Post 1 er foreslått redusert med 12,695
mill. kroner. Reduksjonen gjeld følgjande:
– 72,3 mill.
kroner i meirinntekter - i hovudsak på kap. 4731 Hæren,
67 mill. kroner.
– 1,265 mill. kroner er tilført
frå post 90 Lån til private.
– 8 mill. kroner er tilført
frå post 70 Renter låneordning.
30 mill. kroner er tilført kap.
1792 Norske styrkar i utlandet i samband med at eit norsk sikringskompani
skal stasjonerast i Afghanistan i samband med at landets grunnlovgivande
forsamling Loya Jirga trer saman i desember 2003. 10 mill. kroner
vert foreslått tilleggsløyvd medan 20 mill. kroner
vert foreslått omdisponert frå kap. 1710 post
47.
– 18 mill. kroner er tilført
kap. 1732 Sjøforsvaret frå kap. 1710 post 47 i
samband med finansiering av kostnader i samband med brannen på KNM
Orkla.
– 6 mill. kroner er tilført
kap. 1700 post 1 frå kap. 1710 post 47 i samband med overføring
av militære stillingar frå Forsvarets overkommando
til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk leiing.
– 42 mill. kroner er midlar foreslått
flytta til post 50 i samband med finansiering av utgifter til Statens pensjonskasse.
– reduksjon på 0,003
mill. kroner er tilbakeført statskassen grunna ein feil
i samband med soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003),
jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003).
– reduksjon på 106,614
mill. kroner som er tilbakeført statskassen grunna overskridingar
i 2002.
Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar
basert på analysar og vurderingar inkludert prognosar for
forbruk på slutten av året. Følgjande
vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:
Posten er foreslått auka med netto
32 mill. kroner på post 1. Auken skal dekkje lønsutgifter
ved overføring av militære stillingar frå Forsvarets
overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk
leiing (26 mill. kroner), og administrative kostnadar i denne samanhengen
(6 mill. kroner).
Posten er foreslått redusert med 2,1
mill. kroner til dekking av ymse meirbehov på andre kapittel
og postar.
Posten er foreslått redusert med 24,8
mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til
og frå kapitlet i samband med naudsynt styrking av tenesta i
samsvar til oppdragsmengda ved Felles operativt hovudkvarter, midlar
til overføring av militære stillingar frå Forsvarets
overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk
leiing. Vidare er utgifter flytta til andre kapittel i samband med
fastsetjing av ny husleige til Forsvarsbygg.
Posten er foreslått auka med 2 mill.
kroner som gjeld dekking av utgifter til drift av varslingssystem
for digital infrastruktur (VDI) i 2003.
Posten er foreslått redusert med 60,5
mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar. Kapitlet
er tilført middel i samband med meirinntekter på kap.
4731 (67 mill. kroner), og middel for naudsynt styrking av tenesta
i samsvar med oppdragsmengda (60 mill. kroner). Samtidig er kapitlet
redusert i samband med at utgifter til internasjonale operasjonar
feilaktig var budsjettert både på kap. 1731 og
kap. 1792 (70 mill. kroner som er tilført andre kapittel
og postar etter behov), gevinstrealisering etter innføring
av FISBasis (60 mill. kroner) og tilbakeføring av midlar
til statskassen grunna overskridingar i 2002 (50,4 mill. kroner).
Posten er foreslått auka med 39,8 mill.
kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar. Omdisponering
til kapitlet er i samband med ny fastsetjing av husleigekostnader
(57,9 mill. kroner), overtaking av oppgåver i Harstad-området
og Ulven leir i Bergen (16,5 mill. kroner), tilføring av
midlar for naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda
(16 mill. kroner) og langtidslagring av stasjonære kystartillerianlegg
(8 mill. kroner). I tillegg er kapitlet tilført midlar
til dekking av Sjøforsvarets meirkostnader i samband med brannen
på KNM Orkla (18 mill. kroner). Omdisponering frå kapitlet
gjeld tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar
i 2002 (38,8 mill. kroner), gevinstrealisering etter innføring
av FISBasis (31,1 mill. kroner) og overføring av oppgåver
til andre kapittel (8,6 mill. kroner).
Posten er foreslått redusert med 107,4
mill. kroner. Reduksjonen skuldast omdisponering frå kapitlet
i samband med ny fastsetjing av husleigekostnader (72,1 mill. kroner)
og gevinstrealisering etter innføring av FISBasis (37,8
mill. kroner).
Posten er foreslått redusert med 16,2
mill. kroner som i hovudsak skuldast ny fastsetjing av husleigekostnader.
Posten er foreslått auka med 38,8 mill.
kroner som i hovudsak skuldast gjennomføringskostnader
til FLO.
Posten er foreslått auka med 20,2 mill.
kroner som i hovudsak gjeld midlar til naudsynt styrking av tenesta i
samsvar til oppdragsmengda.
Posten er foreslått auka med 30,4 mill.
kroner på post 1. Auka gjeld naudsynt styrking av tenesta
i samsvar til oppdragsmengda (38 mill kroner), og tilbakeføring
av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002 (6 mill.
kroner).
Posten er foreslått auka med 30 mill.
kroner i samband med at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast
i Afghanistan i samband med at landets grunnlovgivande forsamling
Loya Jirga trer saman i desember 2003.
Posten er foreslått auka med 8,3 mill.
kroner grunna ny fastsetjing av husleige til Forsvarsbygg og restfinansiering
av Forsvarets musikk.
Posten er foreslått auka med 458,4
mill. kroner. Det er foreslått ei omfordeling mellom post
24 og post 47 med 458,4 mill kroner grunna feil fordeling mellom drift
og investering på budsjetteringstidspunktet (141 mill.
kroner), behov for gjennomføringskostnader (248 mill. kroner)
og tilpassing av bygningsmassen som var budsjettert av Forsvarsbygg,
men ikkje vart utført eller bestilt/betalt av
Forsvarets militære organisasjon (69 mill. kroner).
Posten er foreslått redusert med 11,3
mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet
som vert foreslått nytta til dekking av ymse meirbehov
på andre kapittel og postar.
Posten er foreslått auka med 109,4
mill. kroner.
Hovudendringar:
– 12 mill.
kroner skuldast utbygging av eit kommunikasjonsknutepunkt på Akershus
festning som vil inngå i den permanente infrastrukturen
for området.
– 8 mill. kroner skuldast naudsynte
investeringar etter varmgang i serverrom i Forsvarsdepartementet.
– 11 mill. kroner skuldast auka
behov for mobile løysingar og nytt tryggleikssystem i FD
etter innføring av integrert strategisk leiing.
– 10 mill. kroner skuldast utgifter
til ombygging/inventar/garderobar etter innføring
av integrert strategisk leiing.
– 40 mill. kroner skuldast forserte
utbetalingar i samband med aktivitetar innan miljøvern
og forureiningsproblematikk og forskings- og utviklingsaktivitetar
innan fortifikasjon.
– 28,4 mill. kroner gjeld naudsynt
styrking av posten.
Forsvarsbygg sitt kapittel 1710 er redusert
med totalt 600,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast eit forventa mindreforbruk
(174 mill. kroner). Vidare er det foreslått ei omfordeling
mellom post 24 og post 47 med 458,4 mill kroner grunna feil fordeling
mellom drift og investering på budsjetteringstidspunktet
(141 mill. kroner), behov for gjennomføringskostnader (248
mill. kroner) og tilpassing av bygningsmassen som var budsjettert
av Forsvarsbygg, men som ikkje vart utført eller bestilt/betalt
av Forsvarets militære organisasjon (69 mill. kroner).
På kapittel 1760 vert posten foreslått
auka med 32 mill. kroner til finansiering av meirutgifter som følgje av
flytteutgifter i samband med integrert strategisk leiing.
Posten er foreslått redusert med 2,181
mill. kroner som skuldast tilbakeføring av midlar til statskassen grunna
overskridingar i 2002.
Posten er foreslått auka med 42 mill.
kroner i samband med finansiering av meirutgiftar til Statens pensjonskasse.
Posten er foreslått redusert med 8
mill. kroner i samband med eit mindrebehov til rentestønad
i Befalets låneordning.
Posten er foreslått redusert med 23
mill kroner. Årsaka til mindrebehovet er færre
utbetalingar enn planlagt på Noregs del til NATO-prosjekt.
Posten er foreslått auka med 23 mill.
kroner. Meirbehovet skuldast auka aktivitet i samband med krisehandtering.
Posten er redusert med 1,2 mill. kroner grunna
forventa mindreutgifter på låneordninga.
Det er registrert netto meirinntekter på 72,765
mill. kroner.
Posten er auka med 72,365 mill. kroner. Auken
på kap. 4731 gjeld sal av overskotsdrivstoff (50 mill.
kroner), og utleige av ARTHUR lokaliseringsradar (17 mill. kroner).
Vidare er det registrert ei meirinntekt på 8,2 mill. kroner
på kap. 4725 i samband med utleige av hyblar og bustader.
Det er registrert ei mindreinntekt på kap. 4720 med 2,9
mill. kroner som gjeld reduserte bonusinntekter frå sivile
flyselskap.
Posten er redusert med 0,6 mill. kroner som
følgje av reduserte renteinntekter frå Forsvarets
og Befalets låneordning. Kap. 1725 er auka tilsvarande.
Posten er auka med 1 mill. kroner grunna høgare innfriingstakt
enn rekna med på lån gjevne til bustadformål.
Kap. 1725 er redusert tilsvarande.