Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

Til Stortinget

Samandrag

Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til at fellesskapsramma for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling formelt vart vedteken i EU 27. juni 2001. Fellesskapsramma skal gjelde i tidsrommet 1. januar 2001 til 1. januar 2004, og er meint å skulle støtte opp om dei verkemidla som alt finst på området. Budsjettet for ordninga er sett til 14 mill. euro samla for fireårsperioden 2001-2004, som tilsvarar om lag 112 mill. kroner.

Det er opna for at EFTA/EØS-statane kan ta del i fellesskapsramma. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 i EØS-avtala blir endra. Ettersom ordninga går over fleire år, vil norsk deltaking gjere det naudsynt med løyvingsvedtak, og det er difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal ta del i fellesskapsramma så snøgt som råd, må ein innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Denne avgjerda er venta før årsskiftet 2001-2002.

Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til at målet med avgjerda om å inngå ei avtale om ei felles ramme for samarbeidet om berekraftig byutvikling, er å medverke til å styrkje dette området gjennom å gje støtte til samarbeidsprosjekt som involverer ikkje berre lokale styresmakter i byane, men også næringsliv og folk flest. Vidare visast det til at Miljøverndepartementet vurderer at deltakinga i fellesskapsramma vil vere i tråd med norske interesser. Programmet vil vere eit godt supplement til vår nasjonale innsats, og deltakinga vil truleg stadfeste at internasjonalt samarbeid på området berekraftig byutvikling kan gje vinstar.

Det er i proposisjonen gjort greie for:

  • – Nærare om programmet

  • – Konstitusjonelle tilhøve

  • – Avgjerda i EØS-komiteen

  • – Administrative, økonomiske, budsjettmessige og rettslege konsekvensar

Departementet viser til at norsk deltaking i den framlagde fellesskapsramma for samarbeid krev ingen lov- eller forskriftsendringar. Fellesskapsramma har eit samla budsjett på 14 mill. euro over fire år (om lag 112 mill. kroner). Ved deltaking vil den norske løyvinga bli på om lag 500 000 kroner per år. Utgiftene vil bli dekte over budsjettet til Miljøverndepartementet, kap. 1463 post 1.

Europaparlaments- og rådsavgjerda og utkast til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Utkast til innstilling har vore forelagt utenrikskomiteen til uttale, som ikkje har merknader til innstillinga.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak

Stortinget samtykker i at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 21. november 2001

Bror Yngve Rahm

leiar

Inger S. Enger

ordførar

Øyvind Vaksdal

sekretær