Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om kraftutbygging i Hattebergvassdraget

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 257 (2002-2003)
  • Kjeldedokument: St.meld. nr. 23 (2002-2003)
  • Dato: 11.06.2003
  • Utgjevar: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetal: 4

Til Stortinget

Samandrag

Olje- og energidepartementet legg i meldinga fram avslag på søknad om løyve til kraftutbygging i Hattebergvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland. Konsesjonssøkjaren, Kvinnherad Energi AS, har i medhald av vassdragsreguleringslova § 8 kravd at departementet sitt avslag vert lagt fram for Stortinget.

Hattebergelva er i dag bygd ut med Muradalen kraftverk, som er ein kraftstasjon i dagen inst i Muradalen, og dei to magasina Prestavatnet og Svartavatnet. Årleg produksjon i kraftverket er i dag om lag 8,5 GWh. Noverande Muradalen kraftstasjon vart sett i drift i 1954 og har behov for ei modernisering.

Kvinnherad Energi AS, eigd av Kvinnherad kommune, søkte i 1998 om løyve til å ruste opp og utvide Muradalen kraftverk i Hattebergvassdraget.

Søknaden inneheldt 4 punkt:

  • 1. Utbetring av dammen ved Svartavatnet for å oppfylle tryggleikskrava etter forskriftene om Sikkerhet og tilsyn med vassdragsanlegg.

  • 2. Ytterlegare regulering av Svartavatnet.

  • 3. Reguleringskonsesjon på ubegrensa tid.

  • 4. Ny kraftstasjon med 6 ulike alternativ for ei utbygging.

Kvinnherad Energi har i søknaden lagt fram 6 ulike alternativ for ei utbygging.

For alternativa 1-5 vart vassvegane planlagd i tunnel og med jordkabel i staden for den luftlina som vert nytta i dag. Alternativ 6 skulle nytte røyrgate og luftline.

Olje- og energidepartementet fatta i juni 2001 vedtak om å avslå søknaden om ytterlegare regulering av Svartavatnet og om å byggja nytt Muradalen kraftverk. Samstundes vart kraftselskapet sin tidsavgrensa reguleringskonsesjon i vassdraget gjort om til å bli evigvarande. Søkjaren fekk òg løyve til å gjere naudsynte sikringstiltak ved dammen i Svartavatnet slik det var søkt om.

Under sakshandsaminga i departementet la søkjaren fram eit alternativ med ombygging av kraftverket utan endring av fallhøgda, men med auka slukeevne. Departementet står fast ved avslaget på konsesjonssøknaden i denne meldinga.

NVE si innstilling

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si innstilling i saka av 23. mai 2000 følgjer stortingsmeldinga som utrykt vedlegg. Søknaden frå kraftselskapet og konsekvensutgreiinga er teken med i NVE si innstilling.

NVE rådde i si innstilling til departementet til at konsesjon vert gjeve. NVE kom til at det i samband med handsaminga av Verneplan IV vert gjort unntak for eit prosjekt for utbygging i samsvar med dei prosjekta i Samla Plan som vart handsama av Stortinget same dag som saka om Verneplan IV. NVE rådde til at ein gav løyve til alternativ 5, som NVE meinte var det som best tok vare på verneinteressene. Dette alternativet ville gje omlag 74 GWh i året. Alternativ 5 er eit prosjekt der kraftstasjonen vert lagt i fjell om lag 100 m nedanfor eksisterande kraftstasjon på om lag kote 177 med inntak i Prestavatnet. Dette alternativet var samstundes hovudalternativet i konsekvensutgreiinga.

Vurdering og tilråding

Olje og energidepartementet syner til at etter vassdragsreguleringslova § 8 første ledd bør ein normalt berre gje konsesjon til ei vassdragsregulering dersom "skader eller ulemper for allmenne eller private interesser anses for å være av mindre betydning i sammenligning med de fordeler som reguleringen vil medføre. Hensyn bør dessuten tas til andre skade- og nyttevirkninger av samfunnsmessig betydning".

Konsesjon skal normalt berre gjevast dersom skadene eller ulempene er av mindre vekt samanlikna med fordelane som tiltaket fører med seg. Noko kvalifisert overvekt vert ikkje kravd.

Skader og ulemper ved tiltaket går først og fremst på verknaden på naturverdiar og nærleiken til nasjonalparken og Baroniet. Endringar i vassføringa vil føre med seg ein reduksjon av vassdraget sin verdi for naturopplevingar og rekreasjon.

Olje- og energidepartementet fann etter ei samla vurdering av søknaden at omsynet til nasjonale naturverdiar i området måtte få avgjerande vekt.

Kvinnherad Energi har vidare etter departementet sitt syn, ikkje kome med nye moment i saka som gjer at departementet vil endra si vurdering. Alle dei nemnde momenta var kjend då departementet fatta vedtak om å avslå søknaden.

Til dei konkrete merknadene frå konsesjonssøkjaren peikar departementet på at sjølv om eit prosjekt er plassert i Kategori I i Samla Plan, er det ikkje nokon automatikk i at ein skal få konsesjon. Ved ei slik plassering er det opna for konsesjonshandsaming. Søkjar har ikkje noko krav på å få konsesjon.

Det er opp til konsesjonsmakta sitt frie skjøn å vurdere tiltaket sine konsekvensar utifrå kriteria i vassdragsreguleringslova § 8.

Departementet viser til dei nasjonale omsyna til landskap, natur- og kulturminnemiljøet i området, det er viktig å verna om vassføringa i vassdraget med dei fordelar det gjev for friluftsliv og naturoppleving. Det er viktig å ta omsyn til at turgåarar og andre brukarar av området får oppleve ei kjensle av at det ikkje vert gjort nye inngrep.

Departementet meiner at skadeverknadene ved prosjektet er større enn fordelane, og at avslaget på søknaden om utbygging difor bør oppretthaldast.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Hans Seierstad, viser til oversynet ovafor der det går fram at sak om kraftutbygging i Hattebergvassdraget har vore til behandling og avgjersle fleire gonger tidlegare.

St.meld. nr. 23 (2002-2003) er utarbeidd som følgje av anke frå Kvinnherad Energi dagsett 6. august 2002 over tidlegare vedtak.

Komiteen viser til at dåverande olje- og energiminister Akselsen i brev dagsett 28. juni 2001 avslo Kvinnherad Energi sin søknad, presentert i fire punkt, om å rusta opp og utvida Muradalen kraftverk. Olje- og energiminister Steensnæs rår i St.meld. nr. 23 (2002-2003) til at tidlegare avslag på søknaden om å rusta opp og byggja ut kraftverket vert oppretthalde. Olje- og energiminister Einar Steensnæs har vidare i brev dagsett 3. mars 2002 oppheva NVE sitt vedtak om at utviding av kraftverket i Muradalen ikkje var konsesjonspliktig.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er einig i dei vurderingane som to olje- og energiministrar har gjort, og avslaget på søknaden frå Kvinnherad Energi om utbygging av Muradalen kraftverk vert stadfesta.

Komiteen var på synfaring 19. mai 2003 i dei aktuelle områda som er presenterte i søknaden frå Kvinnherad Energi AS, og komiteen hadde møte med innlegg frå søkjar og ulike interessegrupper.

I tillegg til informasjonen om kraftverket sine planar, fekk komiteen også orientering om at Rosendal og omland vassverk har fått krav om å laga nytt reinseanlegg. Vassverket har difor utarbeidd planar for eit nytt bygg til reinseanlegget rett nedafor kraftstasjonen. At vassverket, som følgje av nye krav om reinseanlegg, hadde konkrete planar om å føra opp eit nytt bygg rett nedafor kraftstasjonen, var ny informasjon. Komiteen bad difor om å få supplerande opplysningar om status for desse planane.

Etter synfaringa har komiteen fått brev frå Kvinnherad Energi AS dagsett 26. mai 2003. Brevet følgjer som vedlegg til innstillinga.

Det er uråd for komiteen å ta stilling til realitetane i brevet som ein del av behandlinga av St.meld. nr. 23 (2002-2003).

Komiteen oppfattar brevet som eit varsel om at det kan koma ein formell søknad til Olje- og energidepartementet om mogeleg samording av Rosendal og omland vassverk sine planar for å stetta reinsekrava og opprusting av Muradalen kraftverk.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, vil vera positiv til ei slik samordning under føresetnad av at eventuelle tiltak som vert godkjende i området, er innafor dei rammene som omsynet til verneverdiane krev.

På møtet i Rosendal fekk komiteen informasjon om at røyrgata til kraftverket av tryggleiksomsyn må skiftast ut innan få år. Røyrgata er i dag godt synleg i terrenget, sjølv om vegetasjonen ovanfor kraftstasjonen dekkjer ein del av røyrgata. Ved utskifting av røyrene, kan dei leggjast slik at dei vert mindre synlege i terrenget. Maskinane i kraftstasjonen må også skiftast ut. Sjølve kraftstasjonsbygningen kan knapt seiast å vera ei estetisk nyting, og ei anna utforming av kraftstasjonen kunne gjort at dette bygget fall naturleg inn i terrenget.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti,er kjende med at Nasjonalparksenteret i Rosendal står på lista over senter som er til vurdering for autorisasjon og økonomisk støtte.

Fleirtalet viser elles til Budsjett-innst. S. nr. 9 (2002-2003) der Folgefonna nasjonalpark vert prioritert for å få etableringsstøtte.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti ber Regjeringa medverka til at ein slik mellombels autorisasjon blir gitt.

Desse medlemene syner òg til at det i Rosendalsområdet er ei rekke spesielle kulturminner og store landskapsområder, og at det i området er stor kompetanse knytta til å forvalta desse. Verdiane har òg ein stor nasjonal verdi og staten må i større grad bidra til forvaltinga. Desse medlemene meiner difor at det bør opprettast eit kompetansesenter for spesielle kulturminner og landskapsområder i Rosendal, og at Statens Naturoppsyn vert representert i området i tilknytting til senteret, og vil be Regjeringa kome tilbake til oppretting og finansiering av eit slikt senter i statsbudsjettet for 2004.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til NVEs innstilling av 23. mai 2000, hvor NVE etter en helhetsvurdering av planene og de foreliggende uttalelser, finner at fordelene og nytten av tiltaket etter alternativ 5 er større enn skadene for allmenne interesser, jf. vassdragsloven § 106 nr. 1 og vassdragsreguleringsloven § 8.

Disse medlemmer viser videre til at NVE, som vår fremste faginstans, anbefaler at Kvinnherad Energi AS får tillatelse etter vassdragsloven §§ 104-105 og 62 til bygging og drift av nytt Muradalen kraftverk etter alternativ 5 og til ekspropriasjon av nødvendig grunn til ny kraftstasjon og hjelpeanlegg. NVE anbefaler også at det gis tillatelse til den omsøkte planendringen, dvs. erstatte nåværende hevert i Svartavatnet med en tappetunnel. Videre anbefales at Kvinnherad Energi AS får tillatelse etter industrikonsesjonsloven til å erverve de deler av fallet som ikke allerede er ervervet og etter vassdragsloven § 148 til ekspropriasjon av de fallrettigheter som ikke allerede er ervervet.

Disse medlemmer har merket seg at i NVEs helhetsvurdering inngår også konsekvensene av elektriske anlegg som er nødvendig for bygging av nytt Muradalen kraftverk, og at disse etter NVEs vurdering ikke medfører skader av et slikt omfang at det har avgjørende betydning for om det omsøkte tiltak kan tillates.

Disse medlemmer slutter seg til NVEs vurderinger, og fremmer forslag i samsvar med dette.

Disse medlemmer viser også til uttalelser fra Hordaland fylkeskommune, Kvinnherad kommune og Kommunal- og regionaldepartementet som alle støtter NVEs innstilling.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen gi Kvinnherad Energi AS konsesjon til bygging og drift av nytt Muradalen kraftverk i samsvar med NVEs innstilling."

Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet:

Stortinget ber Regjeringen gi Kvinnherad Energi AS konsesjon til bygging og drift av nytt Muradalen kraftverk i samsvar med NVEs innstilling.

Tilråding frå komiteen

Komiteen si tilråding vert fremja av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

St.meld. nr. 23 (2002-2003) - om kraftutbygging i Hattebergvassdraget - vert å leggje ved protokollen.

II

Avslag på søknaden frå Kvinnherad Energi om utbygging av Muradalen kraftverk, vert stadfesta.

Vedlegg: Brev frå Kvinnherad Energi AS til energi-og miljøkomiteen, dagsett 26. mai 2003

Opprustning av Muradalen kraftverk og mogeleg samordning med vassverket sine utbyggingsplanar

Sidan komiteen var på synfaring 19. mai er det komme inn nye moment i saka som vi meiner bør takast med i komiteen si vurdering. Vi har fått tilsendt nabovarsel, datert 15. mai 2003, frå Rosendal og omland vassverk sin konsulent om bygging av vassbehandlingsanlegg i Muradalen. Prosjektet gjeld:

  • – bygging av behandlingsanlegg på 200 m2 med mønehøgd 7m nærast vegg i vegg med noverande kraftstasjon

  • – Legging av tilhøyrande 890 m vassleidning frå noverane inntaksdam og inn til kraftstasjonen.

  • – Bygging av 20m breid og 2,5 m høg inntaksdam i elveløpet.

Vi har fått opplyst frå formannen i vassverket om at planane er godkjend av Baroniet Rosendal.

Så snart vi mottok denne meldinga tok vi kontakt med vassverket med sikte på å samordna deira planar med den omsøkte opprustninga av Muradalen kraftverk, noko dei umiddelbart stilte seg positive til.

Ei slik samordning vil, slik vi ser det, gje høve til:

  • – Riving av eksisterande stasjonsbygning.

  • – Samling av alle tekniske installasjonar, inkl. nytt kraftverk, i ein og samme bygning der ein saman kan setja av ein forholdsvis større del av prosjektkostnaden til utforming av bygningen og tilpassing til naturen rundt.

  • – Legging av 900m høgspentkabel saman med ny vassleidning frå noverande inntaksdam og riving av eksisterande kraftline på same strekning.

Samordning av planane forutset løyve til opprustning av kraftstasjon og røyrgate i samsvar med alternativ 6. I motsett fall vert den gamle stasjonen ståande og vassverket byggjer nytt bygg utan å ha økonomisk handlefridom til å ta ynskjelege estetiske omsyn. Eit slikt utfall i saka vil føra til at både utbyggjar, verneinteresser og natur og miljø i Muradalen vert taparar.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 11. juni 2003

Bror Yngve Rahm

leiar

Ingmar Ljones

ordførar