Handsaming i finanskomiteen av Dokument nr. 8:106 (2002-2003) frå stortingsrepresentantane Siv Jensen, Per Sandberg, Per Erik Monsen og Gjermund Hagesæter om at delar av selskapsskatten skal tilfalle kommunane der selskapa er etablerte

Det blir vist til brev frå finanskomiteen av 13. mai 2003 om handsaminga i komiteen av Dokument nr. 8:106 (2002-2003) frå stortingsrepresentantane Siv Jensen, Per Sandberg, Per Erik Monsen og Gjermund Hagesæter. Det blir i brevet gitt høve til å komme med innspel til finanskomiteens handsaming av saka.

Stortingsrepresentantane Siv Jensen, Per Sandberg, Per Erik Monsen og Gjermund Hagesæter fremmar følgjande forslag i Dokument nr. 8:106 (2002-2003):

  • "1. Stortinget ber Regjeringen fremme nødvendige lovendringsforslag slik at deler av selskapsskatten tilfaller de kommunene der selskapene er etablert.

  • 2. Stortinget ber Regjeringen om at lovendringsforslagene blir lagt fram i forbindelse med statsbudsjettet 2004, slik at kommunene får beholde deler av selskapsskatten fra og med 1. januar 2004."

l Kommuneproposisjonen for 2004, som blei lagt fram 15. mai, varsla Regjeringa at den har som siktemål å tilbakeføre ein del av selskapsskatten til kommunane, for å styrkje dei incentiva kommunane har til å utvikle næringslivet og til å sikre næringsetablering. Dette er ein oppfølging av Sem-erklæringa, der det står:

"Samarbeidsregjeringen vil: (...) sikre at kommunene har incitamenter for å legge til rette for næringsutvik­ling lokalt. En andel av selskapsskatten må derfor igjen tilfalle kommunene. Det må utarbeides fordelingskriterier som gir en mer rettferdig fordeling av selskapsskatten enn den tidligere ordning."

Selskapsskatten blei gjort om til ein rein statsskatt i kommuneopplegget for 1999. Etter at reforma blei vedteken av Stortinget i samband med statsbudsjettet for 1999, har skatten for dei etterskottspliktige tilfalle staten. Kommunesektoren blei kompensert for bortfallet av selskapsskatten i form av auka skatt frå personlege skattytarar med om lag 6 mrd. kroner i 1999.

Som omtalt i Kommuneproposisjonen, har ei eige arbeidsgruppe, med deltaking frå Kommunal- og regionaldepartementet, Finansdepartementet og Skattedirektoratet, greidd ut nokre moglege modellar for å tilføre kommunane inntekter frå utvikling av næringsverksemd. Systemet som inntil 1999 blei nytta for å fordele ein del av selskapsskatten mellom kommunane, var svært arbeidskrevjande og tungvint, både for selskapa og likningskontora. Regjeringa er såleis einige med forslagsstillarane i at ein føresetnad for å føre delar av selskapsskatten tilbake til kommunane, er at fordelinga må skje etter andre metodar og kriterium enn dei som blei nytta inntil 1999.

Arbeidsgruppa har gjort framlegg om at ein del av skatten frå selskapa kan tilførast kommunane basert på data for den geografiske fordelinga av sysselsetjinga til det enkelte føretak. Skatten for kvart føretak blir fordelt mellom kommunane avhengig av kor arbeidsplassane i føretaket er lokalisert, basert på ein kopling mellom data for skatt og sysselsetjing. Dette kriteriet vil stimulere til å leggje til rette for utvikling av lønnsame arbeidsplassar lokalt.

Tilføring av ein del av inntekta frå selskapsskatten til kommunane kan skje på ulike måtar. Arbeidsgruppa skisserer to moglege modellar, skattesimuleringsmodellen og skattefondsmodellen. I skattesimuleringsmodellen blir midlane formelt og teknisk tilførte kommunane med ei tidsforseinking som overføringar via statsbudsjettet. Fordelinga blir varsla i Kommuneproposisjonen, og midlane blir tilførde neste budsjettår saman med terminar for rammetilskott og inntektsutjamning. I skattefondsmodellen blir det opprette eit kommunalt næringsskattefond som representerer kommunane samla som ein ny, felles skattekreditor. Fondet blir tatt inn i skattelovgjevinga med ein eigen skattøyre av overskottsskatten, mot at statsskatten blir redusert tilsvarande. Modellen inneber at skatteinntektene til fondet blir ståande inntil likninga ligg føre. Oppgjer av inneståande skjer etter at Skattedirektoratet har berekna og kvalitetssikra fordelinga mellom kommunar ut frå koplinga mellom data for skatt og sysselsetjing. Fylkeskommunane blir ikkje omfatta av reforma.

Ei tilføring av ein del av selskapsskatten til kommunane vil ikkje komme i tillegg til kommunane sine andre inntekter. Då den kommunale selskapsskatten blei avvikla frå 1999, blei kommunane kompenserte gjennom auka personskattar. Dersom ein gjeninnfører ein form for kommunal selskapsskatt, må ein i tråd med dette redusere andre kommunale inntekter tilsvarande. I sine berekningar av fordelings- og incentivverknadene la arbeidsgruppa til grunn at dei kommunale skattøyrane for personlege skattytarar på landsbasis blir reduserte med eit beløp tilsvarande kommunanes proveny frå selskapsskatten for 1998, det vil seie om lag 6 milliardar kroner. Dette tilsvarer vel 15 prosent av skatten.

Incentiva til å utvikle næringslivet er knytte til kor stor del av ei auke i dei lokale skatteinntektene ein kommune vil sittje igjen med etter skatteutjamning, dersom talet på arbeidsplassar i kommunen aukar. Dei avheng ikkje av kor store inntekter kommunen har samla sett. Ein kan derfor handsame spørsmålet om tilbakeføring av selskapsskatt uavhengig av spørsmålet om kor store inntekter kommunane skal ha.

Utrekningane til arbeidsgruppa synte at ei tilbakeføring av ein del av kommunal selskapsskatt i utgangspunktet vil gi store omfordelingsverknader og større inntektsforskjellar mellom kommunane. Nærare 40 prosent av dei samla etterskottskattene vil tilfalle Oslo og Bærum. Dei langt fleste kommunane vil få et varig lågare inntektsnivå som følgje av ein omlegging. Omfordelingsverknadene kan dempast dersom ein lar kommunane sine inntekter frå overskottsskatten inngå i systemet for skatteutjamning, slik det var før kommunal selskapsskatt blei avvikla frå 1999. Dette inneber samstundes at incentivverknadene av ordninga blir små, fordi mange kommunar berre vil behalde 10 prosent av ein auke i skatteinntektene med dagens utjamningssystem.

For å styrke incentiva til næringsutvikling ved ei tilbakeføring av ein del av selskapsskatten til kommunane, kan det samtidig leggjast om til symmetrisk utjamning av skatteinntekter. Symmetrisk utjamning inneber at kompensasjonsgraden blir sett lik trekkgraden i utjamninga, for eksempel til 50 prosent, jf. omtale i Kommuneproposisjonen for 2002. Alle kommunar med skatteinntekter under landsgjennomsnittet blir omfatta av kompensasjonsordninga, medan alle kommunar over landsgjennomsnittet blir omfatta av trekkordninga. Opplegget kan kombinerast med ein ekstra kompensasjon av kommunar med låge skatteinntekter etter mønster av ordninga i Danmark. Ein omlegging av utjamningssystemet i denne retninga vil moderere Omfordelingsverknadene ved tilbakeføring av selskapsskatten, samtidig som incentivgraden aukar.

Som Regjeringa varsla i Kommuneproposisjonen for 2004, vil Kommunal- og regionaldepartementet og Finansdepartementet i eit eige høringsnotat komme med forslag til modellar for å tilføre kommunane ein del av inntekta frå selskapsskatten og forslag til omlegging av inntektsutjamningsordninga. I høringsnotatet vil det bli gitt ein breid omtale av modellane for tilbakeføring av selskapsskatt og for omlegging av inntektsutjamninga. Regjeringa vil i lys av høringsmerknadene komme tilbake med eit endeleg forslag i Kommuneproposisjonen for 2005. Målet er å gjennomføre endringa frå 2005.