Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Arne Braut, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at dokumentet er oversendt til finansminister Per-Kristian Foss til uttale. Svaret frå finansministeren 23. mai 2003 følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

Komiteen viser til omtale og merknader til kapittel 14 i St.prp. nr. 66 (2002-2003) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2004 (kommuneproposisjonen), jf. Innst. S. nr. 259 kapittel 13 kva gjeld tilføring av ein del av selskapsskatten til kommunane.

Komiteen viser til dokumentet og det som står ovanfor, og gjer følgjande framlegg:

"Dokument nr. 8:106 (2002-2003) - forslag fra stortingsrepresentantene Siv Jensen, Per Erik Monsen og Gjermund Hagesæter om at deler av selskapsskatten skal tilfalle kommunene der selskapene er etablert - vert å leggje ved protokollen."