 544,8
mrd. kroner i saldert budsjett til 641,1 mrd. kroner i nysaldert
budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar
vart auka med 16,6 mrd. kroner frå 472,9 mrd. i saldert
budsjett til 489,6 mrd. kroner ved nysaldering av budsjettet.
Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot som
er 2,8 mrd. kroner lågare enn i det opprinneleg vedtekne
budsjettet. I 2000 auka inntektene samla sett med 17,5 mrd. kroner
utanom inntekter frå petroleumsverksemda og lån.
Av dette er 17,2 mrd. kroner auka skatte- og avgiftsinntekter. Utsetting
av salet av aksjar i DnB til 2001 gav reduserte inntekter på 3,2
mrd. kroner, medan renteinntektene og utbyte sidan saldert budsjett
auka med 2,4 mrd. kroner. Resterande inntekter har auka netto med
1,1 mrd. kroner. Nysaldert budsjett viste auka løyvingar
med netto 14,7 mrd. kroner (ekskl. utgifter til petroleumsverksemda
og lånetransaksjonar) frå saldert budsjett. 6,7
mrd. kroner av dei auka utgiftene kjem av ei gjeldssanering for
NSB Gardermobanen AS.
Oljeinntektene gjekk opp med 78,8 mrd. kroner
og oljeutgiftene auka med 2,9 mrd. kroner, slik at netto inntekter
frå oljeverksemda vart 75,9 mrd. kroner høgare
enn i saldert budsjett. Overføringar frå Statens petroleumsfond
til statsbudsjettet vart redusert med 3,8 mill. kroner. Anslaget
for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart auka
med 3,6 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring i budsjettbalansen på 83,4
mrd. kroner.
I 2000 vart det løyvd midlar til kjøp
av pasientbehandling i utlandet og til byggjing av forskingsfartøy. Utgiftene
vart forventa først brukt seinare år. Dette vart det
teke omsyn til i anslag på rekneskap i nysaldert budsjett.
Anslag på rekneskap frå nysaldert budsjett hadde
derfor 1 mrd. kroner lågare utgifter enn nysaldert budsjett.
I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond
til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det
teke omsyn til denne mindreutgifta ved at overføringa frå fondet
til statsbudsjettet vart redusert med 1 mrd. kroner. Nysaldert budsjett vart
derfor gjort opp med eit underskot på 1 mrd. kroner.
Ei samla oversikt over løyvingsendringane
gjennom 2000 er gjeve i St.prp. nr. 32 (2000-2001) Ny saldering av
statsbudsjettet medregnet folketrygden 2000.
Det er i avsnitt 1.4 i meldinga gitt oversyn
over hovudtala i statsrekneskapen for 2000 samanlikna med anslag
på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet.
I kapittel 2 i meldinga er det gjeve oversyn
over eit utval av inntekter og utgifter og i kapittel 3 er det omtale
av særskilde satsingsområde i 2000-budsjettet.
I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene
under folketrygda for 2000.
Finanspartar og kapitalrekneskapen er tema for kapittel
5. I kapittel 6 er det gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Grethe G. Fossum, Britt Hildeng,
Ottar Kaldhol, Torstein Rudihagen og Signe Øye, fra Kristelig
Folkeparti, Valgerd Svarstad Haugland, Lars Gunnar Lie og Ingebrigt
S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende,
Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Fremskrittspartiet, Siv
Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Senterpartiet, Odd
Roger Enoksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal,
fra Venstre, Terje Johansen, og representanten Arvid Falch,
viser til at meldingen gjelder statsregnskapet medregnet folketrygden
for 2000 og til at det i meldingen dessuten er gitt en orientering
av resultatregnskapet for Petroleumsfondet for 2000. Komiteen tar
meldingen til orientering. Komiteen viser til at
Stortinget senere, på grunnlag av innstilling fra kontroll-
og konstitusjonskomiteen til dokument fra Riksrevisjonen, vil behandle
konstitusjonelle antegnelser fra Riksrevisjonen med svar og forslag
til desisjon av statsregnskapet for 2000.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at det på en rekke områder, både
på inntekts- og utgiftssiden, er til dels betydelige avvik mellom
statsbudsjettet og statsregnskapet for 1999. Dette viser etter disse
medlemmers oppfatning at budsjettpolitikken ikke er godt
egnet til å jevne ut svingningene i økonomien,
eller detalj- eller finstyre den.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser
til at statsregnskapet nok engang viser et betydelig avvik fra det
vedtatte statsbudsjettet, også i 2000. Dette medlem påpeker
at dette betyr at frykten fra Regjeringen for mindre justeringer
i statsbudsjettets balanse er betydelig overdrevet, og at den økonomiske
handlefriheten er større enn det Regjeringen hevder.
Komiteen viser til
meldingen og til det som står foran og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 3 (2000-2001) - Statsrekneskapen
medrekna folketrygda for 2000 - vedlegges protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 16. mai 2001
Dag Terje Andersen
leder og ordfører |
Siv Jensen
sekretær |