Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framlegg frå stortings­representantane Inge Lønning og Petter Løvik om tiltak for å betre lære­middelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 251 (2000-2001)
  • Kjeldedokument: Dokument nr. 8:107 (2000-2001)
  • Dato: 22.05.2001
  • Utgjevar: Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen
  • Sidetal: 3

Til Stortinget

Samandrag

Dokumentet inneheld dette framlegget:

"Stortinget ber Regjeringa snarast mogleg treffe tiltak som fører til at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar er fullt ut tilfredsstillande frå og med skulestart hausten 2001."

Merknader frå komiteen

Komiteen syner til at departementet gjennom fleire år har satsa mykje på å betre læremiddelsituasjo­nen for blinde og svaksynte elevar, men at det står att nokre utfordringar før dette området er tilfredsstillande løyst.

Komiteen syner til brev frå departementet, dagsett 15. mai 2001, der det blir opplyst at Læringssenteret leiar arbeidet med å utvikle læreplanar for blinde og sterkt svaksynte elevar. Som følgje av desse opplysningane vil planen bli sendt på høyring innan stutt tid.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Sosialistisk Venstreparti, viser til at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar lenge har vore vanskeleg. Det har skjedd år etter år at elevar ikkje får dei lærebøkene dei treng ved skulestart. Det er her snakk om ei svært lita gruppe elevar, men for dei det gjeld skaper mangelen på læremiddel store problem. Fleirtalet meiner at problema gjer det svært vanskeleg å realisere retten til likeverdig opplæring for denne elevgruppa. Fleirtalet syner til at saka har vore teke opp fleire gonger dei siste åra utan at problema er blitt løyste. I Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) vert det m.a. sagt at

"... Som følgje av dei tiltaka det er gjort greie for, ligg det som ein klar intensjon at det statlege støttesystemet i stor monn skal medverke med faglege vurderingar når det gjeld val av lærebøker, og at alle lærebøker som er bestilte til punktskriftbrukarar for skoleåret 2001-2002 skal vere tilgjengelege ved skolestart."

Fleirtalet syner også til at statsråd Trond Giske i svar på skriftleg spørsmål nr. 456 (1999-2000) frå Høgre m.a. seier at

"... Jeg har bedt Læringssenteret og Statlig spesialpedagogisk støttesystem følge opp Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) og Innst. O. nr. 89 (1999-2000) i sine planer og sørge for læremidler til punktskriftbrukere i rett tid."

Fleirtalet konstaterer at situasjonen nesten eitt år seinare enno ikkje er avklara og at departementet i brev til komiteen dagsett 15. mai 2001, ikkje er klare nok med omsyn til det som vart lovt i Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) om at "alle lærebøker som er bestilte til punktskriftbrukarar for skoleåret 2001-2002 skal vere tilgjengelege ved skolestart". Fleirtalet vil også understreke at Dokument nr. 8:107 (2000-2001) gjeld læremiddel for blinde og svaksynte generelt og ikkje berre punktskriftbøker.

Med bakgrunn i den mangelfulle framdrifta i arbeidet gjer fleirtalet følgjande framlegg til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa snarast mogleg treffe tiltak som fører til at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar er fullt ut tilfredsstillande frå og med skulestart hausten 2001."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiet tok opp denne problemstilling allerede høsten 1999. Det vises her til Dokument nr. 15 (1999-2000), spørsmål 50 fra stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen til kirke-, utdannings- og forskningsministeren. I dette spørsmålet tas problemet opp med at de nødvendige bøker ikke er tilgjengelig for blinde og svaksynte ved skolestart. Disse medlemmer finner situasjonen fortsatt uholdbar, og mener at innsatsen på dette området må styrkes.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at målet er minst en lærebok i punktskrift i hvert fag og på hvert trinn. Dette medlem er kjent med at dette målet klarer produsentene av lærebøker å oppfylle på en tilfredsstillende måte.

Dette har som konsekvens at ikke alle blinde og svaksynte elever får samme lærebok som resten av klassen bruker. Dette medlem erkjenner at flere lærebøker i samme klasse kan være et pedagogisk problem. Det uheldige er at det er elever som i utgangspunktet stiller svakest som har bøker som ikke resten av klassen bruker. Antall alternative lærebøker i de ulike fag varierer. Dette medlem mener at valgtilbudet for bøker i punktskrift må økes. Dette medlem erkjenner at ikke alle lærebøker kan oversettes til punktskrift. Dette medlem mener likevel at det som hovedregel bør være valgmuligheter. Dette medlem mener derfor at minst to alternative bøker i hvert fag og på alle trinn skal være tilgjengelige i punktskrift. Et slik mål krever økte ressurser både til lærebokproduksjon og ikke minst til kapasitet når det gjelder oversettelse. Dette medlem fremmer følgende forslag til vedtak:

"Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2002 å fremme forslag om økte resurser slik at en kan nå målet om at det i gjennomsnitt skal være to alternative lærebøker i punktskrift for hvert fag."

Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Sosialistisk Venstreparti:

Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2002 å fremme forslag om økte ressurser slik at en kan nå målet om at det i gjennomsnitt skal være to alternative lærebøker i punktskrift for hvert fag.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, syner til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget ber Regjeringa snarast mogleg treffe tiltak som fører til at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar er fullt ut tilfredsstillande frå og med skulestart hausten 2001.

Vedlegg: Brev frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementv/statsråden til kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, dagsett 15. mai 2001

Dokument nr. 8:107 (2000-2001) læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elever

Eg viser til Dokument nr. 8:107 (2000-2001) fremma av stortingsrepresentantane Inge Lønning og Petter Løvik om tiltak for å betre læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar. Her blir Regjeringa beden om å treffe tiltak slik at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar er fullt ut tilfredsstillande frå og med skolestart hausten 2001.

I Ot.prp. nr. 44 (1999-2000), kap. 5 Om læremiddel for punktskriftbrukarar, gjorde departementet greie for stoda på punktskriftområdet og områder for forbetring. Alle lærebøker som blir valde ut for punktskriftproduksjon skal ha høg kvalitet og dekkje vesentlege delar av mål og hovudmoment i læreplanen for det einskilde klassetrinn. Det vart fremma forslag om betre prosedyrar for bestilling, meir utlån og avgrensing i skolenes frie val av læremiddel. Stortinget slutta seg til dette, jf. Innst. O. nr. 89 (1999-2000).

Departementet satsar mykje på å få ein tilfredsstil-lande læremiddelsituasjon for blinde og sterkt svaksynte. Stoda er i dag betre enn før, men det er framleis utfordringar på området. Eg vil her kort gjere greie for nokre viktige tiltak som er iverksette.

Læringssenteret leiar arbeidet med å utvikle læreplanar for blinde og sterkt svaksynte elever. Arbeidet med omsyn til grunnskolen er i sluttfasen, og planen blir sendt på høyring denne våren. Etter dette vil dei begynne arbeidet med læreplan for vidaregåande opplæring. Læreplanane vil omhandle punktskrift, aktivitetar i dagleglivet, mobilitet og tekniske hjelpemiddel. Kompetansesentra Huseby og Tambartun tek del i læreplanarbeidet.

Egna læremiddel er viktig for å leggje til rette for ein skole for alle. Statleg spesialpedagogisk støttesystem skal gi råd og rettleiing til skolar med blinde og sterkt svaksynte elevar om egna læremiddel sett i eit synspedagogisk og ressurseffektivt perspektiv. Læringssenteret skal også ivareta og forsterke prinsippet om universell utforming i alt sitt samarbeid med offentlege og private aktører.

Departementet sende Læringssenteret no i april godkjenningsbrev for Handlingsplan for særskilt tilrettelagte læremidler 2001-2004 med enkelte presiseringar og endringar. Årleg ligg det totalt over 17 mill. kroner til arbeidet med handlingsplanen i tildelingsbrev til Læringssenteret. I tillegg ligg faste ressursar i det statlege spesialpedagogiske støttesystemet og evt. ressursar Læringssenteret vil bruke av si generelle ramme. Eitt av dei seks prioriterte områda i handlingsplanen er læremiddel for blinde og sterkt svaksynte.

Departementet har bede Læringssenteret utarbeide rundskriv til skolane med orientering om prosedyrar, samarbeidsparter, læremiddeloversikt i læremiddeldatabase, søknadsfrister mv. Departementet ønskjer også årlege tal for læremiddelutviklinga.

Læringssenteret vil prioritere nyproduksjonar i fag og på trinn og kurs utan tilrettelagde læreverk. Dei vil også gjere ferdig læreverk der ein allereie har ein eller fleire komponentar. Vidare er dei bedne om å sjå nærare på ei utviding av utlånsordninga. Eg trur utlånsordning av ferdigproduserte punktskriftverk og nyproduksjon på udekka område samla sett vil gi blinde og sterkt svaksynte eit stort kildetilfang.

Blinde og sterkt svaksynte elever brukar også lydbøker. Departementet har bede Læringssenteret gi lydbokproduksjon høg prioritet.

Multifunksjonelle læremiddel er læremiddel som nyttast av fleire grupper, til dømes hørsels- og synshemma elevar, elevar med samansette lærevanskar, sosiale og emosjonelle problem, språk og talevanskar, lese- og skrivevanskar og motoriske vanskar. Lærings­senteret er beden om å fortsette arbeidet sitt på dette feltet.

Til sist vil eg nemne at Læringssenteret i tildelingsbrevet for 2001 er beden om å prøve ut og få erfaring med korleis nyare språkteknologi, til dømes talegjenkjenning, diktering og talesyntese, kan nyttast i tilrettelegging og utforming av læremiddel og av opplæringstilbodet for elevar med særskilde behov.

Som det går fram av dette, blir det arbeidd målretta for at læremiddelsituasjonen for blinde og sterkt svaksynte skal bli god. Eg kan elles seie at departementet framleis vil fylgje dette feltet nøye i tida framover, i nært samarbeid med støttesystemtet og Læringssenteret.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 22. mai 2001

Ranveig Frøiland

leiar

Sigvald Oppebøen Hansen

ordførar

Rune E. Kristiansen

sekretær