Innstilling fra utenrikskomiteen om endringer på statsbudsjettet for 2002 under kapitler administrerte av Utenriksdepartementet

Til Stortinget

1. Sammendrag

I proposisjonen blir det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2002.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det berre foreslått mindre endringar, jf. omtale nedanfor.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 146,35 mill. kroner.

På kap. 197 Støtte til ikkje ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak blir løyvinga foreslått redusert grunna mindre innbetaling enn tidlegare lagt til grunn til Verdsbankens karbonfond.

For ODA-godkjend utviklingshjelp vert nedanfor omtala nokre større endringar. Elles viser ein til proposisjonen.

Kap. 150 Hovudsamarbeidsland

Post 75 Bangladesh, kan overførast

Gjennomføringskapasiteten i forvaltningsapparatet er svak, og framdrifta i prosjektgjennomføringa har i år vore svært dårleg. I tillegg medfører korrupsjonsproblema i Bangladesh tilsvarande vanskar. Desse tilhøva har medført at fleire norskfinansierte prosjekt ikkje kan gjennomførast som planlagt.

Regjeringa gjer difor framlegg om at landramma blir redusert med 74 mill. kroner.

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast

Det er venta ei ytterlegare forverring av matvarekrisa i det sørlege Afrika, og ei matvarekrise av stort omfang er under utvikling på Afrikas Horn. I begge regionane er ei omfattande sveltkatastrofe på gang. Det er difor behov for meir støtte både gjennom FN-systemet og dei norske humanitære organisasjonane som er aktive i området. Vidare er det behov for større innsats for førebygging av naturkatastrofar, ikkje minst i Afrika, men òg i Asia og Latin-Amerika.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 30 mill. kroner.

Post 71 Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast

Omfattande humanitære behov har medført stort forbruk på den humanitære løyvinga i år. Trass i store humanitære kriser i andre delar av verda er Afrika framleis kontinentet med dei største humanitære behova.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 16 mill. kroner.

Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati

Post 70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast

Den omfattande norske støtta til fred, forsoning og demokratitiltak gjer at løyvinga for 2002 er disponert.

Noreg har òg eit aktivt engasjement i konflikten mellom Etiopia og Eritrea, og den sentrale rolla Noreg har i Tryggingsrådet både når det gjeld Etiopia/Eritrea og Somalia krev ressursar. Det same gjeld det norske engasjementet i fredsprosessen i Sudan som òg omfattar finansiering av våpenkvileobservatørar. På alle desse områda er det behov for meir midlar.

Det blir gjort framlegg om ein auke på 10 mill. kroner.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 70 Verdsbanken, kan overførast

I IDA13-forhandlingane som blei avslutta 1. juli 2002 vart det vedteke at SDR 10,02 mrd. av påfyllinga skulle kome gjennom nye bidrag frå gjevarlanda. På heile 1990-talet låg Noregs andel på 1,42 pst. av total påfylling. Noregs utanriksøkonomiske stilling blei i same perioden radikalt forbetra. Vidare har IDAs utlånspolitikk dei siste ti år utvikla seg raskt og er i dag i stor grad i samsvar med norsk utviklingspolitikk. På bakgrunn av dette aksepterte ein frå norsk side å auke delen av påfyllinga til 1,52 pst. Vidare har valutakursendringar medført ein ytterlegare auke i Noregs del. Sluttresultatet inneber bidrag frå Noreg på 1 751,27 mill. kroner over tre år, som svarar til ei årleg innbetaling på om lag 584 mill. kroner. Dette er pliktige bidrag.

Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 84 mill. kroner.

Kap. 173 Støtte til prioriterte tema via multilaterale kanalar

Post 73 Miljø og energi, kan overførast

Det er mindre behov for midlar enn rekna med, mellom anna til fondet for miljø, sosial utvikling og fattigdom i Verdsbanken.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 22,8 mill. kroner.

Post 74 Godt styresett, kan overførast

Det er mindre behov for midlar enn rekna med, mellom anna på grunn av avvikling av det norske konsulentfondet i UNDP.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 27,9 mill. kroner.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise og fra Senterpartiet, Åslaug Haga, har merket seg endringene som foreslås på statsbudsjettet for 2002 på Utenriksdepartementets område. Komiteen tar til etterretning at lav gjennomføringskapasitet og problemer knyttet til korrupsjon i Bangladesh gjør at en del prosjekter ikke kan gjennomføres, og at landrammen derfor blir redusert. Komiteen forutsetter at bakgrunnen for dette kuttet gjøres kjent for norske samarbeidspartnere innen bistand i Bangladesh, og at en søker å finne løsninger for disse problemene.

Komiteen ser positivt på at Norge trapper opp den humanitære innsatsen på Afrikas Horn, og at Norge har hatt et aktivt engasjement for fred i flere konflikter i Afrika.

Komiteen har merket seg at 50-årsmarkeringen for norsk utviklingshjelp har ført til et økt behov for midler til informasjon. Komiteen ser positivt på en økt satsing på informasjon, men mener det burde vært mulig å avpasse aktivitetene til bevilget budsjett under 50-årsjubileet.

Komiteen viser til kap 173 post 73 hvor Regjeringen redegjør for at det har vært mindre behov for midler til blant annet fondet for miljø, sosial utvikling og fattigdom i Verdensbanken, og antar at det ikke kan være mangel på behov innen dette feltet, men at aktivitetsnivået ikke er høyt nok til å avta alle de avsatte midlene. Komiteen ber Regjeringen arbeide for et høyt ambisjonsnivå fra Verdensbankens side innen dette området.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

101

Utanriksstasjonane

1

Driftsutgifter, blir redusert med

667 000

frå kr 819 992 000 til kr 819 325 000

140

Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa

1

Driftsutgifter, blir auka med

900 000

frå kr 142 588 000 til kr 143 488 000

141

Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD)

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 200 000

frå kr 167 360 000 til kr 170 560 000

142

NORADs administrasjon av utanriksstasjonane

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 250 000

frå kr 207 370 000 til kr 208 620 000

150

Hovudsamarbeidsland

75

Bangladesh, kan overførast, blir redusert med

74 000 000

frå kr 130 000 000 til kr 56 000 000

160

Sivilt samfunn og demokratiutvikling

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 000 000

frå kr 17 500 000 til kr 18 500 000

163

Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

70

Naturkatastrofar, kan overførast, blir auka med

30 000 000

frå kr 190 000 000 til kr 220 000 000

71

Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast, blir auka med

16 000 000

frå kr 1076 000 000 til kr 1092 000 000

164

Fred, forsoning og demokrati

70

Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast, blir auka med

10 000 000

frå kr 227 000 000 til kr 237 000 000

165

Forsking, kompetanseheving og evaluering

1

Driftsutgifter, blir redusert med

3 846 000

frå kr 102 100 000 kr til 98 254 000

166

Tilskot til ymse hjelpetiltak

70

Ymse tilskot, kan overførast, blir redusert med

9 504 000

frå kr 9 504 000 til kr 0

71

Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m, kan overførast, blir redusert med

2 500 000

frå kr 62 000 000 til kr 59 500 000

171

Multilaterale finansinstitusjonar

70

Verdsbanken, kan overførast, blir auka med

84 000 000

frå kr 500 000 000 til kr 584 000 000

71

Regionale bankar og fond, kan overførast, blir redusert med

5 800 000

frå kr 526 500 000 til kr 520 700 000

173

Støtte til prioriterte tema via multilaterale kanalar

73

Miljø og energi, kan overførast, blir redusert med

22 800 000

frå kr 172 000 000 til kr 149 200 000

74

Godt styresett, kan overførast, blir redusert med

27 900 000

frå kr 140 000 000 til kr 112 100 000

197

Støtte til ikkje ODA-godkjende land og internasjonale miljøtiltak

76

Tilskot til internasjonale klima- og miljøtiltak, kan overførast, blir redusert med

11 500 000

frå kr 42 500 000 til kr 31 000 000

Oslo, i utenrikskomiteen, den 27. november 2002

Thorbjørn Jagland

leder

Bjørn Jacobsen

ordfører

Åslaug Haga

sekretær